– Eg føler på ei enorm lette. Eg føler eigentleg på ein lykkerus, fordi dette er noko eg har kjempa for i fire år.
Det seier Marianne Torp Foss.
– Eg blei sjuk for fem år sidan, men det er fire år sidan eg begynte å søke erstatning.
Etter at ho tok Pfizer-vaksinen mot covid-19 blei Foss sjuk og fekk diagnosen CFS/ME.
Til slutt saksøkte Foss staten ved Pasientskadenemnda for dette og partane
Og no er dommen klar: Staten er erstatningsansvarleg for at Foss fekk kronisk utmattingssyndrom.
Adresseavisen omtalte dommen først.
Blei sjuk same dag som ho fekk vaksinen
Foss fortel at ho, saman med mannen sin og deira to barn, hadde eit aktiv liv før ho blei sjuk.
– Me var ein veldig aktiv familie. Me fann på mykje ting saman som familie og med andre familiar.
Trass i at ho blei sjuk av koronavaksinen er det viktig for Marianne Torp Foss å få fram at ho ikkje er vaksinemotstandar.
Foto: PrivatI tillegg var ho i full jobb som aktivitør på ein sjukeheim.
Men dette endra seg brått 5. mars 2021, då ho fekk andre dose av Pfizer-vaksinen mot covid-19.
– Eg merka det allereie på kvelden. Eg fekk intens hovudpine, høg feber og vondt i kroppen, men eg var ikkje forkjølt, fortel Foss.
Ho prøvde å gå på jobb, men blei berre dårlegare og dårlegare.
– Gjennom hele den perioden merka eg at uansett kor mykje eg sov, så fekk eg ikkje noko restitusjon av å sove. Eg var like sliten då eg vakna og hadde vondt i kroppen.
Til slutt blei ho sjukemeld og fekk etter kvart diagnosen CSF/ME.
– Etter det har eg ikkje vore på jobb i det heile tatt, seier Foss.
Staten ankar dommen
I tillegg til å vere erstatningsansvarleg at ho fekk ME er staten ved Pasientskadenemnda dømd til å betale Foss sakskostnadar på totalt 523.197 kroner.
Men staten er ueinig i dommen frå tingretten.
– Staten ved Pasientskadenemnda ankar dommen frå Trøndelag tingrett.
Det seier Hilde Ruus.
Ho er avdelingsdirektør for prosedyreavdelinga i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Det er dei som fører rettssakene for Pasientskadenemnda.
– Me er ueinige i både bevisvurderinga og rettsbruken, legg Ruus til.
Trass i at dommen no har blitt anka er Foss glad for at tingretten trur ho.
– Det er ikkje berre meg det går utover
Etter at ho blei sjuk har måtte lære seg å leve på ein ny og annleis måte.
– Eg må leve veldig avgrensa og heile tida tenke over kva eg gjer, fordi eg må kvile mykje. Både før og etter eg gjer noko. Men framleis lever eg ikkje det livet eg ønsker.
Frå å vere aktiv, trong ho brått mykje kvile etter å ha møtt veninner for å ete lunsj.
Å gå tur med hunden var ein del av livet til Marianne, heilt fram til 5. mars 2021.
Foto: PrivatDet fekk ho også kjenne på då saka gjekk for retten i førre veke.
– Eg får eit veldig stort symptomtrykk viss eg pressar meg utover tolegrensa mi, forklarar ho.
Og dagane i retten blei lange.
– Då hadde eg ikkje noko mogelegheit til å kvile. Så no er eg mykje dårlegare enn eg var før rettssaka starta.
– Kva er det som har vore det tøffaste eller vanskelegaste med dette?
– At eg ikkje er den mammaa som eg var før eg blei sjuk. At ungane mine har mista den mammaa som dei kjente og at eg ikkje lenger er den kona for mannen min som då me blei saman.
– Det er ikkje berre meg det går utover, det går også utover familien min, legg ho til.
Publisert 03.12.2025, kl. 18.19
















English (US)