Meiner nordmenn har «interiørbulimi»

16 hours ago 2



Saka oppsummert

  • Møbelforbruket i Noreg har tredobla seg dei siste 30 åra.
  • Interiørdesigner og influensar Camilla Bakken kritiserer «fast furniture» for dårleg kvalitet og miljøskade.
  • Gjenbruk av møblar kan redusere klimautsleppa og skape arbeidsplassar.
  • Bakken oppfordrar folk til å finne måtar for å redusere forbruket sitt.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikret av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI

Har du merka at fleire møblane våre har dårlegare kvalitet enn før?

Bokhyller som fell ifrå kvarandre, og utemøblar som rotnar etter berre eit år eller to?

 Dahle Photography
FRUSTRERT: Camilla Bakken er frustrert over bruk-og-kast kulturen rundt møblar og interiør. Foto: Dahle Photography

Det har nemleg interiørdesignar og influensar Camilla Bakken merka. Og det frustrerer ho.

I eit intervju hos «God Morgen Norge» den 28. februar påstod ho at nordmenn har «interiørbulimi». Når TV 2 ringte ho opp igjen var ho tydeleg engasjert.

– Fast fashion lenge har vore i fokus. Men vi har eigentleg latt interiøret sleppe unna, seier ho.

Begge delar er billig, og har gjerne låg kvalitet. I tillegg kan dei vere produsert under dårlege arbeidsvilkår, og vere skadelege for miljøet.

Kven har skulda i dette? Og er det i det heile tatt mogleg å få ned forbruket vårt igjen?

– Sint, frustrert og oppgitt

Ifølgje Framtiden i våre hender så har forbruket av møblar over tredobla seg dei siste 30 åra. I snitt forbrukar kvar nordmann 64,9 kg møblar årleg.

Det tilsvarar 5,4 tonn i løpet av et heilt liv.

Me bruker omkring 20 milliardar kroner på å kjøpe møblar og interiør, og over 90 milliardar på oppussing. Der er me på europatoppen.

– Vi bur i eit land der ein stor prosentdel av oss eigar eigen bustad. Då vil me sjølvsagt at han skal vere fin, men det har gått altfor langt.

Ho sukkar.

– Eg blir sint, frustrert og oppgitt.

– Når ting er for billige så sluttar me å ha et forhold til vala me tar. Me tenker ikkje lenger på gode, solide val. Me tar trendval. Og trendval er jo ekstremt flytande.

 Christian Palma / AP / NTB
«INTERIØRBULIMI»: Nordmenn kjøpar og kastar store mengder med møblar. Dei kan ende opp på søppelfyllingar, som denne. Foto: Christian Palma / AP / NTB

Og desse trendane kjem frå fleire kantar. 

TV-program, bustadmagasin, møbelbutikkar, reklamar, og influensar visar alle fram «draumebustader» og nye «must hage items». Det kan mange la seg påverke av.

– Er ikkje sanninga

Bakken meiner me kan undervurdere effekten desse kreftene har på folk.

– Me lager ein slags illusjon av at ting er fint, ting er flott. «Om du berre kjøper den sofaen, så kjem du til å få det så hyggeleg igjen». 

 Skjermbilde / Camilla Bakken / Instagram
UREALISTISK: Bakken produserer fleire interiørvideoar i veka. Men ho meiner det er urealistisk å følge ho og andre til punkt og prikke. Foto: Skjermbilde / Camilla Bakken / Instagram

Ho seier at influensarane er på jobb når dei lagar innhald, og det er ikkje eit ideal å strekke seg etter.

– Eg prøver ofte å fortelje at det du ser her på sosiale medium ikkje er sanninga. Dette er ikkje ein mal du skal halde på med.

Men kor er det me får tak i desse gjenstandane? Og kor skadeleg er det eigentleg?

Går hardt ut mot Temu

I Norden ligg Noreg på «Temu-toppen». Der er ein av dei mest populære kategoriane våre «kjøkken og interiør». 

– Om det er noko som er fast furniture, så er det ræl frå Temu som er laga for å bli kasta, seier Tale Hungnes. 

Tilsvar frå Temu finn du lenger ned i saka.

Ho er leiar for miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, og er bekymra for påverknaden interiørbulimi har på klima.

– Møblar er blant forbruksvarene som krev mest materiale, og har derfor eit høgt fotavtrykk på klima og natur.

 Framtiden i våre hender
KONSEKVENSAR: Det er alltid konsekvensar for miljø, klima og menneske når me overforbrukar og overproduserer ting, ifølge Hungenes Foto: Framtiden i våre hender

Ho fortel at ombruk av møblar kan redusere klimautsleppa i Europa med 3,3-5,7 megatonn årleg.

Det tilsvarer tre til fem gonger de totale utsleppa i Oslo kommune.

I tillegg kan det skape fleire arbeidsplassar.

– Meir ombruk i møbelbransjen i Europa kan skape meir enn 160.000 arbeidsplassar. Tal frå SINTEF viser at ein omlegging til ombruksbasert møbelindustri kan skape 2500 nye arbeidsplassar i Norge.

– Kikk i klesskapet

Bakken meiner at det er fleire ting me kan gjere for å få ned forbruket.

Ho trur nemleg mange feildiagnostiserer problemet når dei står i stua si og er misfornøgde med korleis det ser ut der.

EI LØYSING?: Ein kikk i klesskapet kan hjelpe deg å bli tryggare på interiørstilen din Foto: Berit Roald / NTB
EI LØYSING?: Ein kikk i klesskapet kan hjelpe deg å bli tryggare på interiørstilen din Foto: Berit Roald / NTB

– Sjeldan så er det eigentleg møbla som er problemet, men kanskje korleis du har sette dette saman i ein kombinasjon.

Ho trur og mange er usikre på stilen sin, og at det gjer at dei kjøper meir og meir ting. 

Derfor anbefaler ho folk å ta ein kikk i klesskapet, for å finne ut kva som eigentleg er stilen deira.

– Det vil fortelje veldig mykje om de ubevisste vala du tar. Og så lar du det bli med deg vidare når du vel interiør.

– Det handlar òg om planlegging. Du må vite korleis du skal budsjettere for å få ein gjennomført, solid og god stil.

Det handlar ikkje om at alt må vere dyrt, men at du tek bevisste og informerte val.

– Eg syns jo alle fortener å smile ha det fint heime, det trur eg eg kan.

Dette svarar Temu:

«Temu er ein marknadsplass kor uavhengige seljarar, inkludert mange lokale bedrifter, tilbyr produktene sine direkte til forbrukarane. Mange av desse seljarane sel òg dei same produkta via andre nettbaserte plattformar eller i fysiske butikkar.

Vår modell held distribusjonskostnadene låge, noko som gjer at seljarane kan tilby konkurransedyktige priser slik at folk får meir valfridom og eit breiare spekter av prisnivå, noko som hjelp dei å bestemme kva som passar best for deira behov og budsjett.

Uavhengeg forsking utført av Kantar blant meir enn 4500 forbrukarar i heile Norden, fann at 76 % seier at Temus nærvær har ein positiv innverknad på konkurranse og prissetting.

I Noreg sa meir enn to tredjedeler av respondentene at Temu gir dei tilgong til eit breiere utval av produkt til meir overkommelege prisar.»

Read Entire Article