Me gutar må få lov til å vere oss sjølve

4 hours ago 1



Ein må våge å seie at gutar og jenter er forskjellige.

 AUF i Vestland«Diverre så er det mange unge menn som føler at dei ikkje kan snakke om sine problem, fordi andre kanskje har det verre, eller dei er skamfulle for å ikkje vere vellukka nok», skriv Aleksander Sognnes Heltne. Foto: AUF i Vestland
Torsdag 21. november kl. 14:07
ALEKSANDER SOGNNES HELTNE (18)

Lokallagsleiar Indre Sogn AUF og økonomiansvarleg AUF i Vestland

Tidlegare denne veka var det mannsdagen. Ja, det er ein ting.

Denne dagen har kanskje gått i gløymeboka for mange.

Kvinnedagen har lenge vore ei større hending, med god grunn, og kvinnene våre har oppnådd mykje.

Mange unge gutar i dag føler seg mindre sett i samfunnet, og mange spør seg «når er det mannsdag?».

Det kan me sjå på søkestatistikk frå google.

Alle dei største hoppa er i mars, same månad som Kvinnedagen, medan dei minste hoppa er i november.

Denne uken var det «Den internasjonale mannsdagen»:

  1. Den internasjonale mannsdagen markeres 19. november hvert år. Dagen ble etablert i 1999 og fokuserer på temaer som på menns fysiske og psykiske helse, familie, kjønnsroller og arbeidsliv.
  2. Dagen skal også sette lys på utfordringer som psykisk helse, sosial isolasjon, diskriminering og vold mot menn.
  3. Markeringen varierer fra land til land, og temaet endres årlig for å reflektere aktuelle problemstillinger.
  4. I halvannet år har Mannsutvalget sett på gutter og menns utfordringer med likestilling. I april la de fram 35 forslag for å bedre muligheten for alle til å delta i samfunnet.
  5. Grepene de foreslår er delt opp i fire innsatsområder: Menn som omsorgspersoner, kjønnsforskjeller i utdanning og arbeidsliv, utsatthet og helse, og en likestillingspolitikk for alle.

Eg må presisere at eg ikkje ønskjer å sette kvinnekamp og herrekamp opp mot kvarandre, men heller løfte fram ein dag der menn i fellesskap også kan kjempe for det dei meiner er viktig.

Ein av grunnpilarane i samfunnet vårt er ytringsfridomen vår. Alle må få seie kva dei føler, og dele sine erfaringar.

Me må alltid sjå etter nye løysingar for eit breiare fellesskap og meir rettvist samfunn.

Diverre så er det mange unge menn som føler at dei ikkje kan snakke om sine problem, fordi andre kanskje har det verre, eller dei er skamfulle for å ikkje vere vellukka nok.

Me må saman vise til alle unge gutar og jenter at me ønskjer å lytte til problema deira.

Eg må få sagt det her tydeleg: Kvinner si likestilling går ikkje på kostnad av menn.

Eit likestilt samfunn tener også menn.

Kampen for ei meir likestilt verd og nasjon handlar om samarbeid mellom kjønna, fordeling av gledene og byrdene i familielivet og det krevst at ein tek kvarandre sine problem på alvor.

Ein trend blant unge gutar har blitt å lytte til influensarar som spreier bodskap om at grunnen til at me gutar slit, er at kvinner har det for bra.

Bodskapen blir gøymt innimellom videoane, som opphavleg handlar om bilar eller økonomitips.

Samhaldet vårt blir bytta ut med eit samfunn med større forskjellar, og mindre fellesskap.

Hva tenker du?Kva hjelper deg mest psykisk?aSnakke med familie og vennerbFysisk aktivitetcGamingdAnna

Ein må våge å seie at gutar og jenter er forskjellige.

 Når nokre av mine jentevener meiner at deira måte å få hjelp på, er å snakke ut om kjenslene sine med deira vener, så er det deira løysing.

Og det er viktig.

Eg derimot, får ofte meir nytte av å game, spele fotball, eller å ta ein pils med kompisane mine.

Det at eg har ein raus venegjeng, som stiller opp med eit varmt fellesskap når eg treng det, gjer at eg klarar å halde på ei god psykisk helse.

 Skjermdump, TikTokVIRALT: Det florerer av TikTok-videoar som oppfordrar menn til å dyrke maskulinitet. Foto: Skjermdump, TikTok

Me gutar må få lov til å vere oss sjølve.

Det viktige er at alle føler seg sett og høyrt.

Me må få seie kva som hjelper oss, og politikarane må tole ein debatt om korleis me ønskjer at me skal bli behandla.

Me gutar må ta vår del av ansvaret her, og vere tydelege på kva me ønskjer oss. Men då må fellesskapet spisse øyra og lytte til oss.

Eg vil oppmode alle som les dette om å spørje ein ven om korleis det går, og kanskje invitere ein av kompisane dine til å gå ned på bana og spele litt fotball, eller å game litt ilag.

Små handlingar kan bety så mykje for andre.

Me må stå saman for eit samfunn der alle blir høyrde, og alle kan trivast med seg sjølv.

Dette lesarinnlegget blei først publisert hos Framtida. VG fått løyve til å publisere same tekst.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article