For når dei skal sette utfor i Beaver Creek må alle køyre med kollisjonspute under skidressen. Det får Noregs fartshåp til å reagere:
– Eg har ikkje blitt overtydd om nokre positive sider ved han, seier Adrian Smiseth Sejersted til NRK.
– Det er litt spesielt av FIS, måten dei gjer det på. Ein blir jo openbert pressa til å køyre med kollisjonsputa. Det er det ingen tvil om, meiner Sejersted.
Sejersted fortel at utøvarane fekk fire dagar på seg frå dei fekk ein kontrakt frå FIS, der dei enten måtte godta å køyre med kollisjonsputa, eller så kunne dei søke om unntak av ulike sikkerheitsgrunnar, som at kollisjonsputa «avgrensar rørsla på ein måte som ikkje er trygg».
– Det er veldig spesielt handtert, meiner Sejersted.
FIS på si side seier utøvarane har hatt meir enn god nok tid til å tilpasse seg det nye utstyret. Generalsekretær Michel Vion seier dette til NRK:
– Dette blei bestemt allereie i mai 2023, så utøvarane og trenarane har visst om dette i 18 månader. Vi pressar ingen til å stille i renn hos oss.
– Feil prioritering
Kollisjonsputa skal i hovudsak verne ribbein og lunger. Noregs fremste kvinnelege alpinist, Kajsa Vickhoff Lie meiner den nye regelen er skivebom.
– Det er total feil prioritering av skadeførebygging. Det er mykje anna vi burde verne enn lunger og ribbein.
Ho ramsar opp ei lang liste over andre kroppsdelar ho meiner er meir utsett for skadar enn lunger og ribbein.
– Om du ser på statistikken, så skader vi nesten alt anna enn lunger og ribbein. Kne, legger, anklar, hovud, nakke og skuldrer. Ein burde heller fokusere meir på korleis vi kan gjere skisporten tryggare med tanke på dei skadane.
Utøvarane har fått eit brev knytt til ein eventuell søknad om unntak, der utøvarane fråskriv seg fleire rettar. I brevet som utøvarane skal signere ved eit unntak, står det blant anna:
«Eg er fullt klar over dei potensielle risikoane som er knytt til konkurranseskikøyring (...). Eg anerkjenner at desse risikoane aukar ved å ikkje ha på seg kollisjonspute. Eg anerkjenner at alle unntak frå regelen om at utøvarar skal bruke kollisjonspute, som blir gitt av dei nasjonale skiforbunda, kan resultere i skadar eller død, som kunne ha vore hindra om eg hadde brukt kollisjonspute».
Vidare står det at ein ved å underskrive skjønner at ein fråskriv seg moglegheita til å fremje søksmål eller krav mot for eksempel FIS eller arrangør, viss ein pådrar seg ein skade som kjem som følge av at ein har fått eit unntak frå å ha på seg kollisjonspute.
Søkte unntak
Alle dei tre norske fartskøyrarane på kvinnesida valde å søke om unntak. Grunnen er passforma til kollisjonsputa.
– Eg synest han er veldig ubehageleg. Eg er ein kort person og han er laga for nesten berre lange personar, sånn som han er nå, fortalde Vickhoff Lie før avgjerda om å søke unntak blei tatt.
Sportssjef for dei norske alpinistane, Claus Ryste, støttar utøvarane sine:
– Dette er utøvarane sitt val og vi støttar dei fullt ut, seier Claus Ryste!
Han presiserer at han meiner tiltaket frå FIS er bra, men at det trengst lengre tid til omstilling.
– Det er ulike kroppsfasongar og det er mange løparar på kort tid som skal få tilpassa utstyret. Kollisjonsputa tilhøyrer nok framtida for sporten.
– Om ein tenker på heile alpinsirkuset så er det korte freistar for å ta slike avgjerder, men sånn blei det denne gongen, seier Ryste.
Ny frist: – Ikkje god nok grunn
Den opphavlege fristen for å søke unntak gjekk ut tysdag 19. november.
Da kom det 38 søknader om å få unntak med å køyre med kollisjonsputa. FIS meiner mange prøver å sleppe unna på feil grunnlag.
– Dei fleste skreiv i søknaden at kollisjonsputa ikkje passa og at dei ikkje synest det var komfortabelt å køyre med. Det er ikkje ein god nok grunn for å få unntak. Om ein skal få unntak, skal det vere medisinske eller fysiske grunnar, fortel Michel Vion.
– Derfor har vi sagt at alle som har søkt unntak må sende inn meir dokumentasjon for grunngivinga, der dei må vere enda meir tydeleg. Vi vil gjere sporten meir sikker, og det er grunnen til at vi innfører dette, avsluttar generalsekretæren.
Den nye fristen FIS har sett er i løpet av måndag, 25. november.
Publisert 25.11.2024, kl. 06.10