– Eg liker å sjå kva rytme dei har på spelet og kva rørsler dei pleier å angripe med, seier Katrine Lunde.
Lunde storspelte i VM-opninga mot Sør-Korea torsdag. Ein redningsprosent på over 60 bidrog til 34-19-siger.
På pressetreffet dagen etter var det igjen mange som ville snakke med målvaktstjerna.
– Forsvaret var fantastiske i går. Men eg prøver å ta til meg det som eg gjer bra, sånn at det bygger opp min sjølvtillit igjen, seier 45-åringen.
– Medmenneskeleg i kaoset til idretten
– Ho er eineståande. Ho har vore eit anker i laget vårt i lang tid, seier Veronica Kristiansen.
Veronica Kristiansen har spelt saman med Katrine Lunde i mange år.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBBakspelaren seier Lunde er eit fantastisk menneske, som utstrålar tryggleik til lagvenninnene sine.
– Ho er medmenneskeleg i kaoset til idretten. Så ho er heilt fantastisk.
Lunde har alltid brukt mykje tid på å førebu seg til kampar. Og ho skriv researchen ned i eigne notatbøker.
Det har ho gjort heilt sidan ho slo gjennom for Våg heime i Kristiansand tidleg på 2000-talet.
– Det er mange bøker, veldig mange, stadfestar ho.
Målvakta har sagt at VM blir hennar siste meisterskap. Men framtida på klubbnivå er ikkje avklart ennå.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB45-åringen, som spelar i sitt 25. meisterskap, skriv før kvar kamp ned analysen sin av motstandaren. Kor dei skyt og kva rørsler dei kjem i angrep med.
– Ein prøver å lage eit lite mønster i hovudet og lagre det mentalt. Då er ein klar når kampen kjem, og det skjer litt automatisk, seier Lunde.
Etter kampen skriv ho også ei vurdering av analysen ho har gjort i forkant.
– Blir nok kasta i søpla
Ho er no inne i sitt siste meisterskap, men har ikkje avgjort vidare framtid på klubbnivå.
Mange målvakter ville truleg gitt mykje for å få ta ein titt på notata til ei av dei beste målvaktene i verda.
Men Lunde har ikkje planar om å samle dei i bokform.
– Eg trur nok berre dei blir kasta i søpla, seier ho og ler.
– Du har ikkje tenkt å levere vidare til arvtakarane dine og dele med dei?
– Om dei har lyst, skal dei få lov til det, avsluttar ho.
Katrine Lunde med symbolet på at ho blei kåra til banens beste i VM-opninga mot Sør-Korea.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBKviler truleg mot Kasakhstan
Truleg vil Lunde få kvile i kampen mot Kasakhstan laurdag.
Landslagssjef Ole Gustav Gjekstad signaliserer at det blir ein kamp der dei kan trene på ting dei kan få bruk for seinare i meisterskapen.
– Vi har mange ting vi skal jobbe med, både angrepsmessig og forsvarsmessig. Vi kjem til å teste ut alternative formasjonar i den kampen, seier Gjekstad.
Trenaren går langt i å love norsk siger.
– Eg er ganske sikker på at vi kjem til å vinne, og vi bør vinne ganske komfortabelt.
Publisert 28.11.2025, kl. 14.12


















English (US)