Mattilsynet makteslause mot lakse­smugling: – Vi har ingen sanksjonar for handa

2 hours ago 3



Eit brev som NRK har fått tilgang til, viser korleis Mattilsynet står utan verktøy for å stoppe smugling av laks ut av landet.

Mattilsynet kan sanksjonere når dei oppdagar pågåande lovbrot, som til dømes omsetningsforbod eller destruksjon av laksen, men ikkje om dei oppdagar smuglinga i ettertid.

– I dag har vi ingen administrative sanksjonar for handa. Mattilsynet må i staden gå om politimelding for at brot på regelverket skal kunne sanksjonerast, skriv direktør i Mattilsynet Elisabeth Wilmann til Nærings- og fiskeridepartementet.

Brevet vart forfatta i november i år, i etterkant av NRK sine avsløringar av smugling av laks ut av Noreg.

Nesten 1 av 6 oppdrettslaks har sår og skader etter livet i sjøen. Slik fisk kan vere etande, men er forbode å eksportere ut av landet.

Skadane skal fjernast ved norske fabrikkar, slik at kundar ikkje risikerer å få fisk med sår og feil på matfatet sitt.

Tolletaten har sagt at smuglinga kan minne om organisert økonomisk kriminalitet. Ein anonym trader som sjølv har smugla slik laks ulovleg, har fortalt til NRK at fortenesta kan vere stor.

Då NRK opna kasser med laks i Europa fann vi oppdrettslaks med sår og feil frå fem store og små aktørar.

Har ikkje prioritert å stoppe ulovleg eksport

I brevet til fiskeriministeren vedgår Mattilsynet at tilsyn mot laksesmugling ikkje har vore prioritert.

Men det finst unntak: I 2023 gjennomførte Mattilsynet likevel ein tilsynskampanje. I 24 av 49 tilsyn fann dei regelbrot.

Likevel er berre ein norsk aktør blitt bøtelagt dei siste åtte åra.

Mattilsynet skriv til departementet at dei er avhengige av at politi og påtalemyndigheit straffeforfølgjer smuglinga, for at det skal føre til straff. Sjølv har dei nesten ingen sanksjonar.

– Vi har derfor eit ønske om lovbrotsgebyr som eit verkemiddel ved brot på matlova, og har også ved andre anledningar framheva dette ønsket, seier Wilmann til NRK.

Alt i 2017 kom det eit slikt forslag, men det vart ikkje følgt opp av departementa.

Vi er usikre på om grunngjevinga var god nok, især tatt utgreiinga ovanfor og realitetane i betraktning, skriv Mattilsynet til departementet.

No ber Mattilsynet ministeren om å på nytt sette i gang eit arbeid som gjer at Mattilsynet kan ilegge gebyr. Dei ber også om høve til å kunne stenge bedrifter som bryt kvalitetsforskrifta, noko dei ikkje kan gjere i dag.

Stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG) meiner situasjonen er oppsiktsvekkande:

– Det her må ryddast opp i. Det er Noregs nest mest lukrative næring etter olja. Det er utruleg at ikkje Mattilsynet har dei sanksjonane dei treng.

Une Bastholm i MDG på Sognsvann i Oslo

Une Bastholm, MDG

Foto: Patrick da Silva Sæther

Fiskeriministeren kan ikkje love fleire verktøy

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (AP) kan ikkje utan vidare love Mattilsynet verktøya dei ber om.

Ho seier det må drøftast vidare, både med Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

En kvinne blir intervjuet av en reporter.

Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

Ministeren har hatt fleire møter med leiinga i Mattilsynet om regelverket etter NRKs avsløring om at aktørar forfalskar etikettar på norsk oppdrettslaks.

Ho ventar at Mattilsynet kontrollerer meir:

– Det inneber målretta tilsyn og kontroll, samt tett samarbeid med andre etatar som Tolletaten og Økokrim, noko eg har tillit til at Mattilsynet følgjer opp.

