Neste år får dei fleste betre råd

5 hours ago 12



– Me har nettopp flytta frå leilegheit og kjøpt eit hus, så me har ikkje fått spesielt mykje betre råd.

Det seier Martin Dahle Midttun då NRK møter han på Lagunen kjøpesenter i Bergen like før jul.

Ingen av dei andre me møter skryt av å ha fått auka kjøpekraft i året som har gått, heller.

Bedre råd 2024

Småbarnsfaren Martin Dahle Midttun seier han ikkje har stor forhåpningar om at privatøkonomien blir mykje betre til neste år, sjølv om han håpar på rentekutt.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Nei, eg merkar at det har blitt trongare, alt blir dyrare samtidig. Både mat og straum og renter, seier Sigurd Runar Sollien.

Men mange har fått betre råd, ifølge Nordea.

– Meir å rutta med

Dei har tatt utgangspunkt i ein gjennomsnittsfamilie med ei samla inntekt på 1,2 millionar kroner, og eit lån på rundt 4 millionar og rekna på kjøpekrafta i år og til neste år.

– Gitt at dei også har fått ei lønsauke på rundt 5 prosent, som er i tråd med frontfaget, så er det ingen tvil om at dei sit igjen med langt meir å rutta med enn det dei gjorde ved inngangen til året, seier sjeføkonom i Nordea Markets, Kjetil Olsen.

Olsen peiker på at rentene ikkje har auka i år.

A7402082

Sjefsøkonom i Nordea Markets, Kjetil Olsen, seier utrekningar han har gjort støttar opp om tal frå SSB og Noregs bank om auka kjøpekraft.

Foto: Petter Larsson / NRK

– Det gjer at ein stor utgiftspost har stått i ro, sånn at det du sit igjen med, reelt sett har stige meir enn reallønna.

Han seier utrekningane viser betre tider også i 2025.

– Med dei to rentekutta me trur ganske sikkert kjem, og ein lønsvekst i overkant av 4 prosent, så vil kjøpekrafta vera tilbake der den var på topp under pandemien, meiner han.

Torsdag denne veka meldte Norges Bank at styringsrenta mest truleg går ned i mars neste år.

Gjeld langt frå alle

Også tal frå SSB og Noregs Bank viser auka kjøpekraft for hushaldningane i 2024 og gode tider i vente for 2025.

– At folk flest får betre økonomi, det er utvilsamt. Men ein snakkar ofte om gjennomsnittet, og det er mange som ikkje er nettopp gjennomsnittet, seier forskar ved Sifo, Christian Poppe.

SIFO-økonomi

Christian Poppe har forska mykje på privatøkonomien til nordmenn. Han meiner det er viktig å hugsa på at langt frå alle i Noreg er "folk flest".

Foto: Marie Skikstein / NRK

Han meiner dei med dårlegast råd framleis vil slite på nyåret. Spesielt peiker han på at prisane framleis vil stige, sjølv om det skjer i mindre grad enn den enorme prisveksten me har sett den siste tida.

– To til tre prosent prisstigning er bra, men det stig frå eit veldig høgt nivå. Så me vil oppleva av prisane fortset å vera høge på heilt sentrale varer og tenester, seier han.

– Og det vil jo prega dei som er dårlegast stilt frå før.

Poppe meiner også at langt frå alle får ei lønsauke i tråd med frontfaget, som utrekningane har tatt utgangspunkt i.

Trur ikkje heilt på det

Leiar i Nordea Bank Noreg, Randi Marjamaa seier det finst mange teikn på at 2025 blir eit godt år for næringslivet og folk flest.

Og i løpet av 2024 har kundane blitt betre på spesielt éin ting:

– Dei har begynt å spara mykje meir. Me sparer rundt det dobbelte som i fjor. Ein førebur seg på eventuelle nye sjokk, slik som ein opplevde med straumprisane i 2023, seier Marjamaa.

Nordea Økonomi Randi Marjamaa

Leiar i Norde Bank Noreg trur mange nordmenn er meir redde for store sjokk i utgiftene, slik som straumsjokket i 2023, og at ein derfor er blitt flinkare til å spara.

Foto: Marie Skikstein

På Lagunen kjøpesenter er det mange som håpar at tala viser seg å stemme for neste år. Men dei fleste har sine tvil.

– Eg kjem ikkje til å bruka noko meir pengar på julehandel i dag fordi dei spår betre tider til neste år, for å seie det slik. Eg trur det er litt overoptimistisk, med tanke på alt som går føre seg i verda, seier Andreas Sveen.

For småbarnsfaren Martin Dahle Midttun var oppgradering frå leilegheit til hus langt frå ein sjølvfølge i dagens økonomi.

– Me tok ein sjanse på att det skulle gå litt betre framover. At rentene går ned og ting blir betre, seier han.

Publisert 22.12.2024, kl. 19.47

Read Entire Article