– Det er ei smart handling. Om det er medvitent så er dei ei smart handling utan tvil, og når det har skjedd så mange gonger så trur eg det er heilt medvitent, seier NRK ekspert Kenneth Gabrielsen.
Vi skal tilbake til andre omgang mot Ungarn. Katrine Lunde har utspel frå mål og skal skyte mot si lagvenninne i den midtre sirkelen. I staden treff ho ungarske Csenge Kuczora som står i vegen for Noregs spelar i sirkelen.
Reglane i handball er krystallklare.
Står du i vegen for eit utspel i midtre sirkelen er det to minuttar utvising. Det spanske dommarparet var ikkje i tvil og sende den ungarske spelaren rett ut.
Ikkje ei uvanleg finte frå den norske målvaktkjempa om vi skal tru Storhamar-trenar og NRK-ekspert under meisterskapet, Kenneth Gabrielsen.
– Ho utnytta berre systemet slik regelen er. Det er ei smart handling. Sett det mange gonger. Det laget eg trenar, vi trenar faktisk på at når vi møter Vipers at vi skal halde oss unna der, for ikkje å bli skoten på av Katrine Lunde.
Har sett det før
Noregs målvaktdronning, som under OL i sommar i Paris vart kåra til meisterskapets beste spelar, meiner det først og fremst var eit uhell.
– Eg gjorde faktisk ikkje det no. Ho ser tilbake om det kjem nokon ball og så held ho fram med å springe, så det var veldig uventa sånn sett. Det var litt utaktisk av ho der då. Eg kan jo tenke på det, men akkurat då var det å få opp ballen faktisk.
– Vår ekspert meiner han har sett den finta før?
– Eg kastar han så fort eg kan, men så lenge det er fordel for oss, smiler sørlandsjenta lurt.
Stine Skogrand må også le når ho høyrer Katrine Lunde forklare seg i pressesona etter kamp.
– Om ho ikkje er heilt medviten, så ligg det nok i underbevisstheita, trur eg. Som Katrine seier, så handlar det om å få ballen raskast mot midten og så er det berre ein bonus når det er ein spelar i vegen.
– Har du sett det før?
– Ja, eg har sett det før, seier ho med eit smil.
Har lenge snakka om Lunde
NRK-ekspert Kenneth Gabrielsen seier at dette lenge har vore ein «snakkis» i handballmiljøet. Ifølgje han har han opplevd det både i seriespel i norsk liga og i meisterligaen.
– Kanskje vi skal lære opp alle målvakta til å gjere det same, så blir det reine flipper-spelet utpå der.
Landslagstrenar Thorir Hergeirsson er meir forsiktig når han skal skildre situasjonen til den trufaste målvakta som har tillit gjennom hans 15 år som trenar for den norske handballandslaget.
– Ho prøver kaste rakst til vår linjespelar. Motspelaren spring på tvers og det er hennar ansvar og ho blir treft, så det ansvaret ligg hjå utespelaren.
– Ikkje eit medvite kast?
– Det var eit raskt utkast og så står ho i vegen, konkluderer islendingen og trekk litt på smilebandet.
Publisert 14.12.2024, kl. 20.00 Oppdatert 14.12.2024, kl. 20.03