Mjøssjukehuset: Frykt for forseinkingar og konsekvensar for pasientane

1 month ago 20



– Våre pasientar fortener ei betre spesialisthelseteneste enn vi har i dag.

Fylkesordførar Thomas Breen (Ap) i Innlandet fryktar at Mjøssjukehuset nå kjem bak i køen av alle sjukehusprosjekta i Helse Sør-Øst.

Og at det skal gå ut over pasientane i Innlandet. Som er blant dei eldste i landet, og dermed dei som treng helsetenestene mest.

5. juni i fjor kom nesten heile regjeringa til Innlandet for å fortelje nyheita. Frå Skibladnerbrygga i Ringsaker erklærte dei at Mjøssjukehuset skal byggast. Slik styret i Helse Sør-Øst hadde vedteke tidlegare.

Det var omtrent akkurat to år etter at dåverande helseminister Bent Høie bestemte omtrent det same.

Men denne gongen, i fjor altså, var det alvor. Berre nokre få små avklaringar rundt sjukehuset i Elverum stod att, så var det berre å gå i gang med prosjekteringa.

THOMAS BREEN_AP_Fylkesordfører_Innlandet_DSC04891

Fylkesordførar Thomas Breen er svært uroa over utsettinga. Og spesielt over kravet om at Sjukehuset Innlandet skal drive i økonomisk balanse. Noko han meiner er nesten umogleg, med den organiseringa sjukehuset har i dag.

Foto: Jon Petrusson / nrk

Vil ha meir tid

Sidan Mjøssjukehuset var vedteke har det vokse i storleik og pris.

Teikningane som Sjukehusbygg HF og Asplan Viak har lagt fram, viser eit bygg på 142.600 kvadratmeter.

Og prisen har auka frå 11,3 milliardar til dryge 17 milliardar.

Til samanlikning blir nye Drammen sjukehus på 120.000 kvadratmeter.

Styringsgruppa er ikkje nøgd med at planane har esa ut, og har vedteke å utsette nok ein gong.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, statsminister Jonas Gahr Støre og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol under regjeringens pressekonferanse om Mjøssjukehuset.

Det var høgtidsstemning på Skibladnerbrygga i Moelv 5. juni i fjor. Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og dåverande helseminister Ingvild Kjerkol slo fast at regjeringa ønskja å bygge Mjøssjukehuset der i bygda

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Administrerande direktør Terje Rootwelt i Helse Sør-Øst seier auka i areal og kostnadar har «vore betydelege» og at dei treng meir tid for å sortere ut kva som er dei beste og riktige løysingane for det nye sjukehuset.

– Til det har vi fått med ein tredjepart med stor kjennskap til utvikling av nye sjukehusbygg. Og dei har gjeve oss innspel til fleire område dei synest vi skal jobbe vidare med.

Direktør Terje Rootwelt i Helse Sør-Øst

Administrerande direktør Terje Rootwelt i Helse Sør-Øst seier at utsettinga ikkje endrar på planane om å bygge Mjøssjukehuset. – Det står fast, seier han.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

– For dette er eit svært stort byggeprosjekt, nesten like stort som dei to store sjukehusa i Oslo.

Lånesøknaden skulle etter planen sendast i haust, med tanke på byggestart i 2026. Nå blir søknaden utsett til neste haust. Og byggestart blir tidlegast i 2027.

Skuffelse i Innlandet

Mange i Sjukehuset Innlandet har bidrege inn i planarbeidet for det nye sjukehuset. Administrerande direktør, Alice Beate Andersgaard, innrømmer at mange vart skuffa og tenksame etter det nye utsettingsvedtaket .
– Men vi må sjå det slik at Helse Sør-Øst nå får enda betre tid til å gjere gode val og finne dei beste løysingane for Mjøssjukehuset.

Alice Beate Andersgård

Administrerande direktør Alice Beate Andersgaard seier mange vart skuffa over utsettingsvedtaket. – Nå gjeld det at vi greier å ta vare på engasjementet framover og bruke den ekstra tida vi får godt.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Brukarutvalet, som representerer pasientane i Innlandet, er svært kritiske til utsettingsvedtaket. Leiar Bjug Ringstad er oppgitt.

– Nå blir heile prosjektet vatna ut.

Det er foreslått å flytte enda fleire funksjonar ut av det nye Mjøssjukehuset og til sjukehusa i Lillehammer og Elverum, der sjukehusa skal bestå.
– Da er vi snart der at det ikkje lengre er eit hovudsjukehus, seier Bjug Ringstad.

Bjug Ringstad

Leiar i Brukarutvalet i Sjukehuset Innlandet, Bjug Ringstad, er bekymra. – Nå har vi drive med dette sidan 2004. Og målet var at pasienten skulle få eit heilskapleg tilbod på EITT sjukehus, i staden for å gå frå sjukehus til sjukehus.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Store underskot år etter år.

Det har vore eit krav om at det må bli orden på økonomien før ein kan gå i gang med bygging av eit nytt sjukehus.

Men Sjukehuset Innlandet går med millionunderskot. Slik det har gjort dei seinaste åra. Nå er underskotet på 49 millionar. Det gjer at det heller ikkje blir midlar att til opprusting av hus og utstyr.

Også på sitt møte måndag denne veka, diskuterte styret kva dei skal gjere for å komme i balanse.

Men fylkesordførar Thomas Breen meiner sjukehuset aldri vil greie å gå i balanse.
– Det er jo derfor vi må få eitt stort sjukehus. For nå er vi organisert slik at det må bli dyrt.

I dag er det fem somatiske og to psykiatriske sjukehus innafor Sjukehuset Innlandet.

Breen meiner sjukehuset bruker for mykje pengar på vaktliner og like tilbod på kvart sjukehus, framfor å samle ressursar til å gje spesialisert behandling til alvorlege sjukdommar.

Men at dette ikkje kan brukast mot sjukehuset. Sidan det er slik sjukehuset er organisert i dag.

Administrerande direktør Alice Beate Andersgård vil ikkje kommenter spørsmålet om det er umogleg å gå i balanse med dagens organisering. Men ho seier sjukehuset jobbar med kortsiktige og langsiktige tiltak for å få økonomien i balanse.

– Og i åra framover må vi sjå på om det er mogleg å gjere større omstillingar. Vi legg planar nå for korleis vi kan endre og forbetre og omstille innanfor fag og funksjonar.

Unik politisk semje

I 20 år har Sjukehuset Innlandet arbeidd med planar for å samle spesialisthelsetenesta i fylket.

Til sist greidde altså styret å bli samde om å bygge eit felles sjukehus ved Mjøsbrua. Det er også politisk fleirtal for dette sjukehuset i fylkestinget.

Dette trass i at både Gjøvik og Hamar mister sjukehusa sine.

Publisert 27.05.2024, kl. 16.54 Oppdatert 27.05.2024, kl. 17.29

Read Entire Article