Marius Borg Høiby også sikta for skadeverk

1 month ago 20



Politiadvokat Nora Beck ved Enhet Sentrum i Oslo politidistrikt opplyser til NRK at siktinga i helga gjeld både kroppskrenking og skadeverk.

Samstundes opplyser at ho må komme tilbake til oss med ytterlegare uttale.

Det er ikkje snakk om ei utviding av siktinga, opplyser politiet.

Politiet stadfester onsdag føremiddag at det er Høiby som er sikta i saka. Dei seier at det var ein relasjon mellom den sikta og fornærma.

Fornærma skal ha blitt varetatt av helse, men politiet veit ikkje om det er snakk om alvorlege skader.

Sikta for kroppskrenking.

Det var i helga at Marius Borg Høiby (27) blei pågripen og sikta for kroppskrenking.

Det stadfesta Høibys forsvarar Øyvind Bratlien til NRK tysdag.

– Han er sikta for kroppskrenking som etter lova er den minst alvorlege forma for vald, sa advokat Øyvind Bratlien til NRK då.

NRK har vore i kontakt med Bratlien igjen onsdag, som ikkje ønsker å kommentere saka.

Heller ikkje kongehuset ville seie noko som saka, og viste til Bratlien.

Kronprinsesse Mette-Marit skulle etter planen vore i Paris under OL tysdag. Den turen blei utsett, men kongehuset seier at kronprinsessa ønsker å vere på plass seinare.

PST blei også varsla om hendinga søndag.

Publisert 07.08.2024, kl. 12.22 Oppdatert 07.08.2024, kl. 12.41

Read Entire Article