Lyste med laser mot luftambulanse

2 hours ago 1



Det var i sommar at politiet fekk fleire meldingar frå Bergen lufthamn Flesland om laserbruk.

Eitt av fartøya som vart treft var ein luftambulanse ute på oppdrag.

– Eg har opplevd laser før, men ikkje så kraftig som i går. Det verka målretta, sa legen som var om bord til Bergens Tidende dagen etter.

No er ein 24 år gamal mann tiltalt for brot på strålevernlova. Han må møte i retten neste år.

Farleg

Politiet klarte å lokalisere laserbruken frå ein leilegheit på Minde i Bergen. Slik laserbruk mot både fly og helikopter utgjer ein stor fare.

– Det oppstod risiko for blending og for distraherande refleksar for besetninga i helikopteret, heiter det i tiltalen som er tatt ut mot 24-åringen.

Tiltalen vart først omtala av NRK.

Lyste med denne på Forsvarets helikopter – må i fengsel

Shoppa på AliExpress

Mannen hadde kjøpt laserpeikaren nokre månader tidlegare, frå nettbutikken AliExpress. 

Laserlyset var grønt og i sokalla klasse 3B.

Ein slik laser kan føre til umiddelbar augeskade for dei som blir utsett for den.

Det er sett av éin dag til rettssaka i Hordaland tingrett i Bergen i mars neste år. Det er ikkje kjent korleis mannen stiller seg til tiltalen. Forsvarar Anette Askevold har ikkje høve til å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Read Entire Article