Nedgang i salet av øl frå mikrobryggeri, men Morten (86) satsar for fullt

1 month ago 18



– Vi trur at kvalitet og kunnskap skal gjera at dette går bra, seier Morten Svensson i det nystarta mikrobryggeriet Tøsse Brygghus på Osterøy utanfor Bergen.

Dei nyaste tala frå Bryggeri- og drikkevareforeningen viser ein nedgang på 16,7 prosent frå april 2023 til april 2024.

Det betyr at salet av øl frå såkalla småskalabryggeri gjekk ned frå 816.877 liter til 680.478 liter.

– Når folk har dårlegare råd, kjøper dei billegare produkt. I tillegg har grensehandelen auka mykje, seier Hege Ramseng som er kommunikasjonssjef i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

– Folk vel billegvariantar

Ein boks med øl frå mikrobryggeri kan kosta mange kroner meir enn øl frå dei store produsentane.

I fjor haust la foreininga fram liknande tal, saman med Stiftelsen Norsk Mat. Dei viste det lågaste salsvolumet sidan 2019 for norsk småskalaøl.

– Det siste året har vi sett tydelege teikn på at folk strammar livreima, og på ølmarknaden inneber det at folk oftare vel billegvariantar, sa foreininga i ein kommentar til undersøkinga i haust.

Morten Svensson på Tøsse Brygghus

Morten Svensson framfor dei store metalltankane der ølet blir lagra fram til det blir tappa over på boksar. Pensjonisten bidrar på bryggeriet, men det er sonen Per Helge Svensson som er hovudeigar og dagleg leiar.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Satsar i motvind

Fleire mikrobryggeri slit med å få produksjonen til å løna seg. Lysefjorden Mikrobryggeri i Bergen la nyleg ned drifta. Blant anna var det på grunn av utfordrande økonomi, ifølgje Bergens Tidende.

Omtrent samtidig starta ivrige ølbryggarar i nabokommunen Osterøy opp eit heilt nytt mikrobryggeri.

– Her er dei seks tankane der vi lagrar ølet, seier Morten Svensson når han stolt viser det nye mikrobryggeriet Tøsse Brygghus på Tyssebotn.

86-åringen er blitt pensjonist, men bidrar i bryggeriet. Når sonen er på ferie, er det han som tar NRK med på omvisning.

Dei har fått med seg at mange mikrobryggeri kjempar i motbakke, men har likevel stor tru på sitt eige prosjekt.

– Ølet har blitt veldig godt tatt i mot, seier Morten Svensson.

Han legg også til at selskapet har eit godt økonomisk grunnlag for satsinga, og kan tola at det går ei viss tid til å etablera seg i marknaden.

Bak Tøsse Brygghus står den tradisjonsrike møllebedrifta Tøsse Mølle, som har spesialisert seg på havregryn. Dei har blant anna fått med seg ein av grunnleggarane av sørlansdbryggeriet Nøgne Ø i den nye satsinga på ølbrygging.

Ølboksar klare til å bli fylte med øl på Tøsse Brygghus

Ølboksar klare til å bli fylte med øl på Tøsse Brygghus.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Verst for dei minste

Bryggeri- og drikkevareforeningen seier det er dei minste mikrobryggeria som slit mest med økonomien.

– Det er tyngre for dei aller minste, med dyre råvarer, dyr straum og kostbar distribusjon. Så relativt sett blir dette dyrare for dei små. Du må gjerne opp på eit visst nivå før du kan leva av det, seier kommunikasjonssjef Hege Ramseng i foreininga.

Mange av dei som er litt større går mykje betre økonomisk. Ramseng trekkjer blant anna fram bryggeriet 7 Fjell i Bergen.

– Vi ser at det er ein del mellomstore bryggeri som greier seg veldig godt. Dei som leverer på innovasjon og greier å laga gode produkt greier seg godt, seier ho.

Hege Ramseng i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

kommunikasjonssjef Hege Ramseng i Bryggeri- og drikkevareforeningen seier at ein del av mikrobryggeria greier seg godt, trass i at det totale salet går ned.

Foto: Bryggeri- og drikkevareforeningen

Foreininga meiner det er mange gode grunnar at mikrobryggeria bør ha livets rett.

– Det er viktig fordi det handlar om lokal identitet, lokal stoltheit og arbeidsplassar i distrikta. Og så er det sjølvsagt viktig at vi har breitt utval av ølsmakar og opplevingar, seier kommunikasjonssjefen.

Dei vil jobba med å betra dei generelle rammevilkåra, blant anna avgiftsnivået på øl.

– Så kan vi jo berre appellera til folk om å kjøpa norske produkt.

– Generell nedgang

Professor Tor W. Andreassen ved Noregs handelshøgskule (NHH) peikar også på andre faktorar som kan forklara nedgangen for mikrobryggeria.

– Dei siste åra har vi sett at folk er meir bevisste omkring helse og velvære, som har ført til ein reduksjon i alkoholforbruket generelt. Dette påverkar også småskala øl, meiner han.

Andreassen seier at dei store bryggeria har køyrt kampanjar, og at småskala bryggeri slit med å konkurrera mot dei. I tillegg strevar mange mikrobryggeri med ettervirkningar av pandemien, då mange av utestadane som selde ølet deira var nedstengde.

– Til slutt har vi dei økonomiske faktorane. Auka kostnadar for råvarer, produksjon og distribusjon har pressa marginane for småskala bryggeri. Kombinert med at forbrukarane er blitt meir kostnadsbevisste, har dette ført til lågare sal, ifølgje professoren.

Publisert 03.08.2024, kl. 17.15

Read Entire Article