Mannen er tiltalt for fleire ulike lovbrot. Det er fleire fornærma i saka, og politiet har etterforska hendingar i perioden 2020 til 2024.
Det fortel statsadvokat Kirsti Jullum Jensen. Dei har no tatt ut tiltale mot mannen.
Fleire av dei fornærma i saka har psykisk utviklingshemming.
Mannen blei oppdaga da han og ein av dei fornærma i saka var i Nord-Noreg i fjor. Både han og dei fornærma bur ein annan plass i landet.
På eit hotell i Nord-Noreg skal han sjølv ha fått den fornærma kvinna til å ha samleie med ein annan mann, samtidig som han sjølv var med i samleiet.
Dette er berre ein av episodane som blir nemnd i tiltalen. Det er fleire episodar som er skildra, både i landsdelen, i andre delar av landet og i utlandet.
– Det kom inn tips frå nokon som har vore i kontakt med tiltalte og ein av dei fornærma. Det tipset kjem inn til politiet, og ein går da til pågriping når tiltalte og fornærma er der, seier Jensen.
Statsadvokaten i Troms og Finnmark ved Kirsti Jullum Jensen har tatt ut tiltale i saka.
Foto: Ida Louise Rostad / NRKHar samla bevis
Mannen er tidlegare domfelt, og sonar no ein straff i fengsel.
I tiltalen er det snakk om både utnytting av menneske med psykisk utviklingshemming og seksuell omgang, i tillegg til at fornærma kvinner har blitt tilbydd vidare til andre menn. I tillegg er det ein del økonomisk kriminalitet, som bedrageri, legg statsadvokaten vekt på.
– Grov menneskehandel er alltid alvorleg. Det er omfattande, både når det kjem til det økonomiske, men også tida som tiltalen strekk seg over, seier Jensen til NRK.
Mannen har lagt ut videoar av seg sjølv og fornærma på fleire ulike plattformer på nett. Statsadvokaten bekreftar at dette har vore viktig i etterforskinga.
– Mykje av saka sine tekniske beslag er derifra. Enten frå andre som har gitt inn tips, eller som har tatt kontakt med politiet etter at saka blei omtalt i media i fjor. Men så er det også sikra mykje beslag, seier Jensen.
I tillegg til seksuelle forhold og tilfelle av tvang, er det fleire tilfelle av at mannen har tatt opp forbrukslån og kredittkort i dei fornærma sine namn. Han har også bestilt fleire reiser på kreditt med fornærma sine kontoar.
Farleg?
Fleire av kvinnene som er fornærma i saka er psykisk utviklingshemma, medan andre har personlegdomsforstyrringar. Jensen opplyser om at kvinnene har forklart seg i tilrettelagde avhøyr.
– Kva kan du seie om tilstanden til den tiltalte?
– Det er gjennomført judisiell observasjon av tiltalte, og det er ingenting der som tydar på manglande skyldevne.
Statsadvokaten held det ope om dei kjem til å krevje ein forvaringsdom.
– Er det her snakk om ein person ein kan sjå på som farleg?
– Det er vanskeleg å svare på no. Det tenker eg at bevisføringa vil avdekke. Og så er det jo ei vurdering som skal gjerast knytt til risikovurdering. Kva er fara for gjentaking? Det vil dei sakkunnige kunne seie noko om.
Saka skal opp i Nord-Troms og Senja tingrett i januar. Det er sett av tre veker til behandling i retten.
Advokat: Erkjenner ikkje straffskyld
Bjørn Winquist er advokat og forsvarar mannen. Han svarer skriftleg til NRK at klienten ikkje erkjenner straffskyld.
– Han stiller seg uforståande til tiltalen og dei handlingane som er skildra. Klienten ser fram til å møte i retten i Tromsø, forklare seg og få saka grundig belyst, skriv Winquist og legg til at mannen meiner det ikkje er grunnlag for forvaring.
– Når det gjeld video på nett, opplever klienten at dette er ein arena som ofte blandar underhaldning og verkelegheit, skriv advokaten vidare.
Den tiltalte ønsker ikkje at namnet hans kjem fram i dekkinga av saka.
– Klienten meiner at det ikkje burde vere omtale av han i saka, ettersom at han ikkje er ein offentleg person, og at identiteten burde skjermast for å inngå førehandsdømming, særleg i ei sak med så alvorlege skuldingar som her, avsluttar advokaten i ein e-post til NRK.
Publisert 26.11.2025, kl. 14.35 Oppdatert 26.11.2025, kl. 15.53
















English (US)