Nikoleta Mladenovski driv med konkurranse innan kroppsbygging.
For å få dei resultata ho ynskjer driv ho med «bulking» og «cutting».
For 19-åringen dreier det seg om å sjå kor langt ho klarar å pushe seg for å oppnå dei resultata ho vil ha.
– Det handlar ikkje om å sjå bra ut, men det dreier seg om å vise at eg kan få det til om eg vil, seier Mladenovski.
Nicoleta er ikkje eit framand ansikt å støte på treningssenteret.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRKDet er nærmare 60 millionar videoar på TikTok som handlar om cutting og bulking. Motivasjonen til treningsentusiastane varierer.
Tal frå SSB viser at 7 av 10 barn seier dei blant anna trener for å sjå bra ut (ekstern lenke).
– Blitt normalisert
Sjølv om Nicoleta i dag trener for å kjenne seg sterk, har det ikkje alltid vore slik.
Allereie som 10-åring fekk ho eit anstrengt forhold til mat og trening, fortelje ho.
– Eg følte meg veldig åleine om alt eg såg og leste på nett om kva ein skulle ete, og då eg ikkje fekk resultata eg ville ha vart eg både sint og lei meg, seier Nicoleta.
I dag seier ho at ting er annleis. Og at ho trener for å kjenne seg sterk.
Nicoleta har eit sunt forhold til kosthald og trening.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKSjølv har ho ein rådgjevar som hjelp ho å ete riktig. Men det er det ikkje alle som har.
Kva tenkjer du om bulk og cut?
Professor åtvårer
– Det er ein unaturleg og usunn måte å ete mat på.
Dei seier professor i klinisk ernæringsfysiologi ved Universitetet i Stavanger, Elisabeth Lind Melbye, som åtvarar born og unge mot trenden.
Professor i klinisk ernæringsfysiologi ved Universitetet i Stavanger, Elisabeth Lind Melbye.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK– Det gjer meg bekymra, for det kan gå ut over det sosiale, og tulle med både den mentale helsa di og metabolismen din, seier Melbye.
Ho påpeikar at ein kan bli for oppteken av mat, trening og få ein sjukeleg trong til kontroll.
Melbye får støtte frå den frivillige organisasjonen Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS).
Rådgjevar for ROS, Vetle Olsen Ryum.
Foto: Sissel Rikheim / NRK– Å knytte identiteten din opp mot å telje kaloriar, eller om ein et lite eller mykje, det er skummelt og trist, seier rågjevar for ROS, Vetle Olsen Ryum.
Han har sjølv opplevd at tankar om mat og kaloriar har teke over.
– Det er noko som gjev årsak til tvangstankar og eit regime som kanskje berre er sunt for toppidrettsutøvarar, men som vi ser at «alle» praktiserer, seier Olsen Ryum.
Men for Mladenovski har trenden hatt en positiv effekt på forholdet hennes til trening og kroppsbilde.
– Motivasjonen blir å vise for meg sjølv at eg er sterk nok og at eg kan gjere det eg vil. Og gjerne gjere noko som er litt sjukt eller nesten på grensa til usunt, seier ho.
Publisert 26.04.2025, kl. 16.19