Marlene Knutsen (34) har i vinter sett på TV-serien «Team Pølsa». Ho har tatt med seg mykje frå programma inn i Vinterleiren som blir arrangert på Golsfjellet.
– Kjempebra. Det var nesten så eg grein då eg såg på det.
– Kjente du deg litt igjen?
– Mhm, det gjorde eg.
– Kva er det som er fint med å jobbe saman?
– Det er å hjelpe kvarandre, og å støtte kvarandre.
Kvart år møtest folk frå 8 til 74 år med ulike funksjonsnedsettingar på leiren, der dei over fleire dagar er med på ei rekke aktivitetar. I år var 411 personar samla.
16 år gamle Ludvik Spillum Grøttland har kost seg med hundekøyring og sit-ski.
Foto: Tordis Gauteplass / NRK«Alle skal klare det»
«Team Pølsa» handlar om ein unik gjeng, som sette seg eit hårete mål. Dei blei leia av Øystein «Pølsa» Pettersen, som vann OL-gull i langrenn i 2010. Sjåarane følgde dei gjennom fleire episodar, i jakta på å gå eit renn i Trondheim under ski-VM.
Tårer og tøffe oppgåver enda i triumf i Granåsen, der dei fekk jubelbrøl frå heile stadion, medan dronning Sonja tørka tårer i takt med resten av ein rørt nasjon.
Dei seks unge menneska, som har ulike funksjonsnedsettingar, blei heltar som Klæbo og Johaug.
Arrangøren Stifelsen Vinterleiren har merka ei endring blant deltakarane i år, og dei trur TV-serien «Team Pølsa» er årsaka.
– Vi har sett at dei er meir aktive sjølv når dei skal ta seg fram til dei ulike områda. Vi høyrer dei nemner det, dei snakkar om det, om at «alle skal fram» og at «alle skal klare det», seier styreleiar Frode Kibsgaard Larsen.
Det var stor stemning i akebakken.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKIsbadet
– Vi såg det ikkje minst på isbadinga, kor tøffe dei var. Det er heilt klart at den serien har hatt ein effekt, både for deltakarane og følgepersonane. Det handlar om å pushe litt og tøye litt grenser, seier Larsen.
Lise Nysted Bergsland er einig. Ho har vore med på å arrangere vinterleiren heilt sidan starten på 1980-talet.
– Eg føler det har blitt eit heilt anna syn på å ha aktivitetar for denne gruppa etter «Team Pølsa». Det er veldig morosamt, og vi merkar stor forskjell på desse deltakarane no, samanlikna med i fjor. Det har gjort noko med oss alle saman.
– Vi har meir samarbeid og fokus på meistring no enn det vi har hatt før.
Hundekøyring og sit-ski
Å klare å dra ein slede med personar frå start til mål var ein av aktivitetane på høgdedraget overfor Storefjell høgfjellshotell.
– Det var gøy. Det gjekk kjempefort, seier Marlene Knutsen.
Ho har vore på vinterleiren sidan ho var lita jente.
– Middagen, dansinga, og å vere ute i naturen er det eg liker best.
Leiren med aktivitetar tilrettelagd for folk med funksjonsnedsettingar blir arrangert for 37. gong.
Ludvik Spillum Grøttland (16) har tatt med seg bestefaren, Magne Spillum, på leir.
– Kva synest du har vore mest morosamt?
– Hundekøyring og sit-ski, sier Ludvik.
– Vi har hatt mange hundar her vi har køyrt med, og vi har vore ute heile dagen. Det er det som er så fint med denne leiren, vi et ute, og her om dagen var vi på lysvandring på kvelden, seier Magne.
Publisert 17.04.2025, kl. 09.27