Maduro annonserer seks nye år med makt: – No er det nok

1 month ago 16



Valstyresmaktene, som president Nicolás Maduro sjølv har kontroll over, hevda måndag at han vann valet i helga.

Då gjekk tusenvis av demonstrantar ut i gatene. Mange gjekk milevis frå fattige strøk og inn til sentrum av hovudstaden Caracas.

Det er nemleg få som trur at Maduro var den rettmessige vinnaren. Meiningsmålingane før valet viste at opposisjonen låg an til å vinne, med godt fleirtal.

En mann i hettegenser med ryggen til løfter armene. Han står foran flere dekk som brenner.

Foto: Matias Delacroix / AP

Opposisjonen hevdar dei vann

President Maduro sa på førehand at han kom til å respektere det offisielle valresultatet, men folket frykta at det ville bli juksa med.

Natt til tysdag seier opposisjonsleiar Maria Corina Machado at dei kan bevise at det var dei som vant valet. Ifølge Machado fekk opposisjonen 73,2 prosent av stemmene. Det melder Reuters.

Dei hadde fleire medarbeidarar til stades i vallokala rundt om i landet for å observere stemmetellinga.

Venezuelan opposition leader Maria Corina Machado and opposition presidential candidate Edmundo Gonzalez hold press conference, in Caracas

Opposisjonsleiar Maria Vorina Machado og presidentkandidat Edmundo Gonzalez meiner det var dei som vann valet.

Foto: Maxwell Briceno / Reuters

– No er det nok

Etter 11 år med eit undertrykkande regime under president Maduros, var folk klare for ei forandring. Dei nærmare 8 millionane som har flykta landet på grunn av dårlege levekår og forfølging, hadde håpa å kunne reise tilbake.

Demonstrantane viser sin frustrasjon på dei måtane dei kan. I gatene er det sett fyr på plakatar av Maduro. Folk køyrer motorsyklar og slår på kasseroller, slagordet «fridom, fridom, fridom» går att.

– Vi er slitne. Eg har levd i 23 år under den same regjeringa, og det har alltid vore det same, drit og meir drit. No er det nok, eg vil at dottera mi skal få ei framtid, seier 23 år gamle Hemgerly Serrano til AP.

An opponent of Venezuelan President Nicolas Maduro's government steps on an election campaign poster with the image of Maduro during a protest at the Petare neighborhood in Caracas on July 29, 2024, a day after the Venezuelan presidential election. President Nicolas Maduro was declared the winner of Venezuela's presidential election but the opposition and key regional neighbours immediately rejected the official results. (Photo by Raul ARBOLEDA / AFP)

Motstandarar av den venezuelanske presidenten Nicolás Maduro har tatt til gatene.

Foto: RAUL ARBOLEDA / AFP

Venezuelas foreinte sosialistparti blei grunnlagt av avdøde Hugo Chávez, og har vore i regjering sidan 2007. Chávez var president frå 1999 og fram til Maduro tok over i 2013.

Landet har vore i ei djup økonomisk og politisk krise i rundt ti år. Landet har slite med hyperinflasjon og mangel på mat og medisinar.

Demontranter slår på kasseroller etter Maduros valgseier i Venezuela.

Demonstrantane har tatt til gatene og skranglar med kasseroller. Det er ein tradisjon i Latin-Amerika.

Foto: YURI CORTEZ / AFP

Minst to drepne

Sikkerheitsstyrkar er sendt ut i gatene for å stanse protestane. Ifølge AFP bruker politiet tåregass og gummikuler mot demonstrantane.

Fleire skal ha døydd i protestane. Minst ein er død i delstaten Yaracuy, ifølge menneskerettsorganisasjonen Foro Penal. Reuters skriv at to personar skal ha døydd i byen Maracay og i delstaten Táchira.

Ifølge Foro Penal er også 46 demonstrantar blitt arresterte.

Venezuela Valg Tåregass

Ein mann hjelper ei kvinne som har blitt treft av tåregass.

Foto: Cristian Hernandez / AP

Ikkje noko ein har sett tidlegare

– Dette er noko vi ikkje har sett tidlegare, at det er dei fattige som går ut mot presidenten og ønsker at stemmene deira skal bli høyrt, seier Benedicte Bull, statsvitar med fokus på Latin-Amerika.

Ho seier situasjonen i landet er svært usikker på grunn av indre press, men også internasjonalt press, og legg til at militær maktbruk er det siste Maduro burde gjere no.

– Presidenten treng legitimitet både internt og internasjonalt for å få oppheve sanksjonar, og for å tiltrekke seg fleire internasjonale investeringar.

USAs sanksjonar, særleg dei retta mot oljeindustrien, har fått store økonomiske konsekvensar for landet.

Opponents of Venezuelan President Nicolas Maduro's government protest in Caracas on July 29, 2024, a day after the Venezuelan presidential election. Protests erupted in parts of Caracas Monday against the re-election victory claimed by Venezuelan President Nicolas Maduro but disputed by the opposition and questioned internationally, AFP journalists observed. (Photo by RAUL ARBOLEDA / AFP)

Demonstrantar har tatt til gatene i den venezuelanske hovudstaden Caracas for å protestere mot Nicolas Maduros valsiger.

Foto: RAUL ARBOLEDA / AFP

Få allierte igjen

Det er ikkje berre opposisjonen som har sådd tvil om valresultatet. Det same har fleire av Venezuelas naboland og USA.

Biden-administrasjonen har sagt at ei manipulering av valresultatet har fjerna «all truverd» frå Maduros sigerserklæring, skriv Reuters.

Venezuela sjølv har henta heim diplomatar frå sju land i regionen etter at dei motsette seg valresultatet. Chile, Costa Rica, Panama, Peru, Den dominikanske republikk, Uruguay og Argentina.

– Maduro står igjen med ganske få allierte, som er Russland og Kina og ei lita handfull latinamerikanske land, seier Venezuela-ekspert Benedicte Bull.

Både Panama og Peru har svart med å kalle heim ambassadørane sine frå Venezuela, og bryt diplomatiske band med landet.

Nicolas Maduro på talarstolen

Nicolás Maduro med dokumentet som skal vise at han er vinnaren av presidentvalet.

Foto: Leonardo Fernandez Viloria / Reuters

Også Noreg ber om openheit

Noreg har hatt ei leiarrolle i forhandlingane mellom Maduro og opposisjonen i landet sidan 2019, og vore ein fasilitator i forbindelse med valet.

På Dagsnytt 18 på fredag sa utanriksministerens statssekretær Andreas Kravik at dei hadde eit håp om partane skulle følge demokratiske spelereglar i valet, og at dei er «forsiktige optimistar» overfor korleis valet skulle utarte seg.

Søndag oppfordrar også UD til ei uavhengig verifisering av valresultatet.

– Full openheit er avgjerande for truverda og legitimiteten til valet, heiter det i meldinga.

Publisert 29.07.2024, kl. 21.22 Oppdatert 30.07.2024, kl. 06.58

Read Entire Article