Nesten 300 pasientar ramma av ny feil i Helseplattforma

2 days ago 5



Helseplattforma har oppdaga ein ny feil som har ført til at 291 pasientar i Helse Møre og Romsdal ikkje har blitt vist vidare.

Fleire av pasientane har ikkje blitt sett på ventelister for vidare oppfølging, skriv dei sjølve.

Feilen blei oppdaga fredag 25. oktober.

– Dette skal ikkje skje. Vi beklagar at det ikkje har vore godt nok system for å følgje opp avvika. Vi vil no ta ein gjennomgang av interne prosessar og driftsrutinar for å sjå på korleis vi skal unngå at dette skjer i framtida, seier Siri Berg, konstituert administrerande direktør i Helseplattforma AS.

Dei er i full gong med å undersøke feila i journalløysinga. Systemet for overvaking blei vart retta same dag.

– Vi beklagar på det sterkaste at feilen har ramma pasientar som ventar på oppfølging hos oss. Det er for tidleg å seie noko om feilen vil medføre negative konsekvensar for den enkelte pasient, seier innføringsleiar Henrik Erdal i Helse Møre og Romsdal.

Han seie dei no skal gå gjennom kvar enkelt pasient og sørgje for at dei får den oppfølginga dei treng. Dei som er ramma vil bli kontakta fortløpande.

Henrik Erdal er leiar for innføringsprosjektet for Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal

Innføringsleiar Henrik Erdal i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Helse Møre og Romsdal har varsla statsforvaltaren om avviket.

Riksrevisjonen slakta Helseplattforma

Helseplattforma er eit nytt journalsystem som er innført i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Førre veke kom Riksrevisjonen med ein ny rapport som slakta innføringa av Helseplattforma. Dei meiner den har redusert effektiviteten i pasientbehandlinga og blitt dyrare enn dei trudde.

Riksrevisor Karl Erik Schjøtt-Pedersen meinte at planlegginga, organiseringa og innføringa av Helseplattforma i Midt-Noreg var sterkt kritikkverdig.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Riksrevisor Karl Erik Schjøtt-Pedersen.

Foto: NRK

Publisert 30.10.2024, kl. 18.51 Oppdatert 30.10.2024, kl. 19.20

Read Entire Article