Nå kjem OL-nedturen: Sov opp mot 16 timar i døgnet

1 month ago 25



Verdas augelokk har lagt seg over dei olympiske leikane i Paris, og draumar er både oppfylte og knust. Begge utfall kan føre til knallharde mentale kampar.

– Heilt grufullt. Det er berre heilt tomt. Heilt, heilt tomt.

Det seier skyttaren Jeanette Hegg Duestad om fenomenet som har fått namnet «post-Olympic blues».

På norsk kunne det vore freistande å omsett det til «OL-depresjon», men «OL-nedstemtheit» eller «OL-tomheit» er meir rett. For fenomenet er ikkje ei diagnose.

Men la det ikkje vere nokon tvil: Nå startar nedturen for ganske mange av dei nesten 11.000 deltakarane i leikane i Paris.

For uansett om gullet vart henta heim eller ikkje, så har årevis med trening og innsats vorte lagt ned for å kome seg til OL. Men vips så var det over, og det er fire år til neste gong.

Duestad er ein av mange OL-utøvarar som har kjent på det før. Etter OL i Tokyo i 2021 fekk ho seg ein skikkeleg smell.

– Eg kunne sove 12-14-16 timar i døgnet, og da eg stod opp så ville eg berre gå og leggje meg igjen. Det var liksom null energi.

Kraftigare enn venta

Og ho er ikkje åleine.

I Tokyo-OL tok Hermann Tomasgaard bronse i segling. I Paris enda han med 5.-plass. At merksemda som OL gjev dett som ein stein i vatn etter leikane er han veldig klar over.

– Eg hadde høyrt om det før Tokyo. Eg var litt førebudd, men ein merkar at det er kraftigare enn ein er vand til.

OL-seglaren frå Drøbak fortel at medietrykket under dei olympiske leikane er noko heilt anna enn dei andre meisterskapa i segling.

Men kva med superstjernene i dei største idrettane?

Dei bør også vere førebudd.

– Ville ikkje vere i live

For sjølv om suksessen er enda så stor, kan også dei aller største få seg ein mental smell når måndagen etter OL kjem bankande på.

Combination picture made on August 11, 2016 shows US swimmer Michael Phelps with the 22 gold medals he won at the Olympic Games in Athens 2004, Beijing 2008, London 2012 and Rio 2016. / AFP PHOTO / STF

Amerikanske Michael Phelps tok i si karriere som symjar 28 medaljar i OL. Heile 23 av dei var av det edlaste metallet: gull.

Michael Phelps i bassenget

Men trass suksessen så var nedturane etter sommarleikane han var med i mange.

Michael Phelps i Athen 2004

– OL i 2004 var min fyrste smak på «post-Olympic blues», har Phelps fortalt til amerikanske NBC News.

I intervjuet med TV-stasjonen fortel tidenes olympiar om nedturane. Fyrst etter Athen-OL, så same regla etter OL i Beijing i 2008.

Phelps symjer

Men det var etter leikane i London i 2012 at Phelps fekk sin tyngste mentale knekk.

Der hadde han akkurat vunne fire OL-gull og to OL-sølv, men han gjekk likevel rett i kjellaren mentalt. Han låste seg inne på rommet sitt, åt ikkje mat og sov heller ikkje.

Phelps gliser med gullmedaljen

– Eg ville ikkje drive med sport lenger. Eg ville ikkje vere i live, har Phelps sagt.

På det lågaste punktet tenkte han altså til og med på å ende livet sitt.

Forskar på fenomenet

Så alvorleg kan det altså vere. Og dette har ein vorte meir og meir klar over dei siste åra.

Etter OL i Tokyo sette Team Danmark i gong ei undersøking for å finne ut korleis utøvarane deira hadde det etter leikane.

Undersøkinga gjekk ut til alle som hadde delteke for Danmark. Om lag halvparten responderte.

Da fann Team Danmark ut at nesten tre av ti utøvarar dei sende til OL rapporterte om mentale utfordringar etter leikane. Enten at dei hadde det under gjennomsnittet bra med seg sjølv eller at dei til og med kjente på symptom for depresjon.