Mattilsynet seier til NRK at dei førebels ikkje har vurdert kor mykje ressursar som trengst til fleire kontrollar.

– Om Mattilsynet vurderer å auke kontrollaktiviteten på dette området, betyr det at vi må gjere omprioritering i bruken av våre ressursar, seier Wilmann til NRK.

Wilmann seier dei vil «sjå på moglegheitene for å styrke samarbeidet med andre aktuelle etatar».

Varslar full gjennomgang av regelverket

No varslar fiskeriministeren også ei vurdering av heile regelverket, fordi «det har vore altfor mykje ulovleg fisk på marknaden dei siste åra.»

– Vi må ta inn over oss at laksenæringa er ei heilt anna næring i dag enn på 80-talet da regelen vart innført, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

Ho opplev også påtrykk frå deler av bransjen. Verdas største oppdrettsselskap Mowi har tidlegare uttala til IntraFish at fisk med sår og feil like gjerne kan feilrettast i utlandet som i Noreg.

Fiskeriministeren spør seg om kven som eigentleg har ansvaret for å sikre omdømmet til norsk laks.

– Eg ventar at også næringa sjølv tar ansvar for situasjonen, slik at omdømmet til norsk laks ikkje skuslast vekk, seier Næss.

Mowi: – Forskrifta bør avskaffast

Mowi er blant aktørane som tidlegare har forsøkt å få fritak frå regelverket – utan hell.

Våren 2024 hadde selskapet 17.000 kasser med produksjonsfisk dei ikkje fekk feilretta.

Selskapet seier grunnen var ferieavvikling på slakteri- og vidareforedlingsfabrikkar. Dette året var det rekordmykje fisk med sår og feil i den norske marknaden.

To båter ligger til kai ved en brygge, med bygninger langs vannkanten. Bakgrunnen har fjell med snø på toppen. Vannet er stille og reflekterer omgivelsene. Det er overskyet med en dempet atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mowi sitt slakteri på Eggesbønes på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Fisken vart seld til norske kundar med store tap, skriv kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi til NRK.

NRK har fått innsyn i søknaden og etterfølgande klage til Mattilsynet frå selskapet i 2024. Der viser selskapet til fleire sitat frå kundar og leverandørar:

«Eg må jobbe litt med det, men det er nokså sprengt kapasitet, så eg trur det blir vanskeleg».

«Satans dårleg kapasitet».

«Per nå så får eg ikkje lov til å kjøpe meir, ifølge dagleg leder på [...]. Då får han hjarteinfarkt, og det har eg ikkje lyst til!».

Hjetland seier at situasjonen i 2024 var uventa og heilt utanom normalen.

– Dersom næringa skulle hamne i liknande situasjonar igjen, vil nok utfordringane bli mykje det same, skriv Hjetland til NRK.

Ola Helge Hjetland, kommunikasjonsdirektør Mowi, sitter ved et bord. Han har blå skjorte. I bakgrunnen henger et bilde av en laks.

Kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Helge Hjetland

Foto: Anette Berentsen / NRK

Så langt i år ligg andelen fisk med sår og feil i Noreg på kring 15 prosent.

Mowi meiner at kvalitetsforskrifta bør avskaffast.

– Næringa kan og bør sjølv ta ansvar for produkta sin kvalitet og renommé i utlandet, seier Hjetland.

Oppdrettsgiganten Salmar er på si side usamd med konkurrenten Mowi.

Medan Mowi har stor kapasitet i blant anna Polen, har konkurrenten Salmar sin kapasitet i Noreg. Dei vil framleis ha eit strengt kvalitetsregelverk.

Fabrikkansatte kledd i hvitt håndterer fisk. Bildet er noe uskarpt, som vitner om et raskt tempo i arbeidet.

Laks på Salmar sitt anlegg på Frøya.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

– Vi støttar det norske regelverket, som er viktig for å oppretthalde renommeet og posisjonen til norsk laks på den internasjonale marknaden, seier strategidirektør Runar Sivertsen til NRK.

