Nektar for gruppevaldtekt: Googla korleis sleppe straff

2 weeks ago 11



Dag 2 i gruppevaldtektssaka i Sogn og Fjordane tingrett held fram i dag.

Her står tre unge nordfjordingar tiltalte for å ha gruppevaldteke ei tenåringsjente ute på eit jorde i Stad 27. januar i fjor.

Dei nektar straffskuld.

Viste snap-video frå kvelden

I retten blei ein snapchat-video på tre sekund spelt av.

Den viser ein av dei tiltalte mennene som har sex med jenta ved fleire rundballar.

Den viser at den tiltalte held jenta med armane sine.

Aktor Magne Kvamme Sylta spurde kvifor; om det var fordi ho ikkje greidde å stå sjølv, eller om det var for å halde henne fast.

Tiltalte hevdar samleiet var frivillig.

Alle dei tre tiltalte har vedgått seksuell omgang med jenta, både ved rundballane og ein verkstad like ved. Men dei står framleis fast på at det var frivillig.

Søkte på valdtekt og korleis kome unna straff

Dei tre tiltalte forklarte seg roleg i retten i dag.

Den fornærma jenta følgde også forklaringane.

Sogn og Fjordane tingrett

I dag har dei tre tiltalte forklart seg i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Astrid S.Korsvoll / NRK

Også ho var roleg. Ho sette blikket i fleire av dei tiltalte fleire gonger under forklaringane deira.

Ein av dei tiltalte forklarte at det siste året har vore svært tungt for han.

– Eg blei sjokkert då eg blei arrestert for valdtekt, sa han.

Men i retten blei mannen konfrontert med at han dagen etter hendinga, søkte på nettet om korleis sleppe unna straff.

Han søkte også på omgrepet valdtekt, og kva som ligg i dette.

– Kvifor hadde du behov for å lese om valdtekt, dersom du og jenta hadde frivillig sex, spurte aktor.

– Eg hadde høyrt om andre ungdommar, så eg ville berre sjekke. Eg må berre gjenta at eg ikkje har gjort noko gale, sa han.

I retten kom det fram at tiltalte skal ha halde olbogen rundt halsen på fornærma slik at ho fekk vondt.

bistandsadvokat ann mari bjørlo i gruppevaldtektssaka sogn og fjordane tingrett

Ann- Mari Bjørlo er bistandsadvokat til jenta, som er i slutten av tenåra.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

Ifølge aktor skal tiltalte ha tatt pannebandet sitt rundt halsen til jenta under samleiet.

Aktor pressa dei tiltalte hardt på at dei har endra forklaring undervegs i saka, der det først blei nekta for seksuell kontakt.

Aktor meiner jenta var rusa og ute av stand til å motsette seg hendinga.

Dette pressa han hardt på dei tiltalt.

Dei har på si side sagt to ulike ting: Både at jenta verka veldig full, men også at ho verka «heilt vanleg».

Skal ha ledd av fornærma si forklaring

Då retten starta i dag, tok aktor opp ei hending frå dagen før.

Under fornærma si forklaring måndag, sat dei tre tiltalte i eit anna rom og følgde saka gjennom ei videolenke.

Også TV 2 følgde saka via videolenke, og såg også dei tre tiltalte i bakrommet.

Då ho begynte å grine og måtte ta ein pause, skal to av dei to tiltalte ha brote ut i latter.

Då ho ikkje hugsa namnet på ein person ho blei spurt om, skal dei ha tatt ein «low five».

Årsaka til desse reaksjonane er ukjent – om det var jenta si forklaring, eller andre ting.

Men aktor var klar i sin tale i retten:

– Eg reagerer veldig sterkt på dette, seier Sylta.

– Dette er heilt uakseptabelt. Nokon gonger kjem verkelegheita inn medan vi held på her.

Dommar Terje Mowatt, bistandsadvokat Ann Mari Bjørlo og forsvararane var heller ikkje klar over det som skjedde på bakrommet.

Dommaren samla forsvararane, aktor og bistandsadvokat til eit lite møte om kva som skal ha skjedd på bakrommet.

Til NRK vil ikkje aktor kommentere saka noko vidare.

Forsvarar Paul-Inge Angelshaug, seier at dei tiltalte ikkje var klar over at dei blei filma.

– Men generelt sett: Uansett kva rolle ein har i slike type rettssaker, så skal ein opptre høfleg og med respekt for alle involverte, seier Angelshaug.

Vitne: – Blei drege ut av bil og avkledd

Eit vitne var saman med dei tre tiltalte og fornærma den aktuelle kvelden.

I ein snap har denne tenåringsguten skrive om hendinga i ei snapchatgruppe.

Aktor viste fram snappen i retten.

Her skriv vitnet at fornærma eigentleg skulle verte køyrd til vaksne denne kvelden fordi ho var så rusa.

Men i staden for, køyrde bilen i motsett retning til eit jorde med mange rundballar.

Ifølge vitnet blei jenta teken ut av køyretøyet, kleda blei tekne av, før dei tiltalte deretter hadde sex med henne.

Tenåringsguten skriv vidare at han prøvde å stoppe det, og at jenta skreik. Guten blei «stressa» og reiste frå staden, men kom tilbake litt seinare ilag med andre.

Fornærma låg då på bakken.

Ein av dei tiltalte avviste dette og sa at «alt» i denne Snapchat- teksten feil.

Det same vitnet, som altså sat i bilen i forkant av hendinga, har også fortalt at dei tiltalte skal ha snakka om at dei skulle «pule» jenta.

Tiltalt nummer to sa i retten at saka hadde påverka han mykje.

– Eg er lei meg for det som skjedde i etterkant. Men eg følte ikkje det var noko utnytting.

Publisert 21.01.2025, kl. 15.41

Read Entire Article