«Lykkeland» er tilbake! Kva er sant i sesong 3?

2 hours ago 7



Det er ingen tvil om at sesong tre skjer på 1980-talet!

Kor mykje av det som skjer i serien er sant, og kva er tant og fjas? Vi startar med noko ein ikkje kan unngå å legge merke til.

Kva har skjedd med hårmoten?

Fra tv-serien "Lykkeland". Karakteren Christian har fått seg hockeysveis og sitter i en gymsal, ikledd grønn jakke.

Reiar-arving Christian er tilbake! Med ny sveis.

Foto: Maipo

Første episode byr på eit gledeleg gjensyn med mange karakterar.

Vi startar i 1987, og det har skjedd noko med sveisen til dei fleste karakterane. Christian har til dømes latt håret vekse, særleg i nakken.

Her treffer serieskaparane blink! Slik var det vanleg å sjå ut på 1980-talet.

I Noreg fekk sveisen namnet «hockeysveis», og det var topp mote.

  • Musiker David Bowie og Peter Frampton i New York i 1987.

    David Bowie var glad i hockeysveisen. Her i 1987.

  • Creation - Grand Prix 1986

    Det norske bandet "Creation" hadde også imponerande hockeysveiser i Melodi Grand Prix i 1986.

  • Melodi Grand Prix 1986 - norsk finale

    Jarl Goli med ein majestetisk hockeysveis, også i 1986.

Frisyren har gjort eit lite comeback i dag, likevel sleit «Lykkeland»-skaparane med å finne nok statistar med hockeysveis. I fjor vinter måtte dei rykke ut og etterlyse menn med Stavanger-dialekt og langt hår i nakken.

Sleit dykkarane med HPNS?

Tredje sesongen handlar mellom anna om korleis dykkaryrket er i endring. I første episode snakkar dei om HPNS, etter at Martin får problem under eit testdykk.

Fra Lykkeland. Dykker i blå drakt på vei inn gjennom en luke i en trykktank.

Dykkaren Martin er tilbake. Han får problem under eit testdykk.

Foto: Maipo Film/NRK

Det står for High Pressure Nervous Syndrome.

Det er riktig at fleire dykkarar blei ramma av HPNS, eller høgtrykks nervesyndrom, som vi seier på norsk.

Det er ei dykkerelatert liding, som kan oppstå når ein dykkar djupare enn 100 meter.

Symptoma kan vere kvalme, svimmelheit, skjelving og konsentrasjonsvanskar. Akkurat slik som Martin får i episoden.

Blei det brått vanleg med overlevingsdrakt i helikopteret?

Ja.

I dei første sesongane av «Lykkeland» har oljearbeidarane på seg vanlege klede når dei sit i helikopteret på veg til arbeid på plattforma.

I tredje sesongen har dei plutseleg på seg oransje overlevingsdrakter. Dette speglar ei utvikling som faktisk skjedde.

Fra TV-serien Lykkeland. Oljearbeidere sitter i helikopter med oransje overlevelsesdrakter på.
Fra Lykkeland. Karakteren Rein er på vei ut på plattformen i vanlige klær.

Rein på veg til plattformen før og etter dei nye tryggingsreglane.

På 1980-talet byrja oljeselskapa å tenkje meir på helse, miljø og tryggleik, og krava blei strengare. Overlevingsdrakter blei ein ny standard i helikoptera.

Det hadde vore fleire ulykker offshore, til dømes hadde fleire helikopter måtta naudlande i Nordsjøen. Sjølv om passasjerane overlevde landinga, risikerte dei å miste livet dersom dei hamna i den kalde Nordsjøen utan redningsdrakt.

Fleire peikar på at særleg tragedien på Alexander Kielland-plattforma blei eit skilje når det gjeld tryggleiken offshore generelt. Då plattforma kantra, rakk berre åtte av dei 212 personane på Kielland å få på seg redningsdrakt.

Ulukka bidrog sterkt til at krava til beredskap og tryggingsutstyr blei skjerpa.

Men er ikkje det... Herman Flesvig?

Fra Lykkeland. Mann med lyst hår og skjegg leser seg mot hylle, og har en ølflaske foran seg.

Komikar Herman Flesvig i rolla som Sture Molvik.

Foto: Maipo/NRK

Visst er det! Mange blei kjent med komikaren i suksess-serien «Førstegangstjenesten».

Kva gjer komikaren i tredje sesong av «Lykkeland»?

Førstegangstjenesten S02E01. Herman Flesvig i rollen som Tanja-Laila.

Herman Flesvig tok tv-sjåarane med storm, mellom anna som Tanja-Laila Gaup i «Førstegangstjenesten».

Jo, ifølge regissør Petter Næss ville Flesvig gjerne gjere ei seriøs rolle.

Det har han fått, i rolla som ingeniøren Sture Molvik. Vi kan røpe at tv-sjåarane får sjå meir til han i dei kommande episodane.

Tidlegare hadde Flesvig ei rolle i serien «Beforeigners», men utanom det, er dette første gong han har ei stor rolle i ein dramaproduksjon.

Hadde vi Donald-brus på 1980-talet?

