DEBATT: Då Donald Trump vart innsett som president i USA for andre gong, blei det ironisk nok flagga på halv stong i Washington i landesorg etter president Jimmy Carters død. Større kontrast enn mellom desse to presidentane kan ein knapt tenka seg.
Ingvar Olimstad
Suldalsosen
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Donald Trump – den mest brautande og sjølvskrytande presidenten som nokon tid har budd i Det kvite hus. Jimmy Carter – den mest, på eigne vegne, smålåtne presidenten som nokon tid har sett sine sko der. Men den historiske dommen har gjort Carter til ein god president og eit stort menneske i Amerika og i verda.
Skal tru kva som er deira største minne frå tida i Det kvite hus. Det kan vi ikkje veta, men for meg, og eg vil tru for uendeleg mange rundt om i verda, er biletet av Trump sitjande i embetsbustaden sin i time etter time utan å løfta ein finger for å stoppa mobben som storma Kongressen, etter at han sjølv nokre timar før hadde gitt beskjed om det, det mest fastspikra – og det styggaste – minnet eg kan tenka meg at nokon kan bera med seg frå den staden. Men ikkje for Trump.
Les hele saken med abonnement