Det ser mørkt ut for framtida til Suel Kassembo i Noreg. I over 20 år har han budd ulovleg i landet, og tidlegare i år avviste Høgsterett å behandle saka hans.
Støttespelarane hadde likevel eit håp om at Menneskerettsdomstolen skulle overprøve det norske rettsvesenet og kome til ein annan konklusjon.
Det skjer ikkje.
Det er klart etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har vurdert saka. I ein epost skriv presseavdelinga til NRK at ein dommar har vurdert saka og avviser å fremje den for domstolen.
– Den konkrete grunnen til avgjerda er ikkje offentleggjort, skriv presseavdelinga og viser til at det er standard prosedyre.
Advokaten hans, Arild Humlen, har tidlegare uttalt at det å sende Kassembo ut av landet vil påføre han ei umenneskeleg liding, og at det strir med menneskerettane.
No vil han ikkje kommentere saka.
Det har førebels ikkje lykkast NRK å få nokon kommentar frå støttegruppa eller Kassembo sjølv.
Arild Humlen er advokat for Suel Kassembo.
Foto: Privat– Politiet si oppgåve å sette i verk
Spørsmålet no er om politiet kjem til å pågripe Kassembo, som har gått i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje.
Tidlegare i vår skreiv Politiet si utlendingseining i ein e-post til NRK at dei ikkje kommenterer enkeltsaker, og viser på generelt grunnlag til at alle som har fått avslag på ein asylsøknad er pliktige å reise tilbake til heimlandet.
– Reiser ikkje personen frivillig, så er det politiets oppgåve å sette i verk eit negativt vedtak og gjennomføre ein retur tilbake til heimlandet, skreiv avsnittsleiar i seksjon for ID-avklaring, skreiv Kari Ma Berge Dahl.
Tidlegare justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) oppheva forbodet som hindra politiet å gå inn i kyrkjer for å hente ut kyrkjeasylantar med makt.
Foto: Inger Kristine Lee / NRKTidlegare justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) oppheva i april 2023 instruksane og retningslinjene som i 30 år har hindra politiet i å gå inn i kyrkjer for å hente ut kyrkjeasylantar med makt.
Avisa Vårt Land melde i januar 2023 at politiet i Møre og Romsdal hadde begynt på arbeidet som kunne ende med at Kassembo blir henta ut med makt. Til NRK vektla politimeister Ingar Bøen den gongen at dette ikkje stemte.
Politimeister Ingar Bøen.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKHevdar han er i livsfare
Suel Kassembo har budd på Sunnmøre sidan han var ein ung gut, og har kjempa i retten to gonger for å få opphald. Han hevdar han er frå Burundi, og i livsfare om han blir sendt heim.
Utlendingsnemnda har tidlegare avslått søknaden om asyl – og utvist Kassembo med ti års innreiseforbod.
Dette er Kassembo djupt usamd i.
I fjor haust tapte han i Oslo tingrett. Deretter i Borgarting lagmannsrett:
«Slik lagmannsretten ser det, må samfunnsmessige og allmennpreventive hensyn veie tyngst i avveiningen mot hensynet til Kassembo. Som nevnt har han med viten og vilje, grovt overtrådt utlendingsloven ved å oppholde seg i Norge over svært mange år.»
Suel Kassembo har budd i kyrkeasyl i Herøy i over eitt år.
Foto: Synnøve Hole / NRKBur i kyrkjeasyl
Suel Kassembo er landets einaste i kyrkjeasyl.
Jula 2023 flytta han inn i Herøy kyrkje, og der har han seinare vore. Folk i nærmiljøet har fleire gonger samla inn pengar til rettsprosessane hans.
Nyleg blei det også kjent at politiet har gitt Runde Miljøsenter 300 000 kroner i bot for å ha gitt arbeid til han som ikkje har hatt lovleg opphald. Miljøsenteret nektar å betale, og dermed blir det rettsak i august.
Suel Kassembo har budd i kyrkjeasyl i halvanna år.
Foto: Arne Flatin / NRKPublisert 17.06.2025, kl. 16.04 Oppdatert 17.06.2025, kl. 16.16