Kort tid før midnatt norsk tid blei Kyiv vekt av store smell, og lyden av luftvern som prøvde å skyte ned russiske dronar på veg mot byen.
Angrepet heldt fram med høg intensitet i nesten to timar, med nokre korte avbrekk før det igjen small høgt over heile byen. Truleg frå det som var eit større missil.
– Endå eit massivt angrep mot hovudstaden. Moglegvis fleire bølger med dronar frå fienden, skreiv leiaren for Kyiv sin militære administrasjon, Tymur Tkatsjenko, i ei utsegn.
Minst fire personar er drepne etter at ei bustadblokk blei øydelagd Sjevtsjenkivskyj, seier innanriksdepartementet i ei utsegn.
I tillegg er ein person drepen i Bila Tserkva 80 kilometer sør for Kyiv, heiter det vidare. Dette skal vere ei kvinne i 60-åra.
Styresmaktene melder at minst fire personar har døydd i angrep mot ei bustadblokk i Kyiv.
Foto: Thomas Peter / Reuters / NTBAngrepa har ført til brannar i fleire bustadområde. Ein inngang til undergrunnen i Kyiv skal også vere øydelagd.
Innanriksdepartementet melder om 10 skadde i regionen, medan byadministrasjonen melder om 20.
– Folk ligg framleis under bygningsrestane, skriv innanriksminister Ihor Klymenko i meldingsappen Telegram.
Russland har ikkje kommentert angrepet, og det faktiske skadeomfanget er ikkje enno kjent.
Fleire dronar slepp gjennom ukrainsk luftvern
Sidan starten av juni har Ukraina blitt råka av fire gongar av russiske droneangrep, med fleire enn 400 dronar totalt.
Samtidig som at volumet aukar, går talet på nedskytingar ned. Det betyr at fleire dronar og missil slepp igjennom luftvernet, og gjer meir skade.
Den ukrainske sjefkommandanten Oleksandr Syrsky har tidlegare sagt at Russland har nokre fordelar i dronekrigføringa, ifølge AFP.
Blant anna lagar landet fiberoptiske dronar som er vanskelege å forstyrre signalet på.
– Her, diverre, har dei ein fordel i både antal og rekkevidde for bruk, seier han.
Russland: Ukrainske droneangrep natt til måndag
Det russiske forsvarsdepartementet seier at luftvernet i Russland har øydelagt 16 ukrainske dronar natt til måndag.
13 av desse blei skotne ned over Rostov regionen, og resten over Astrakhan og Volgograd, heiter det vidare i utsegna.
Ukrainske Syrsky har lova å trappe opp angrepa.
– Vi kjem ikkje berre til å sitje i forsvar, for dette fører til ingenting. Omsider fører det til at vi held fram med å trekke oss tilbake, tape folk og territorium, fortalde han til AFP.
– Sjølvsagt held vi fram. Vi vil auke storleiken og djupna, sa han vidare om angrepa.
Publisert 23.06.2025, kl. 06.26 Oppdatert 23.06.2025, kl. 06.57