Mann sikta for å ha valdteke barn under 14 år

5 days ago 12



Ein mann er sikta etter straffelovas paragraf 299, for valdtekt av barn under 14 år.

– Han vedgår ikkje straffskuld, seier forsvarar Jørgen Riple.

Påtalemakta har bedt om fire veker varetektsfengsling med brev- og besøksforbod og fått medhald i det. Éi av vekene er i full isolasjon.

Fengslingsmøtet i Hordaland tingrett laurdag føremiddag var stengd for pressa.

– Det er ei avgjerd som blir tatt i bruk av omsyn til etterforskinga og til dei involverte partane, seier politiadvokat Katrine Engelsgjerd Eikestad.

Katrine Eikestad, påtaleansvarlig

Politiadvokat Katrine Engelsgjerd Eikestad vil ikkje kommentere alder på mannen, kor hendinga skal ha skjedd eller forholdet mellom sikta og fornærma.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Fornærma er mindreårig, og så er det forhold frå min klient si side som gjer at det var ønskeleg med lukka dører, seier Riple.

Har ikkje forklart seg

Politiadvokat Eikestad vil ikkje kommentere alder på den sikta, når eller kor hendinga skal ha skjedd.

– Per no er det alt for tidleg å gå ut med.

Ho seier at etterforskinga er i ei tidleg fase og at politiet av omsyn til dei involverte ikkje vil kommentere innhaldet i saka eller etterforskinga.

Jørgen Riple, forsvarer

Advokat Jørgen Riple forsvarar den sikta mannen, som ikkje vedgår straffskuld.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Mannen har laurdag føremiddag ikkje forklart seg til politiet.

Forsvarar Jørgen Riple seier til NRK at han har bedt om at klienten blir lauslaten.

– Eg har råda han til å vente med å svare på spørsmål og til å svare nei på spørsmålet om straffskuld, seier forsvarar Jørgen Riple.

Riple vil heller ikkje seie noko om relasjon mellom sikta og fornærma.

Hei!

Tenkte du på noko spesielt då du las saka? Eller har du tips til andre saker eg burde sjå på?
Ta gjerne kontakt. 

Publisert 14.09.2024, kl. 13.49 Oppdatert 14.09.2024, kl. 13.56

Read Entire Article