Meiner mange butikkar sel alkohol ulovleg

5 days ago 10



– Har du legitimasjon?

Eit spørsmål som ikkje er uvanleg å høyre på butikken ein fredags ettermiddag. Men no kan kundane på fleire nærbutikkar i heile landet kjøpe alkohol – heilt utan tilsette til stades.

Helsedirektoratet meiner det er ulovleg å selje alkohol på denne måten.

– Vi tenkjer at dette er ein uheldig praksis, og ikkje heilt bra at Helsedirektoratet, som fortolkar alkohollova, seier éin ting, og at ein del kommunar framleis gjev løyve, seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet Øyvind Giæver.

Avdelingsdirektør Øyvind Giæver i Helsedirektoratet

Øyvind Giæver i Helsedirektoratet seier det er uheldig at kommunar gjev løyve til ubemanna alkoholsal.

Foto: Svein Olsson

Statleg støtte

Likevel har kommune etter kommune gjeve butikkane klarsignal til ubemanna sal av alkohol, med full støtte frå det statlege Merkur-programmet. Eit program som arbeider for å utvikle nærbutikkane.

Over heile landet – i alle fylke – finn ein no nær 100 nærbutikkar dei ein kan handle utanom ordinær opningstid. Mange av dei melder om auka omsetnad.

For nærbutikken i Viksdalen i Sunnfjord har ordninga fungert bra.

Dersom kundane skal kjøpe alkohol, må dei legitimere seg med fingeravtrykk. Ein kan også vise legitimasjon til eit kamera som ein tilsett følger med på.

– Vi sit og styrer det med appar, og vi kan følge med på kamera. Det kjem varsel til oss når dei kjem til kassa og skal betale, seier dagleg leiar Henny Råheim på Joker Viksdalen.

Joker Viksdalen, ubemanna alkoholsal

Henny Råheim ved Joker Viksdalen i Sunnfjord har berre gode erfaringar med alkoholsal etter at dei tilsette er gått heim.

alkoholsal

Kundane må identifisere seg med fingeravtrykk for å få kjøpe alkohol utanom bemanna opningstid.

Joker Viksdalen, ubemanna alkoholsal

Med over 40 kamera i butikken har dagleg leiar Henny Råheim god oversikt i butikken.

Ber om oppklåring

Sveinung Rotevatn (V) omtalar ordninga som velfungerande.

– Det er ikkje snakk om at ein set ein palle med øl på vegen, slik at folk berre kan kome og forsyne seg, seier Venstre-nestleiaren.

Rotevatn trur at den juridiske usemja skaper uro i bygdesamfunn der gode nærbutikktilbod er ein viktig faktor for at folk blir verande. Han ber helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) rydde opp.

– Vil statsråden klargjere om det er lovleg å selje alkohol frå ubemanna nærbutikkar, og legge fram ei lovendring som legg til rette for dette dersom så ikkje er tilfelle? Det spør Rotevatn i eit skriftleg spørsmål til Vestre.

Rotevatn, Sveinung

Sveinung Rotevatn (V) meiner ordninga er god, og han ber regjeringa oppklare reglane.

Foto: William Jobling / NRK

Gode erfaringar

Jenny Følling (Sp) er ordførar i Sunnfjord, kommunen som gav butikken i Viksdalen løyve til ubemanna alkoholsal. Ho meiner det har vore ein suksess og er samd i at lova bør bli endra dersom det ikkje er lov med slike sal.

Merkur-programmet, som har støtta butikkane i arbeidet for ubetent alkoholsal, seier dei ikkje har fått reaksjonar på ordninga.

– Sidan 2018–19 har dette vore prøvd ut, og vi har ingen merknadar på at ting ikkje blir følgt opp i samsvar med lovverket, seier avdelingsleiar Steinar Fredheim i Merkur.

Han er likevel einig i at lovverket har godt av ei oppfrisking.

– Vi ser på fleire område at lovverk ikkje blir utvikla i takt med innovasjon og nyskaping, seier Fredheim.

alkoholsal

Kundane må registrere seg med fingeravtrykk får å få kjøpe alkohol på eiga hand. Elles er det fritt fram.

Foto: Andrine Gald Myklebust

Publisert 14.09.2024, kl. 08.03

Read Entire Article