Keely Hodgkinson

Reuters

Keely Hodgkinson (22), 800-meterløpar. Sølv i Tokyo-OL. Gull i Paris-OL.

Eg var 19 år i Tokyo-OL og eg var på ei sky. Ei OL-medalje var noko eg hadde drøymt om.

Da eg kom ned frå skya eg var på, var det som om at dei andre tinga eg brukte å bli glad for, å vere med vener for eksempel, ikkje funka. Eg kjente meg berre trist heile tida. Det var vanskeleg. For ein endar med å tenkje: Livet mitt er jo bra, kva er det eg har å vere trist for da?

Siobhan står med medalje og gliser

Reuters

Siobhan-Marie O’Connor, symjar. Sylv i OL i Rio 2016

Om lag ein månad etter medaljen i OL, så hugsar eg at eg var på ferie med familien min, da eg plutseleg berre byrja å grine. Det var ikkje fordi eg var glad – eg var fullstendig fortapt og tenkte «kva nå?». Eg veit korleis eg hadde det, og korleis andre hadde det, det var veldig hardt. Eg opplevde at det ikkje var noko meining for meg. Alle gjekk vidare og eg fekk ikkje prate om Rio meir.

Adam Peaty

Reuters

Adam Peaty, symjar. Har tre OL-gull og tre OL-sylv i karrieren.

Eg opplevde ganske brutal «post-Olympic blues» etter Rio-OL. Eg gjekk gjennom ein stor bølgjedal av å kjenne meg fortapt. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere i livet mitt. Eg hadde oppnådd min absolutt draum og Rio var den beste tida i livet mitt. Men ingen førebur deg på kva som skjer etterpå. Eg meiner at det ikkje blir gjort nok for å førebu utøvarar på den kjensla.

Nå vil Team Danmark, saman med Sverige og Noreg, finne ut: korleis kan vi best ta vare på utøvarane etter OL.

Anne Marte Pensgaard er professor i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskole, og er med på forskingsprosjektet.

Etter OL i Paris skal dei sende ut spørjeskjema til alle utøvarar og trenarar som var med i leikane. Fyrst etter to til tre veker. Så nok ein gong etter om lag tre månader.

– At vi får umiddelbare reaksjonar forventar vi, men det er jo å finne ut kor lenge det varar som er viktig, seier Pensgaard til NRK.

Anne Marte Pensgaard

IDRETTSPSYKOLOG: Anne Marte Pensgaard er idrettspsykolog og jobbar med fenomenet «post-Olympic blues».

Foto: NIH

Ho er heilt klar på at ho meiner det viktig at ein er proaktiv og strekkjer ut ei hand for å spørje alle utøvarar og trenarar korleis dei har det.

– Det er lettare å be om hjelp viss nokon spør deg.

Stuparen Helle Tuxen står i ein symjehall i ei burgunderfarga badedrakt.

OL-debutant Helle Tuxen, stup

Eg har tenkt litt på det. Vilde(syster til Helle) og venene mine som har vore i OL har gjort meg litt obs på det.

No skal eg tilbake til USA, ha eitt år til og konkurrere der. Så blir det eigentleg å berre lande litt, og så på ein måte finne ut kva mine neste mål er.

Eg trur at så lenge eg er open om det og finn mine neste draumer, så trur eg det går veldig bra.

 EM friidrett 2024 i Roma

Heiko Junge / NTB

OL-debutant Marie-Therese Obst, spydkast

Eg kjente litt på det allereie etter EM i Roma nå i sommar. Dei første vekene etter bronsemedaljen - det var ganske tungt, altså. Eg trudde det skulle vere meir positivt, men det var sinnssjukt tungt. Eg kjente ikkje igjen kroppen min i det heile teke, det var berre tungt. Hodet også, det ville ikkje jobbe saman. Det gjekk betre etter eit par veker. Etter OL er eg ganske utkøyrd, trur eg.

Ole Martin Halvorsen fra skytterlandslaget under pressetreff på Olympiatoppen før OL i Paris 2024.

Beate Oma Dahle / NTB

OL-debutant Ole Martin Halvorsen, skyting

Det er noko som eg trur må bli fulgt opp ganske mykje. Eg tenkjer at alle skyttarar, eller alle som eigentleg har vore i OL, bør gå til psykolog umiddelbart etterpå for å få redusert dette så mykje som mogleg.

