Når bestemor sit fast på Pinterest

3 hours ago 2



KOMMENTAR: Barndommar og timar i våre vaksenliv forsvinn i eit svimlande tempo rett under fingrane våre. Algoritmane kjenner jo ingen aldersgrenser.

Ein snakkar mykje om nettets verknad på barn og unge, men mindre om dei eldste blant nettbrukarane. Kanskje dei også treng å beskyttast? Foto: Shutterstock
  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Bestefar mista lysten på bøker fordi han fekk eit hekt på youtube-videoar som syttiåring, og bestemor sit fast på Pinterest.

Me er alle fanga i algoritme-nettet, dopamin-junkiar som sit og fingrar med skjermane våre i timevis kvar dag. Dei ivrigaste av oss skrollar fleire kilometer til dagen, på jakt etter kva?

No har stadig fleire fått det for seg at ein skal prøva å få litt av tannkremen inn i tuba att? Men kan det gå godt?

Blir det skrolleskam nå?

Kan skrolling bli som røyking, eller blotting på bussen?

For tida er det mykje snakk om dei yngste. I Australia er unge under 16 år stengde ute frå sosiale medium. I Norge har ein også planar om å heva aldersgrensa for bruk av sosiale medium, og i mange skular prøver ein no å avgrensa barns tilgang til smarttelefon.

I Australia er unge under 16 år stengde ute frå sosiale medium som Instagram og Facebook. Foto: Hollie Adams / Reuters

Smarttelefonane tek frå barn fri leik, leseglede- og evne. No sit dei med stiv nakke i sofaen og spelar Roblox med vener som sit i andre hus. Dei går til og frå skulen med nasen limt til telefonen, i klasseromma summar hjernane kvilelaust, dei tel ned til mobilhotellet endeleg blir låst opp. For dei dopaminjaga elevane blir lærarane berre gråe bjeffande skuggar i krokane. Ingen vanleg dødeleg lærar eller stressball kan konkurrera mot Tiktoks tidtrøyte.

Smarttelefonfri barndom

Dei siste åra har kampen mot smarttelefonar og barns skjermtid blitt meir høglydt. Aksjonen Smarttelefonfri barndom har no spreidd seg til 260 skular., der foreldreutvala har forplikta seg til å jobba for at ingen elevar får smarttelefonar i barneskulen.

Forfattar Maja Lunde og skodespelar Ane Dahl Torp er også blant dei som har markert seg i denne kampen mot skjerm.

Utfordringa er at det å visa måtehald med skjerm blir eit nytt klasseskilje. Digital reinslighet kan bli den nye måten å vera slank på, medan digital fråtsing blir ein markør på krevjande liv prega av fattigdom og mangel på kulturelle og sosiale ressursar.

Kampen mot smarttelefonar for barn og aldersgrenser på sosiale medium er nemleg ei kampsak først og fremst blant menneske i dei øvste samfunnslaga, dei med mykje kapital av alle slag, som har tid, råd og overskot til å gi barna gode og meiningsfulle alternativ til den maniske skrollinga.

Men kva med den slitne åleineforsørgaren som etter ein lang dag på jobb skal laga middag til sine like slitne barn. Greier hen å stå imot barnas nettmas, og har hen råd til å betala for fekting, fotball og hockey for å distrahera barna sine frå telefonane?

Og kor lett vil det bli å laga tiltak som effektivt beskyttar barna våre mot det me er avhengige av sjølv? Det kan bli langt mellom ord og handling dersom vaksne sjølv held fram med å pøsa millionar av minutt rett ned i techgigantane sitt kaninhol. Så lenge nettet der ute er skrudd saman slik det er, kan me nok ikkje brått avoppfinna effekten det har på oss alle, barn som vaksne.

For me skal jo bare sjekka noko.

Korleis redda ein eldtopp som skrantar?

AI-har svaret.

Kva kan ein raud flekk på låret bety?

Det sponsa svaret frå Doktor Google kan få folk til å kvitna, og så sjekkar ein endå meir. Og AI er alltid på tilbodssida.

Små og store, me sjekkar og sjekkar. Kva gjorde me før all denne sjekkinga tok overhand?

Korte tankar og lange tankar

Me opna tunge leksikon, elles klauv me i tre, drodla i margar, beit i blyantar og viskelêr. Sannsynlegvis kjeda me ofte vitet av oss mens me såg regnet laga striper på vindauga og strå vaia i vinden. Vårt tidtrøyte var å dukka inn i tjukke bøker og brodera svære dukar, i lange tider skjedde det likevel nesten ingenting, samanlikna med dagens cybersurr.

Eg trur mange vaksne hadde blitt overraska og kanskje litt forferda om ein på magisk vis kunne krope inn i sin eigen hjerne 30 år sidan. Det må ha vore ein svært fredeleg stad.

Verdas menneske skrollar i snitt rundt 2,5 timar per dag på sosiale medium. Nordmenn er over snittet med ca. 4 timar på nett dagleg. Mykje av tida blir brukt til skrolling, gjerne fleire titals meter kvar dag. Algoritmane er som ein klissete bolledeig som limer seg til hjernevinningane våre.

Våre nye heltar

Men nokon få tek grep. Dei startar scrollechallenge, låser smarttelefonar inn i på loft og i kister, dei set på tidslås, fjernar appar, skrur av alle fargar og varsel, for å komma fri frå algoritme-dopet som techgigantane har pusha på oss.

Som slankarar står dei avnetta fram i media, men no er den svære buksa erstatta med ein enkel dumtelefon som rekvisitt på bilda.

Å avnetta seg kan samanliknast med slanking. For nettet er blitt omtrent like viktig for oss som mat. Heile liva våre ligg på dette nettet, viktig og uviktig, nyttig og unyttig i eit salig samansurium.

Å skru av internett ville ført til at det moderne samfunnet kollapsa, så mykje tannkrem får ingen tilbake i tuba. Dermed gjeld det å læra seg måtehald både når det gjeld mat og internett.

Men kunne ein sett for seg ei verd utan manipulerande algoritmar og ekte sosiale medium, slik det var då nettet var nytt? Ifølge Jonas Floberg Åkre i Hudd, eit norsk sosialt medium, starta problema då sosiale medium gjekk frå å vera sosiale til å bli algoritmestyrte.

Ifølge Åkre er det nemleg algoritmane som er problemet, debatten om aldersgrenser og smarttelefonar er etter hans syn ei avsporing. Algoritmar er designa for å skapa sterke kjensler og dei fungerer dårleg for det lokale, nære og ekte. Fellesskapa taper når engasjement og underhaldning alltid blir prioritert. Me må altså stille spørsmål ved heile logikken som styrer plattformene me bruker, først då kan avvenninga av store og små nettavhengige starta.

Publisert:

Publisert: 30. desember 2025 13:55

Read Entire Article