1. januar kvart år trer fleire nye lover og endringar i kraft. Nokon påverkar mange, nokon påverkar få.
Her er det ei oversikt over nokre av dei viktigaste endringane:
Enklare å få gjeldsordning
Det blir lettare å få gjeldsordning etter nyttår.
Kravet om at du må ha forhandla med kreditorane først, blir fjerna.
Du kan også enklare søke om gjeldsordning fleire gonger. Før kunne du berre gjere dette ein gong i livet.
Gjeldsordning er ein avtale om å betale ned mest mogleg på gjelda i ein avgrensa periode, som hovudregel fem år, mot å få sletta restgjelda.
Det kan du få ved å vende deg til den lokale namsmannen.
Forboden å gifte seg med søskenbarnet
Frå første 1. januar kan du ikkje gifte deg med nære slektningar.
Forbodet gjeld ekteskap mellom søskenbarn. Det gjeld også mellom ei tante eller onkel som den eine parten og ein nevø eller niese som den andre parten.
Ekteskap mellom nære slektningar som er inngått i utlandet, vil heller ikkje bli anerkjent dersom éin av partane er norsk statsborgar eller busett i Noreg.
Formålet med forbodet er å motverke helseskadar hos barn, samt motverke tvangsekteskap og negativ sosial kontroll.
Lovendringa inneheld likevel ein dispensasjonstilgang. Den kan brukast dersom sterke grunnar taler for det.
Må betale meir før du får straumstøtte
Sidan desember 2021 har regjeringa hatt ei straumstøtteordning som skal hjelpe folk med straumprisane.
Frå nyttår aukar terskelverdien for berekning av straumstøtte frå 73 til 75 øre/kWh (minus meirverdiavgift).
Det betyr at du må betale meir før du får straumstøtte.
Når prisen i enkelttimar går over 75 øre/kWh, vil straumstøtta dekke 90 prosent av prisen. Dette varer til desember 2025. Kva som skjer i 2026, står att å sjå.
Lettare å selje varar som går ut på dato
Frå 1. januar blir det enklare for butikkar å marknadsføre varer med kort haldbarheit utan å måtte oppgi ein 30-dagars førpris.
Tidlegare måtte butikkar oppgi den lågaste prisen vara hadde hatt dei siste 30 dagane for å kunne marknadsføre den som sett ned. Dette gjorde det vanskeleg å gi daglege rabattar på varer som raskt går ut på dato, som brød og ferskvarer.
No er det vedtatt eit unntak som lèt butikkar bruke den prisen som blei sett rett før rabatten starta.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe seier i ei pressemelding at dette vil gjere det lettare å selje varer som elles ville blitt kasta.
Du kan tene meir før du må betale skatt
Det neste punktet er godt nytt for alle med sommar- eller deltidsjobb. I 2025 kan du tene opp til 100.000 kroner før du må betale skatt.
Frikortgrensa blir nemleg auka frå 70.000 kroner til 100.000 kroner.
Frikort er eit skattekort som informerer arbeidsgivaren om at det ikkje skal trekkast skatt av lønna di dersom du tener under frikortgrensa.
I 2023 blei grensa auka frå 65.000 kroner til 70.000 kroner.
Aukar personfrådraget
Personfrådraget blir auka frå 88.250 kroner i 2024 til 108.550 i 2025.
Endringane gjeld frå og med inntektsåret 2025.
Personfrådraget er eit botnfrådrag i inntekt. Frådraget er altså ein sum du slepp å betale skatt av. Personfrådraget blir trekt automatisk, og du ser ikkje dette i skattemeldinga di.
Nye cookie-reglar
Frå nyttår trer ei ny forskrift i elektronisk kommunikasjon, også kalla e-kom, i kraft.
Forskrifta utfyller føresegnene til e-komlova med blant anna forsvarleg tryggleik og beredskap, krav om eintydig identifisering, kommunikasjonsvern og geografisk lokalisering av nødsamtale. Det skriv Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i ei pressemelding.
Den nye lova kjem også med ei innstramming av kva som er lovleg bruk av informasjonskapslar, også kalla cookies.
Med innføringa av ny lov følger Noreg etter resten av Europa, og krev mykje tydelegare samtykke for å spore brukarar på nett.
I praksis betyr det at det skal vere like lett å takke nei til cookies, som å takke ja. Det skriv Digi.no.
Hever skattegrensa på utleige av bustad
Frå 1. januar 2025 kan du tene opptil 15.000 kroner skattefritt på å leige ut din eigen fritidsbustad eller bustad i kortare periodar, altså under 30 dagar.
Den tidlegare grensa var på 10.000 kroner. Den har vore uendra sidan 2005.
Avvikling av ekstra arbeidsgivaravgift
Den ekstra arbeidsgivaravgifta på 5 % for lønn over 850.000 kroner blir avvikla. «Frå neste år forsvinn endeleg den forhatte ekstra arbeidsgivaravgifta», skriv Finansavisen.
Sauebønder slepp å tenke på Tsjernobyl-ulykka
Dei siste reguleringane etter Tsjernobyl-ulykka blir avslutta, og sauebønder slepp å måle sauene for radioaktivitet før slakt.
Eigenkapitalkrav ved bustadlån
Kravet til eigenkapital for bustadlån blir senka frå 15 % til 10 %, noko som gjer det lettare for førstegongskjøparar å komme inn på bustadmarknaden.
Fleire unge ser lysare på bustaddraumane etter nedjustering av eigenkapitalkravet, skrev NRK tidlegare i desember.
Stønad til kiropraktorbehandling blir avvikla
Stønaden til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos kiropraktor blir avvikla, noko som betyr at pasientar må dekke heile kostnaden sjølv.
Endringar i dagpengeregelverket
Alderspensjon vil ikkje lenger føre til reduserte dagpengeutbetalingar for dei som får begge ytingar.
Forsørgingstillegg til alderspensjon fell bort
Frå 1. januar 2025 fell retten bort til ektefelletillegg og barnetillegg til alderspensjon. Tillegga har vore gradvis fasa ut sidan 2023.
Utflyttings- eller «exit-skatten» blir skjerpa
«Den største endringa frå tidlegare reglar er at utflyttingsskatten nå faktisk må betalast, sjølv om aksjane ikkje blir realiserte», skriv avisa Kapital.
Lågare drosjeprisar
Frå 15. januar 2025 blir det makspris på praiing av drosjar.
Nullutsleppskrav i ferjeanskaffingar
Det blir innført krav om nullutslepp ved offentlege anskaffingar av ferjer og ferjetenester, som eit ledd i å redusere klimagassutslepp.
Strengare reglar for framande fartøy
Forsvarsdepartementet skjerpar krava for skip som anløper norske hamner. Målet er å gi norske myndigheiter betre kontroll med anløp og ferdsel i norske farvatn.
Publisert 31.12.2024, kl. 07.56