Millionar av daude frå atomprøvesprengingar? Slike tal skaper unødig frykt.

3 hours ago 3



 Prøvesprengning av en atombombe i Stillehavet i 1952. Foto: Scanpix Sverige / NTB

Når ørsmå dosar blir summerte over milliardar av menneske, blir talet stort, utan at risiko er målbar eller etterprøvbar.

Publisert: 26.01.2026 23:00

Norsk Folkehjelp hevdar at atomprøvesprengningar kan føre til millionar av dødsfall globalt. Slike tal skapar uro. Ein må difor undersøkje kva tala byggjer på.

Rapporten dokumenterer alvorlege overgrep i lokalsamfunn utsette for høge stråledosar. For desse kviler eit klart moralsk ansvar på statane som gjennomførte testane. Dei globale dødstalsanslaga krev derimot nærare vurdering.

Desse tala er estimat basert på kollektiv dose og lineær-utan-terskel-modellen (LNT). LNT reknar at all stråling, uansett kor låg, aukar risiko proporsjonalt. LNT er ikkje egna for låge doser.

Ein grunnleggjande mangel ved LNT er at han ikkje skil mellom dose og doserate. Det er ikkje det same å ta éin paracetamol dagleg i hundre dagar som å ta 100 på éin dag, sjølv om samla dose er lik. Akutte og spreidde belastningar verkar ikkje likt.

Det er påfallande at rapporten viser til Unscear, samstundes som han byggjer på ein metode Unscear eksplisitt åtvarar mot: «Den vitskaplege komiteen tilrår ikkje å multiplisere svært låge stråledosar med store folketal for å anslå strålingsinduserte helseeffektar på nivå som er på linje med eller lågare enn naturleg bakgrunnsstråling.»

Likevel er dette gjort.

Når ørsmå dosar blir summerte over milliardar av menneske, blir talet stort, utan at risiko er målbar eller etterprøvbar.

Om LNT var korrekt ved låge dosar, ville ein sjå klare utslag hos grupper med høgare eksponering, som helsepersonell og flypersonell. Det gjer ein ikkje. Samstundes er den globale reststrålinga frå prøvesprengningar langt under naturlege variasjonar som menneske lever med utan helseeffektar.

Utanfor lokalt råka område har dei påståtte globale dødstala ingen verdi

Atomvåpen og sivil kjernekraft er fundamentalt ulike. Å risikere at lesarane blandar dei saman er fagleg feil og kan undergrave rasjonell energidebatt.

Mi påstand er: Utanfor lokalt råka område har dei påståtte globale dødstala ingen verdi. Dei reflekterer feil metodeval, ikkje realitet.

Read Entire Article