Meiner NFF endra handsregel før TV-episode: – Det er jo heilt merkeleg

3 hours ago 4



– Det viser meg at dei har fått operere som dei vil, utan konsekvensar, i årevis. Og at kulturen er slik at dei skal få det som dei vil, og at dei har rett.

Det seier Bjørnar Posse Sandboe til NRK.

Han er styreleiar i supportergrupperinga Stabæk Support, aktiv i Norsk Supporterallianse og tydeleg motstandar av VAR.

Søndag morgon la han ut ein tråd på X, tidlegare Twitter, der han antydar at NFF forsøker å skjule endringar i regelverk for å tilpasse det til dommaravgjersler som allereie har blitt tatt.

Der haglar reaksjonane inn i tråden.

en mann med langt hår

KRITISK: Bjørnar Posse Sandboe meiner NFF tilpassar regelverket slik at det passar dommaravgjerdene som allereie er tatt.

Foto: Norsk Supporterallianse / Norsk Supporterallianse

Dommarsjefen innrømmer at dei har endra regelverket, men at det har ei naturleg forklaring.

– Må ta dei

Sandboe viser til at han har funne ut at regelverket som blei sist oppdatert 6. mars, har blitt justert i etterkant og publisert på nytt i samband med at NFF sjølv har laga eit program for å forklare kontroversielle avgjerder.

– For meg verkar det som at dei har eit ønske om å forsvare alle dommaravgjerder, same kva, seier Sandboe og legg til:

– Ein får litt vondt, men ein må berre ta dei på det. For dette går utover kampavgjerande situasjonar i Eliteserien. Eg har ikkje tillit til dei.

Kontroversiell situasjon

I episode 3 av NFFs eige program «Dommerfokus» tar dommarsjef Terje Hauge og dommarkonsulent Geir Åge Holen for seg ein situasjon som skapte mykje merksemd i runde 6 i Eliteserien.

Brann tok imot Rosenborg. Kampen enda 0-0, men i etterkant blei situasjonen der Rosenborgs forsvarar Tomas Nemcik sparka ballen i eigen arm diskutert mykje.

et par menn som spiller fotball

HANDS? Nei, seier dommarsjef Terje Hauge. Bildet er frå kampen mellom Brann og Rosenborg 11. mai.

Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB

Mange meinte det burde vore dømt straffespark til Brann i den situasjonen.

Det er denne situasjonen som «Dommerfokus» startar med å diskutere.

Der går dei gjennom situasjonen, meiner klart og tydeleg at dette ikkje er straffespark og viser til det dei kallar for eit «tydeleg regelverk».

Les regelverket her.

Deretter tar «Dommerfokus» opp ein situasjon frå tidlegare i sesongen som mange har sett spørsmålsteikn ved i etterkant av situasjonen med Tomas Nemcik.

For i Eliteseriens 1. runde fekk Kristiansund straffespark på ein liknande situasjon.

Enda ein gong viser Hauge og Holen til eit «tydeleg regelverk» som ligg ope på fotball.no.

En gruppe menn som spiller fotball

HANDS? Ja, seier dommarsjef Terje Hauge. Bildet er frå kampen mellom Kristiansund og Bryne 6. april.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Dato-forvirring

Men det er her Sandboe har funne det han meiner viser at NFF tilpassar regelverket for å forklare kontroversielle situasjonar, slik at det passar dei.

For Sandboe har lasta ned regelverket for hands både i starten av sesongen og nå når programmet viser til eit «tydeleg regelverk» for hands.

Der viser det seg at regelverket er oppdatert inn mot lansering av episode 3 av «Dommerfokus», som blei publisert den 20. mai.

Likevel står det i den nyaste versjonen av regelverket at det sist er oppdatert 6. mars 2025.

Sammenligning av to bilder

Regelverk før endring

gammel-versjon

Regelverk etter endring

ny-versjon

NFFs regelverk for hands før og etter "Dommerfokus" episode 3.

NFF

Dommarsjef slår tilbake

NRK tok kontakt med dommarsjef i NFF Terje Hauge for at han kunne få forklare situasjonen.

– Ja, det er gjort endringar i det dokumentet i tråd med desse to situasjonane etter faglege diskusjonar med Uefa, slik at alt materiell er 100 % oppdaterte. Det gjer vi ofte, fortel Terje Hauge til NRK.

Han forklarer at situasjonen i kampen mellom Brann og Rosenborg skapte mykje merksemd, og at det var grunnen til at dei tok han opp i «Dommerfokus».

Han meiner begge situasjonen om hands og straffespark er riktig handtert av dommarane, men at dei såg at regelverket deira ikkje var like tydeleg som det oppfordringane frå UEFA var.

Har du tillit til dommarane i Eliteserien?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Vi valde å gjere dette sidan hands har vore eit tema, og vi skulle løfte dette frami Dommerfokus, så måtte alt fagmateriell vere oppdatert 100 prosent. Dermed blei det ein tur innom Uefa for å fagleg dokumentere dette, før vi presenterte det. Da blei det også gjort ei forandring på det som låg ute på fotball.no, seier Hauge til NRK.

– Derfor er det sånn at det som vi hadde i mars, da, 6. mars, var ikkje i tråd med korleis Uefa fortolkar det i dag. Det er alltid små justeringar her, sant.

– Kritikarar seier at de tilpassar regelverket slik at det passar dei situasjonane de har oppe. Kva seier du til det da?

Terje Hauge

DOMMARSJEF: Terje Hauge er sjef for dommarstanden i Noreg.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Dette er jo ikkje noko vi finn på sjølv. Det vil eg på sterkaste avvise. Da mistar ein truverd i dette.

– Det står at dokumentet sist er oppdatert 6. mars 2025. Men du seier at de oppdaterte det før episode 3 av «Dommerfokus» som blei publisert 20. mai.

– Det er eit godt spørsmål. Det skal eg sjekke, seier Hauge og sjekkar dette mens han snakkar med NRK på telefon.

– Eg ser det her nå. Det skulle stått ein ny dato der det står 6. mars på det siste dokumentet. Det beklagar eg, så det må eg gjere noko med seier Hauge.

– Heilt merkeleg

Bjørnar Posse Sandboe er framleis like kritisk etter å ha fått høyre korleis Hauge forklarer det som har skjedd.

– Spelarane står jo og seier at dei ikkje veit kva som er hands lengre. Så det at handsreglane da skal definerast som ein PDF som når som helst kan oppdaterast utan noka form for informasjon om endringane som er gjorde eller noko. Det er jo heilt merkeleg.

– Når dei skriv det om, lagar eit program der dei fortel kor tydeleg dette er, og kallar det eit regelverk. Og så har ikkje dei da på nokon som helst måte informert om at dette er endra, eller oppdatert. Det har dei jo underkommunisert. Det at dei erstattar eit dokument med eit anna og påfører det gammal dato, så verkar det for meg at dei prøver å skjule det.

Publisert 25.05.2025, kl. 14.09 Oppdatert 25.05.2025, kl. 14.28

Read Entire Article