Mygg som kan spreie tropisk sjukdom funnen i Norden

1 month ago 18



Dei siste åra har myggarten Culex modestus spreidd seg raskt i Europa. Varmare klima gjer at denne arten også trivst lenger nord enn tidlegare.

Mygg i slekta Culex blir gjerne kalla fuglemygg på norsk, fortel Sondre Dahle ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

– Han er litt spesiell fordi han stikk både menneske og fugl. Mange mygg går for eksempel berre på pattedyr. Men i og med at han stikk både menneske og fugl, kan han overføre sjukdommar mellom fugl og menneske.

Ein av sjukdommane denne arten kan spreie er den tropiske sjukdommen Vestnilfeber.

Culex modestus

Spreiinga av framande myggartar i Europa uroar Det europeiske smittevernbyrået.

Foto: Anders Lindström / SVA

Kan ha kome til Noreg

I Norden blei Culex modestus først oppdaga i Danmark i 2011. Fem år seinare blei han registrert også i Sverige, og i 2022 i Finland.

Overingeniør terrestrisk naturmangfold i NINA, Sondre Dahle

Foto: NINA

Myggen spreier seg ofte med menneske som er ute og reiser.

Det kan difor vere eit tidsspørsmål før vi får dei første registreringane også i Noreg, seier Dahle.

– Dei kan spreie seg for eiga maskin. Men det går veldig sakte. Då er det meir sannsynleg at dei kjem med personbilar eller varebilar, og at dei blir sleppte fri ein ny stad når sjåføren tek ein rast. Så det kan hende vi har han allereie i Noreg, utan at han er oppdaga.

Ifølge fremmedartslista til Artsdatabanken er det stor sjanse for at myggarten vil etablere seg i Noreg, og at han truleg vil vere utbreidd i store delar av Sør-Noreg dei neste tiåra

Stort problem

Framande myggartar har blitt eit aukande problem i Europa. Klimaendringar gjer at vi får lengre og varmare somrar, fleire hetebølger og hyppigare og større flaumar.

Det gjer at sørlege artar, som blir med i bagasjen når vi er ute og reiser, får betre kår for å overleve lenger nord.

Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) har åtvara mot at dette gir auka risiko for myggborne virus som denguefeber og chikungunyavirus i Europa.

Men sjølv om myggen er komen til Norden, vil det ta tid før dei mest alvorlege tropiske sjukdommane kjem hit, seier Dahle.

– Det er eit potensial for smitte, i og med at myggen er her. Men sjukdommen må komme separat. Dei har ikkje felles spreiing.

I fjor blei det registrert 965 tilfelle av Vestnilfeber i fjor. Smitten blei registrert så langt nord som Tyskland og Nederland. 73 av dei som blei smitta døydde.

I dei fleste smittetilfella har ikkje den smitta symptom. Eldre og personar med nedsett immunforsvar kan bli alvorleg sjuke.

Publisert 28.05.2024, kl. 13.24

Read Entire Article