Meir teknologi langs vegane

2 hours ago 1



Fire entreprenørar konkurrerer om å få drifte elektroinstallasjonar på riksvegane i Lofoten, Vesterålen, Ofoten og Sør-Troms.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Entreprenøren som blir valt skal drifte og vedlikehalde veglys, signalanlegg, vêrstasjonar og andre elektriske anlegg på riksvegane. Oppdragsgivaren er Statens vegvesen.

Det elektriske anlegget på Hålogalandsbrua på E6 inngår blant anna i den nye kontrakta.

– Vegnettet vårt har blitt meir teknologisk med ulike sensorar, vêrstasjonar og kamera. Desse gir Statens vegvesen og trafikantane nyttig informasjon i sanntid. God drift og vedlikehald er like viktig her som på sjølve vegen.

Det seier byggeleiar Stein-Roar Sørensen i Statens vegvesen.

Han understrekar også at dei elektriske anlegga vil ha avgjerande betydning for sikkerheita. Eit døme er at vegtrafikksentralen får varsel med ein gong når det skjer hendingar i ein tunnel.

Desse entreprenørane konkurrerer om kontrakta:

• BMO Elektro AS

• El-Team AS

• OneCo Network as

• SET Elektro AS

No skal Statens vegvesen kontrollere og kvalitetssikre tilboda før kontrakt blir inngått i løpet av våren.

Read Entire Article