Fleire politikarar åtvarar mot å endre regelverket:

  • Munnleg spørjetime på Stortinget

    Heiko Junge / NTB

    Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant (SV)

    – Fiskeriministeren er på villspor. Å senka krava løyser ikkje problema i oppdrettsnæringa. Når problema er store mengder fisk av dårleg kvalitet må vi heller ha strengare krav og styrka tilsynet, slik SV gjentatte gonger har føreslått. Lakseoppdrettsnæringa kan ikkje få halde fram å grise til fjordane våre og produsera mat av tvilsam kvalitet.

  • Bård Ludvig Thorheim

    Allan Klo

    Bård Ludvig Thorheim, stortingsrepresentant (H)

    – Det kan vere hensiktsmessig med ein gjennomgang av regelverket. Men vi forventar at fiskeriministeren sørger for god dialog med næringa om dette, og at det ikkje kjem endringar som bidreg til å svekke det gode omdømmet til norsk laks.

  • ein mann som står på ein brygge

    Odin Otnes Austring / NRK

    Stig Even Lillestøl, stortingsrepresentant (Frp):

    – Å opne for eksport av laks med sår og feil er å gamble med omdømet til norsk laks. Regelverket bør stå fast, det som må styrkast er kontrollen og reaksjonane mot dei som bryt reglane. Når det blir avdekt regelbrot, er ikkje svaret å senke standarden og flytte jobbar og verdiskaping ut av kysten.

  • Geir Pollestad med skjegg

    Fredrik Varfjell / NTB

    Geir Pollestad, stortingsrepresentant (Sp):

    – Her er regjeringa 100 % på ville vegar. Det vil både kunne skade omdømmet til laksenæringa og det vil kunne gi færre arbeidsplassar i Noreg.
    Ein slik endring vil vere ei gladnyheit for næringsmiddelindustrien i Europa. Senterpartiet vil ha arbeidsplassane i Noreg og da må vi ikkje opne for at fisken kan gå rett til utlandet.

  • Geir Jørgensen

    Dan Robert Larsen

    Geir Jørgensen, stortingsrepresentant (R)

    – Raudt vil på det sterkaste åtvare mot å oppheve eksportforbodet på produksjonsfisk. Regjeringa bør heller stramme inn ovanfor oppdrettarar som har mykje sjuk laks med sår. I tillegg vil dette true arbeidsplassar i vår eigen fiskeindustri, og favorisere selskap som sender fisken ikkje-tilverka ut av landet.

Sjømatbedriftene: – Vil vere å legge til rette for kjeltringar

Nesten 15 prosent av all oppdrettslaks blir tilverka her til lands som følgje av regelverket. Det inneber også arbeidsplassar langs kysten.

No er administrerande direktør i Sjømatbedriftene Robert Eriksson svært bekymra. Han vil heller ha strengare kontrollinnsats, og godkjenningsordningar.

Robert Eriksson står på kontoret sitt.

Administrerande direktør i Sjømatbedriftene, Robert Eriksson.

Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

– Dersom ein fjernar regelverket vi har i dag, vil det legge til rette for at det blir enklare å vere kjeltringar.

Denne veka tok politiet ut sikting mot lakseeksportøren North Tandem. Eit selskap som har eksportert stygg fisk ut av landet.

– Eg meiner at å fjerne regelverket vil vere med og sverte ei heil næring sitt omdømme, og kaste heile næringa under bussen. Det bør vere enkelt å vere seriøs og vanskeleg å vere kjeltring.

Hei!

Har du tips eller innspill til oss? Ta gjerne kontakt!

Journalister: Tor Arne Vikingstad, Kjersti Knudssøn, Asgeir Heimdal Reksnes, Magnus Ekeli Mullis og Astri Thunold. 

Publisert 23.12.2025, kl. 21.00

Read Entire Article