Molde Fotballklubb vil bygge nytt treningsanlegg i byen med ein pris på 400 millionar kroner.
Det opplyste klubben sjølv på ein pressekonferanse tysdag.
– Vi skal både gi breidda optimale moglegheiter og ikkje minst toppfotballen på herre- og damesida, seier direktør i fotballklubben Øystein Neerland.
Men ikkje alle i Molde heiar på nye fotballbaner i nærturområdet kalla Retiroparken.
Illustrasjonen viser kor fotballbanene skal ligge i den noverande parken.
Illustrasjon: Molde FotballklubbPressa på plass
Fire nye fotballbaner skal løyse kapasitetsutfordringane på heimebana til klubben. Ifølgje fotballdirektøren er klubben avhengig av det nye anlegget for å fortsette å kunne fungere som topplag.
– Klubben veks. Vi har rundt 900 spelarar i klubben, og elitelag for kvinner og menn. Det gjer at banekapasiteten er pressa. Vi får ikkje kabalen til å gå opp, seier Øystein Neerland.
Ei av banene skal etter planen bli brukt til breiddefotballen, og to av banene skal ha naturgras.
– Vi må ha topp kvalitet i det vi gjer og topp infrastruktur. Vi treng eit godt underlag for å unngå skadar. Det får vi på ein slikt treningsanlegg, seier Neerland.
Neerland seier at klubben framleis vil bruke Aker Stadion til å spele kampane sine.
Planane får støtte frå kommunedirektøren i Molde, men dei er ikkje landa enno.
Saka skal opp i formannskapet neste veke, og blir avgjort av kommunestyret seinare i vår.
Klubbdirektør Øystein Neerland.
Foto: Arne Flatin / NRKStor motstand
Det nye anlegget vil ligge delvis inne i det som er kjent som Retiroparken, eit populært friluftsområde i Molde.
Dette har skapt store protestar i rosebyen. Dagen før planane blei lagt fram møtte fleire titals demonstrantar opp utanfor Moldekamp for å protestere mot planane.
– Det er ei naturperle, ein unik stad. Det er ein fantastisk fuglesong. Det er eit naturmangfald vi må ta vare, seier Martin Hauge, leiar i Retiroparkens venner.
Martin Hauge, leiar i Retiroparkens venner, i demonstrasjon utanfor Aker Stadion.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKDei siste tre åra har gruppa jobba for å rydde fram dei historiske delane av parken. Etter at planane om fotballbaner i skogen blei kjent, har dei fungert som protestgruppe.
Ifølgje Hauge vil den viktigaste delen av parken forsvinne om planane går gjennom.
– Det er trist. Vi håper framleis at vi vil klare å berge parken, seier han.
Dette er ikkje første gong det er konflikt om Retiroskogen. I 2005 kjøpte eigedomsselskapet Planor delar av parken for å bygge ut bustader. Den gong enda selskapet med å selje området til Molde kommune, etter store protestar mot utbygginga.
Retiroområdet består av eit villaområde frå 1800-talet og eit skogsområde. Parken er definert som eit område med nasjonal verdi av fylkeskommunen.
Retiroparken i glansdagane. Parken var offentleg tilgjengeleg og var laga etter modell frå ein park i Madrid.
Foto: RomsdalsmuseetFår Røkke-støtte
MFK-eigar Kjell Inge Røkke vil vere med å finansiere anlegget, ifølgje fotballklubben. 55 av dei 400 millionane vil gå til å restaurere området og til breiddegarderobar.
– Det er tenkt som ei gåve å reetablere område slik det var, som ein del av heilskapen. Det er ein viktig sak for byen, seier fotballdirektør Øystein Neerland.
Publisert 22.04.2025, kl. 15.58