– Da eg kom heim frå turen var eg eigentleg full av brennande utslett. Eg fekk ikkje sove fordi det var som om huda var i fyr og flamme, seier Milla Lian.
Saman med søstera Emma Langørgen, drog ho på tur til Oslo tidlegare i år for å gå på Sabrina Carpenter-konsert.
Da dei kom heim oppdaga dei begge utslett over heile kroppen.
– Eg hadde truleg noko sånt som 200–300 bit over heile kroppen, seier Lian.
Søstrene er overtydde om at utslettet er bit frå veggedyr som hadde blitt med heim frå hotellrommet.
– Da eg ringde hotellet, så var det første eg fekk «its not my problem» til svar, fortel Langørgen.
Hotellet nektar for at det har vore veggedyr på rommet til Lian og Langørgen. Les heile svaret deira lengre nede i saka.
– Til slutt blokkerte dei nummeret vårt
Heime i Trondheim fekk Lian med seg veggedyra inn i si eiga heim. I fleire veker måtte kleda og møbla hennar stå på eit fryselager for å bli kvitt insekta.
Mens skadedyra blei fjerna kunne ho ikkje vere heime.
– Det var mykje stress. Alle møbla våre blei tatt ut, vi hadde ikkje noko plass å sove og eg var full av utslett, fortel Lian.
Samstundes forsøkte dei å få erstatning frå hotellet. Hotellet svarte ikkje på e-postane dei sende, og Lian fortel at ho fleire gongar ringde for å få svar.
– Til slutt blokkerte dei nummeret vårt, så da visste vi ikkje heilt kva vi skulle gjere.
Emma Langørgen og Milla Lian nokre veker etter at dei kom heim frå hotellet.
Foto: Henning Levold / NRKFortvila tok dei kontakt med mellom anna Mattilsynet, Forbrukarrådet og til slutt også politiet for å få informasjon om kva rettar dei hadde.
– Det var veldig mange som ikkje visste kva lovverket var, eller kva dei skulle gjere.
Til slutt svarte hotellet på e-post.
NRK har fått sjå e-post-korrespondansen med hotellet. Der kjem det fram at hotellet nektar for at dei har hatt veggedyr.
Likevel tilbydde dei å refundere to av dei tre nettene Lian og søstera budde på hotellet.
To og ein halv månad etter hotellopphaldet har dei enno ikkje fått nokon pengar frå hotellet.
Nokre veker etter ho først blei biten, blei utslettet blått. Ein tur til legen stadfesta at det ikkje var farleg.
Foto: Privat / PrivatHotellet: – Fann ikkje spor av insekt
– Vi tilbydde å betale tilbake pengane for to netter som ein gest, skriv Parikshit Samant, reservasjonsansvarleg i Hotel Verdandi, i ein e-post til NRK.
Han presiserer at tilbakebetalinga var ein gest og ikkje blei gjort på grunn av klagar eller krav frå gjestane.
Verken før eller etter Langørgen og Lian budde på rommet fekk dei klagar frå andre gjestar, seier han.
– Vi fann ikkje spor av insekt i perioden etter at gjestane sjekka ut.
NRK treffer Lian og Langørgen når dei får møblane og kleda sine tilbake etter at dei har stått på fryselager i ei veke.
– Da vi mottok klagen stengde vi rommet slik at vi kunne finne eventuelle veggedyr. Vi følgde prosedyrane frå skadedyrkontrollen om å vaske rommet, påføre kjemikaliar og så vidare.
Heile svaret frå Hotel Verdandi kan du lese her:
– Klag så raskt som mogleg
Nora Wennberg Gløersen er jurist i Forbrukarrådet. Ho fortel at sjølv hotell med få stjerner og lav standard skal vere reine, hygieniske og utan skadedyr.
Dersom du er uheldig og oppdagar veggedyr på rommet du har fått, må du så raskt som mogleg klage til hotellet.
– Du bør klage så raskt som mogleg, og helst mens du framleis er på hotellet. Det er viktig at hotellet får moglegheit til å rette opp problemet, for eksempel ved å flytte deg til eit anna rom.
Veggedyr kan mellom anna slå seg ned i madrassar, i sprekkar i vegger og tapet, samt bak skap og bilete.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRKDersom veggedyr frå hotellet gjer at du får utgifter knytt til legebesøk eller til å bli kvitt skadedyr i heimen, kan du ha rett til erstatning.
– Men det kan lett oppstå diskusjonar om kven som faktisk er ansvarleg for at det var veggedyr på hotellrommet, og om det er sikkert at stikka du har fått er frå veggedyr, seier Wennberg Gløersen.
Det er derfor lurt å forsøke å dokumentere veggedyra så godt som mogleg, forklarar Gløersen, for eksempel med bilete, video, eller med attest frå lege.
Dersom du har kjøpt ei pakkereise er det reiseselskapet du må krevje erstatning frå.
– Det er også lurt å sjekke om du har ei forsikring som dekker fjerning av veggedyr. Både innbuforsikringa og husforsikringa di kan ha dette inkludert.
Publisert 15.06.2025, kl. 21.41