Det har vore skadeverk på Venezuelas ambassade i Oslo, stadfestar politiet.
Kriminalteknikarar undersøker no staden, og politiet er i dialog med dei tilsette ved ambassaden.
– Vi kan ikkje stadfeste når innbrotet skal ha skjedd eller om det er stole noko. Vi opprettar sak på forholdet, skriv Oslo politidistrikt.
Politiet opplyser at dei har ein god dialog med dei tilsette ved ambassaden.
PST opplyser at dei òg er orienterte om hendinga.
– PST avventar politiet sine innleiande undersøkingar, seier seniorrådgivar Eirik Veum til NRK.
Venezuelas utanriksminister, Yván Gil Pinto legg skuldar på hans motstandar, Venezuelas president Nicolás Maduro:
– I dag vart vår diplomatiske stasjon i Oslo, Noreg, invadert og vandalisert av fascistiske element som gjorde det klart kva interesser dei tener.
Pinto delte bileta frå ambassaden.
– Vi forventar at styresmaktene straks finn dei ansvarlege for desse åtaka, skreiv han på eit innlegg på Instagram.
Publisert 15.01.2025, kl. 22.55 Oppdatert 15.01.2025, kl. 23.07