Psykolog er jo beste måten ein kanskje kan få det betre kjappast mogleg og kome tilbake til det normale. Og eg veit at vi alltid har tilbod om psykolog hjå Olympiatoppen.

Isabel Freese sit i svart jakke og kvit bukse oppå ein mørk hest.

Stian Lysberg Solum / NTB

OL-debutant Isabel Freese, dressur

Såklart, det har vore veldig mykje fokus dei siste månadene. Men, nei, eg trur ikkje... Eg har kvalifisering til unghest-VM neste veke, så eg må eigentleg forte meg heim og trene, for unghesten har eg ikkje ridd på ti dagar, så eg håpar at det går bra.

Eg har gudskjelov ein fem år gamal son heime som held meg ganske oppteken. Eg trur det skal gå bra.

Gitarbygging som medisin

Kven av OL-utøvarane som får mentale motbakkar å jobbe seg over etter leikane, er vanskeleg å føresjå ifølgje idrettspsykologen Anne Marte Pensgaard.

Mens Jeanette Hegg Duestad fekk seg ein skikkeleg smell etter OL i Tokyo, så var det ikkje slik i det heile teke for lagkameraten Jon-Hermann Hegg. Han kom heim att frå Tokyo med 4.-plass, akkurat som Duestad.

– Eg har ikkje hatt det nei, heldigvis, seier Hegg om fenomenet.

Etter OL i Paris, der han reiser heim att med 5.-plass som beste resultat, har han lagt ein plan for livet sitt den neste månaden nettopp for å halde seg oppteken.

Han skal til Australia og besøke ein kamerat. Der skal dei byggje ein gitar til den musikkinteresserte skyttaren.

– Det trur eg hjelp meg veldig mykje. Uansett utfall i Paris så er det eit eller anna eg kan glede meg til, seier Hegg.

Lite bekymra OL-stjerne

Noregs ferske tikampstjerne Markus Rooth har vorte allemannseige etter sitt smått sensasjonelle OL-gull.

For han står ikkje gitarbygging i nokon kalender. Han har allereie skrudd hovudet sitt inn på progresjon og trening. «Post-Olympic blues» er han ikkje redd for.

Markus Rooth ønskes velkommen hjem

MERKSEMD: Markus Rooth har fått mykje merksemd etter OL-gullet i tikamp.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Det blir jo eit sakn etter det å få konkurrere der nede og gjere det eg synest er artig. Eg får ikkje konkurrere så ofte, så det går også lang tid mellom kvar konkurranse, seier Rooth før han held fram:

– Eg er ikkje så veldig redd for tomheita, for eg har det veldig fint i kvardagen med ein veldig trygg familie og trygge rammar rundt meg som eg set veldig stor pris på. Eg er ikkje så redd for at den ekstraordinære merksemda eg har fått nå skal bli borte. Kvardagen min før det her var meir enn bra nok, fortel Rooth på sin sedvanlege karismatiske måte.

Jakob Ingebrigtsen seier at han skjønner at det for mange tar på å vere i boble inn mot eit OL, men er samtidig full av motivasjon etter meisterskapet.

– Eg har aldri vore så motivert som nå. Å kjenne på meistring og føle at ein får til ting, det er ingenting som er så motiverande som det, seier han.

For Michael Phelps sin del så måtte han lære seg at sårbarheit er ein bra ting, før han greidde å takle «OL-tomheita». Phelps har sagt at det var skummelt i byrjinga, men han lærte seg at sårbarheit berre betyr endring.

– Og for meg var det ei bra forandring, seier Phelps, som held fram karrieren til OL i Rio i 2016 og raska med seg fem OL-gull til.

Dermed vart han tidenes største olympiar.

Ingen andre er i nærleiken.

I tillegg til NRKs eigne intervju er sitata frå Keely Hodgkinson henta frå podkasten «High Performance». Sitata frå Siobhan O'Connor og Adam Peaty er henta frå ein artikkel av britiske ITV. Michael Phelps har prata om «post-Olympic blues» til NBC.

Read Entire Article