Fra Lykkeland. Marie har på blå genser og caps, og drikker Donaldbrus.

Foto: Maipo

Reiar-dottera Marie har blitt nokre år eldre sidan sist. Ho er ein ivrig seglar, og får Donald-brus etter segl-treninga.

Fanst det?

Visst fanst Donald-brus! Det var ein populær brus som blei laga av fleire ulike produsentar. Mange ungar var vande med å få Donald-brus i bursdagsselskap.

For nokre år sidan skreiv NRK om Tove Nilssen, som har ei Disney-samling som er verd fleire hundre tusen kronar. Donald-brusen er ein del av samlinga.

Donald-brus på en hylle i Nilssens Disney-rom.

Donald-brus blir ikkje laga i Noreg lenger, men kunne sjå slik ut.

Foto: Helena Rønning

Fekk oljearbeidarar kappa av fingrar i ulykker?

Ganske tidleg i første episode er oljearbeidaren Rein uheldig og får fingeren kappa av på plattforma. Inntrykket frå serien er at det var ganske vanleg.

Skjedde sånt?

Vi har spurt det tidlegare Petroleumstilsynet, som no heiter Havindustritilsynet.

Lykkeland S03E01. Karakteren Rein har bandasje på den ene hånden og viser tommel opp med den andre hånden.

Rein har vore uheldig og er sjukmeldt etter ei ulykke på boredekket.

– Ja, dette skjedde ei rekke gongar.

Det fortel Øyvind Tuntland i Havindustritilsynet.

Fingrar var særleg utsett.

Han forklarer at boredekket var ein risikabel stad å jobbe, fordi det alltid var glatt på grunn av mykje oljeslam. Dermed var det vanskeleg å fote seg, samstundes som folk jobba med utstyr som var både svært og tungt.

Dermed gjekk det gale ei rekke gongar.

Det var mellom anna derfor det kom krav om mekanisk røyrhandtering på boredekk.

Var basketball stort i Noreg på 1980-talet?

Karakteren Marius er med i tredje sesong, og sidan sist har han blitt ungdom.

Han køyrer bil og høyrer på «Timbuk 3». Dessutan spelar Marius basketball.

Fra Lykkeland. Karakteren Marius sitter ved siden av en kamerat i bil.

Marius er blitt eldre og kan køyre bil.

Foto: Maipo

Var basket ein populær idrett i Noreg?

Ja, her er «Lykkeland» på merket.

Ifølge Noregs Basketballforbund markerte nemleg 1980- og særleg 1990-talet eit gjennombrot for sporten i Noreg.

Marius har begynt å spele basketball.

– Det skuldast mellom anna at forbundet satsa på rekruttering i perioden. I tillegg starta norske klubbar å hente halvprofesjonelle spelarar frå utlandet – særleg frå USA, fortel Tor Christian Bakken, visepresident i Norges Basketballforbund, NBBF.

Han legg til at OL i Barcelona i 1992 hadde mykje å seie, for då deltok USA med sitt berømte «Dream Team». Spelarane Michael Jordan, «Magic» Johnson og Larry Bird hadde stor effekt på interessa.

Michael Jordan

Michael Jordan hoppar høgt over lagspelar «Magic» Johnson, og får slått bort ballen til motspelarane under i OL i Barcelona i 1992.

Foto: Susan Ragan / Ap

– Plutseleg hadde vi problem med å skaffe nok halltid, trenarar og dommarar til alle som ville spele basket, seier Bakken.

Er det sant at det var null aktivitet på Mongstad?

I serien blir karakteren Anna sjokkert, fordi ho heilt tilfeldig får vite at det ikkje skjer noko som helst på oljeraffineriet Mongstad.

Fra Lykkeland. Kvinne med mørkt hår og rosa bluse ser til siden for kamera.

Anna jobbar framleis i Oljedirektoratet, og får seg eit sjokk i første episode.

Foto: Maipo Film/NRK

Er dette basert på sanninga?

Ja, og dette er ei sak som vakte enorm merksemd då ho først blei kjend.

Media kalla det som skjedde for «Mongstad-skandalen».

Sjå nyheitssending frå NRK om Mongstad-skandalen i 1987.

Det som skjedde, enkelt forklart, var at Statoil sprengde budsjettet då dei bygde ut oljeraffineriet på Mongstad. Dei klarte ikkje å drifte oljeraffineriet.

Dei første varsla om budsjettoverskridingar kom i september 1987. Då var det snakk om overskridingar på 3,8 milliardar kroner, men sluttsummen blei endå høgare.

Sjå sesongpremieren her!

Og har du sett to episoder allereie, kan du også sjekke fakta på den neste:

Sjekk ut tidlegare artiklar her.

Kjelder:

Frode Fanebust: «Dypt urettferdig». Kristin Øye Gjerde og Helge Ryggvik: «Nordsjødykkere». Ole Martin Ihle: «Da He-Man kom til Norge. En fortelling om å vokse opp i Norge på 80-tallet». Havindustritilsynet. Store Norske Leksikon. Norges Basketballforbund. NRK. NTB.

Publisert 27.10.2024, kl. 19.46

Read Entire Article