Jarand Skjæveland fekk seg ei overrasking på flyplassen då han skulle reise heim frå Spania.

Publisert 27.05.2025 19:04
I november skulle Jarand Skjæveland (20) frå Kvernaland på Jæren reise frå Alicante til Stavanger med Norwegian.
Skjæveland hadde bestilt ein såkalla LowFare-billett hos flyselskapet. Med billettypen kan ein ha med seg ein sekk under setet og ein pose frå Tax Free.
Skjæveland hadde med seg ein sekk og ein berepose. Posen var ikkje frå Tax Free, men ifølge Skjæveland reagerte ikkje personellet frå Norwegian på dette då han sjekka inn på flyplassen i Alicante.
Det oppstod ein feil med automaten då han skulle sjekke inn, og han måtte få hjelp av ein tilsett.
– Eg hadde posen med meg, og ho såg at eg heldt den i handa, seier Skjæveland til TV 2, og legg til at det ikkje blei kommentert noko på det då.
Måtte betale
Då han kom til utgangen på flyplassen, var derimot tonen ein annan.
– Då det var boarding, var det same person som i innsjekkinga som sto der. Då blei eg stoppa og fekk beskjed om at eg ikkje fekk med meg posen.
Prisen blei på 80 euro, som tilsvarar litt over 900 kroner. TV 2 har sett kvitteringa på gebyret.
– Det er heilt uakseptabelt å betale, seier Skjæveland.

Sjølv om han reagerte på gebyret i seg sjølv, og storleiken på det, betalte han i skranken på utgangen, før han så gjekk om bord i flyet.
– I den situasjonen, tidleg på morgonen klokka sju, hadde eg ikkje moglegheit til å gjere noko anna. Eg måtte på flyet, og følte meg pressa til å betale, seier Skjæveland.
Skjæveland meiner at han ikkje hadde fått plass til posen i sekken han hadde med seg.
I etterkant av flyreisa har Skjæveland forsøkt å få refundert pengane han måtte betale, då han meiner summen er urimeleg, og viser til EU-reglement på området.
Men korrespondansen med Norwegian, som TV 2 har sett, har ikkje ført nokon veg for jærbuen. Han har ikkje fått pengane tilbake.

EU vurderer nye regler – kan ramme millioner av passasjerer
Norwegian har blitt klaga inn
I førre veke blei det kjent at Forbrukarrådet, saman med 16 andre medlemsorganisasjonar frå 12 land, har levert inn ein klage til Europakommisjonen og nettverket for europeiske forbrukartilsyn.
Organisasjonane skuldar sju flyselskap for å krevje det dei meiner er urimelege gebyr frå forbrukarar for handbagasje.
– Vi krev ei EU-omfattande etterforsking av dei kommersielle praksisane til dei aktuelle flyselskapa, og bransjen generelt, sa forbrukardirektør Inger Lise Blyverket då.

Akkurat som Skjæveland viser Forbrukarrådet til EU-reglar på området. I ei avgjersle frå EU-domstolen i 2014 blei det slått fast at ein har rett til å ta med seg handbagasje på flyet, så lenge bagasjen oppfyller «rimelege krav» til vekt, storleik og tryggleiksreglar.
– Her syndar altså ein del flyselskap. Handbagasje av rimeleg størrelse skal du forvente å få ta med deg utan noka form for ekstra betaling. Det reknast som inkludert i billettprisen din, seier Blyverket.
TV 2 har spurt Forbrukarrådet om dei har ein kommentar til Skjæveland si sak.
Juridisk seniorrådgivar og fagsjef Thomas Iversen meiner at summen er for stor.
– Dette verkar som ein uforholdsmessig stor sum for å få med seg ein berepose. Dagens billettvilkår for LowFare hos Norwegian gir passasjeren rett på ei veske under setet, innanfor gitt mål, seier Iversen.
– Det er likevel vanleg at ei handveske eller tilsvarande kan bringast med i tillegg. Ein berepose vil i mange samanhengar ikkje ta meir plass enn ei handveske, og burde kunne takast med kostnadsfritt, seier Iversen.

