Mann bekrefta død etter å ha køyrt på eit steingjerde

1 month ago 16



Politiet fekk melding om ei trafikkulukke og rykka ut til Ålgård klokka 09:59 i dag. Dei bekrefter nå at mannen er død.

Pårørande er varsla.

Vitne fortel mannen var ved bevisstheit rett etter ulukka, men falt om idet naudetatane kom til staden.

Det vart starta hjarte-lunge-redning (HLR) med ein gong, men livet til mannen stod ikkje til å redde.

– Dei heldt på med HLR i nesten ein og ein halv time trur eg, dei prøvde alt dei klarte, seier Naser, eit vitne på staden.

Han kom til staden rett etter sjølve ulukka skjedde og fekk kontakt med mannen og prata med han før naudetatane kom.

– Det er første gong eg opplev noko sånt. Det er tragisk, ikkje ei god oppleving, seier Naser.

Inn i steingjerde

Bilen skal ha køyrt inn i eit lågt steingjerde og vidare over det før den stoppa.

Politiet opplyser om at det var store skadar på bilen. Dei opprettar sak og etterforskar vidare.

Publisert 27.07.2024, kl. 14.44 Oppdatert 27.07.2024, kl. 14.48

Read Entire Article