«Stranger Things» er ein av dei mest sette seriane i verda.
I natt kom siste sesong. Kor stor den er, blei bekrefta då Netflix krasja i det sesongen sleppte.
I siste sesong får vi sjå Will møte monsteret Vecna.
Foto: Netflix / Handout / Handout / NTB– Eg trur det er den første serien som blei gigantisk gjennom strøyming.
Det seier influensar og programleiar Kristine Arntzen. Ho er superfan av «Stranger Things».
– Det er så utruleg mykje 80-talsnostalgi her, som gjer at serien appellerer til så utruleg mange.
Kristine Arntzen er superfan er Stranger Things.
Foto: Tuva Marie Sørum / NRKSerien er den mest sette engelskspråklege serien på Netflix nokon gong.
Den blir omtalt som eit langt kjærleiksbrev til 1980-talet.
Mykje på grunn av alle låtane som blir brukte i serien, meiner programleiar og musikkjournalist Sandeep Singh.
– Sesong etter sesong får serien ein gammal hit opp på listene igjen.
Songane «Should I stay or should I go» av bandet The Clash og «Never ending story» av artisten Limahl er to av songane som blei populære etter «Stranger Things».
– Men det var når songen «Running Up That Hill» av Kate Bush blei spelt i sesong fire at det eksploderte, seier Singh.
Låten gjekk nemleg rett inn på førsteplass på dei globale hitlistene. 37 år etter den kom ut for første gong.
– Den er frå «Stranger Things»
Da NRK spelte låten til personar vi møtte på butikken Outland i Oslo, så var det mange som fekk ein assosiasjon til suksess-serien.
Folk på Outland gjettar kor dei har høyrt songen Running up that hill.
– Skaparane bak «Stranger Things» har klart å gi låtane frå 80-talet ei større rolle i serien enn berre som pynt.
Sandeep Singh håper på meir synth i siste sesong.
Foto: Julia Marie NaglestadI sesong fire er «Running Up That Hill» favorittsongen til karakteren Max.
Serien avslører at ho kan sleppe unna grepet til monsteret så lenge ho høyrer på låten, noko som gjer at han blir fleire gonger spelt gjennom sesongen.
Skodespelarane i serien seier dei ikkje kunne føresjå kor stor del av serien «Running up that hill» ville bli.
– Eg trur genistreken er at musikken blir brukt i plottet til serien og at den ikkje berre er tilfeldig plassert, seier Sadie Sink, som speler karakteren Max, i eit intervju med Spotify.
Før serien kom ut natt til torsdag var Singh nysgjerrig på kva slags låtar siste sesong ville trekke fram.
– Kim Wildes versjon av «Keep Me Hanging On», eller New Order med «True Faith» hadde vore kreative val.
– Eg reknar med at dei går for ein britisk syntete låt denne gongen her òg.
Røpealarm
Men han treng ikkje lure lenge.
Dei fire første episodane kom i natt. Så nå veit vi nokre av låtane som dukkar opp i siste sesong.
Om du ikkje vil få songane avslørt, bør du slutte å lese nå!
Publisert 27.11.2025, kl. 11.36 Oppdatert 27.11.2025, kl. 12.00

















English (US)