– Det er veldig morosame karakterar!
Det seier Thorir Hergeirsson til NRK etter at ein video blei publisert på TikTok, der han ler høgt av NRK sin nye adventsserie.
Fotograf er dottera, den kjende fotballspelaren Maria Thorisdottir. No går videoen godt i sosiale medium, ikkje minst på TikTok.
Svært gode tal
«Nissene i skjul» har fått svært gode sjåartal i NRK TV sidan 1. desember, ein serie som er ein direkte oppfølgjar av legendariske «Nissene på låven».
Hittil har over 1 million sjåarar i snitt sett kvar einaste episode av serien.
Den første episoden hittil er sett over 1,5 millionar gonger lineært og i NRK TV.
– Det er utruleg gøy å sjå, seier Christina Rezk Resar, redaksjonssjef for humor i NRK.
Ho rosar Herman Flesvig, Kevin Vågenes, Mikkel Niva og dei andre som har laga og løfta serien for å nå ut til eit breitt publikum.
Parodi på «Cato» frå «Nissene i skjul» laga av elevar på Kvitsund gymnas i Telemark.
– Veldig gøy
Svært mange har også laga eigne versjonar av dei ulike karakterane.
Til dømes på TikTok der særleg Kevin Vågenes sin karakter «Cato» stadig blir brukt og parodiert.
– Eg synest det er veldig gøy at folk lagar eigne videoar og parodiar, seier Kevin Vågenes til NRK.
Mange har kjent seg igjen i karakteren «Cato» som er «sleten» og blir 80 prosent sjukemeld som deltakar!
– Eg har kost meg med å sjå på alle dei som legg ut sin eigen Cato-variant på TikTok, seier Vågenes.
Karakteren «Frederic» frå «Nissene i skjul», spelt av Herman Flesvig. Redigert versjon frå https://www.tiktok.com/@flexed.films
– Tilfredsstillande
Serieskapar-kollega Herman Flesvig forsikrar om at han også kosar seg glugg når han ser alle parodiane og at så mange har sett serien.
– Det er gøy å sjå alle som legg kreativitet og innsats ned i parodiar på TikTok, seier Flesvig.
Han tykkjer det er utruleg tilfredsstillande når ein skaper noko som treffer publikum, og at karakterane har treft slik dei håpa.
– Som Gjermund Kvarme ville sagt det: «Shout-out til ungdommen og alle fritidsklubbane! Stau no pau!
Ler godt
For islendingen Thorir Hergeirsson er det viktig å ha noko å le av i adventstida. Han trur at ein slik serie kunne slått godt an å heimlandet også.
– Eg tenkjer jo berre at eg håpar at det stemmer at latteren forlengar livet. Og så for min del så får eg gjerne by på litt latter i adventstida. seier Thorir.
Publisert 16.12.2025, kl. 15.03














English (US)