– Det er blant anna saker som dette som gjer at vi ber EU-kommisjonen om å klargjere kva reglar for betaling for handbagasje som gjeld, legg Iversen til.
Dersom ein kjøper den rimelegaste flybilletten hos Norwegian, er det inkludert ei lita veske under setet. Denne kan ha eit mål på maks 30 x 20 x 38 centimeter. I tillegg kan ein ha med seg ein pose frå Tax Free.
Om ein vil ha med ein liten koffert som passar i hattehylla, kostar dette 129 kroner ekstra for innlandsreiser. Dette gjeld ein koffert som er maks 55 x 40 x 23 centimeter.
For utanlandsreiser har TV 2 fått opp at det kostar både 179 og 229 kroner for ein koffert i hattehylla. Prisen varierte etter kva destinasjonar ein søkte på.
Desse flyselskapa er klaga inn
- Norwegian (Noreg)
- EasyJet (Storbritannia)
- Ryanair (Irland)
- Transavia (Nederland)
- Volotea (Spania)
- Vueling (Spania)
- Wizz Air (Ungarn)
Vil ikkje få pengane tilbake
TV 2 har lagt fram kritikken frå Skjæveland og Forbrukarrådet for Norwegian.
Kommunikasjonssjef i flyselskapet, Charlotte Holmbergh, seier at det er leit at Skjæveland ikkje er nøgd.
– Det er kjedeleg at den reisande ikkje er fornøgd, og vi forstår at han synest det er dyrt, men sidan vi har avgrensa med plass om bord for oppbevaring av handbagasje, er det viktig at handbagasjereglane følgast, seier Holmbergh.
– Denne reisande sin billett inkluderte ein bagasje under setet, men ingen kabinbagasje (ekstra bagasje). Den reisande var også på ei mellomlanding (2 flygingar), noko som forklarar gebyret på 80 euro, så det er i samsvar med våre vilkår, seier Holmbergh.

Norwegian meiner dei held seg innanfor EU-regelverket ved å la passasjerar ha med seg ein sekk under setet utan å betale noko ekstra.
– Vi forstår at denne policyen kan oppfattast som restriktiv, men sidan mange av våre passasjerar vel å reise med berre handbagasje, må vi gjere alt vi kan for å unngå unødvendige forseinkingar ved ombordstiging og sørge for at flyavgangane går i tide.
Holmbergh seier at Skjæveland ikkje vil få refundert pengane han måtte betale på flyplassen i Alicante.
– Sidan vi har følgt bagasjereglane vi har, vil denne reisande dessverre ikkje få pengane sine tilbake.
Heile svaret til Norwegian kan du lese i denne boksen:
Dette svarar Norwegian:
Kommunikasjonssjef Charlotte Holmbergh i Norwegian seier dette til TV 2:
- Det er kjedeleg at den reisande ikkje er fornøgd, og vi forstår at han synest det er dyrt, men sidan vi har avgrensa med plass om bord for oppbevaring av handbagasje, er det viktig at handbagasjereglane følgast. Vi har eit fleksibelt billettsystem som betyr at du kan påverke prisen på billetten din ved å berre betale for det du trenger. Viss du ikkje treng å ta med ekstra bagasje om bord eller innsjekka bagasje, burde du heller ikkje måtte betale for det.
Denne reisande sin billett inkluderte ein bagasje under setet, men ingen kabinbagasje (ekstra bagasje). Den reisande var også på ei mellomlanding (2 flygingar), noko som forklarar gebyret på 80 euro, så det er i samsvar med våre vilkår.
Vi oppfyller EU-kravet sidan ein har lov til å ta med ein personleg gjenstand (ei veske som får plass under setet) utan ekstra kostnad. Viss du tar med deg meir handbagasje om bord enn det som er inkludert i billetten din (vekt, storleik og/eller antal), må du betale ekstra. Vi forstår at denne policyen kan oppfattast som restriktiv, men sidan mange av våre passasjerar vel å reise med berre handbagasje, må vi gjere alt vi kan for å unngå unødvendige forseinkingar ved ombordstiging og sørge for at flyavgangane går i tide.
Det er mogleg å kjøpe ekstra bagasje til billetten du har kjøpt. Dette kan gjerast på nett, men også på flyplassen. Det er billegast å legge til bagasje når du bestiller, eller på nett inntil 4 timar før avreise. Bagasje kostar meir når du legg den til ved innsjekking, og er dyrast når du betalar eit gebyr for å ha for stor handbagasje ved ombordstiging.
Sidan vi har følgt bagasjereglane vi har, vil denne reisande dessverre ikkje få pengane sine tilbake.
Holmbergh anbefaler reisande om å gjere seg kjent med Norwegian sine retningslinjer for bagasje før avreise.