Onsdag morgon gjekk det er snøskred over vegen til Henningsvær.
Det populære fiskevêret er isolert, og for å informere dei mange turistane som er på besøk gjer lokalavisa eit uvanleg grep.
For første gong har dei laga ein nettartikkel på kinesisk.
– Det første gong eg har brukt Google omsettar for å forstå kva vi har skrive. Det har eg ikkje opplevd før. Det er ei spesiell oppleving.
Det seier sjefredaktør og administrerande direktør Jan Eivind Fredly i Lofotposten.
– Eg blir veldig stolt over at vi har dyktige tilsette som er frampå og tilbyr innhaldet vårt i ulike språk, og veit at lokale lesarar set pris på at vi gjer det, seier Fredly.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Med så mykje asiatiske turistar som er i Lofoten akkurat nå, så valde vi å publisere han både på engelsk og kinesisk for å nå ut til flest mogleg om informasjon.
Lofoten har blitt eit svært populært reisemål og denne veka har det vore eit særleg stort trykk.
Sjefredaktøren fortel at dei både ser frieri ute på torget og fulle restaurantar.
– Ein del av det er nok knytt til det kinesiske nyåret.
Det er likevel ikkje berre positivt med innrykket. Turistane har også skapt trøbbel på vegane.
Det har vore fleire utforkøyringar med turistar. Ifølge Lofotposten blei ein asiatisk sjåfør nyleg fråteken lappen etter ei ulykke på E10.
Utfordringa er lik også lenger nord i landet. Tidlegare denne veka blei ein kinesisk statsborgar utestengd frå Noreg etter å ha kollidert med eit vogntog på E8 i Troms.
Vil ha informasjonen breitt ut
Avisa har tidlegare publisert artiklar på engelsk, men denne gongen valde redaksjonen å omsette saka til kinesisk.
– Det er ikkje sånn at vi trur at dei kinesiske turistane orienterer seg gjennom Lofotposten. Vi er først og fremst til for lokalbefolkninga og alle som vil halde seg oppdaterte på Lofoten, seier Fredly og legg til:
– I tillegg til å publisere artikkelen, så har vi sendt ut melding og tatt kontakt med fleire reiselivsaktørar med oppfordring om å dele og distribuere informasjonen.
Artikkelen blei omsett med kunstig intelligens og kvalitetssikra av redaksjonen.
– Det var ingen internt i redaksjonen som sat på den kunnskapen i dette tilfellet, så vi måtte ut. Men det er gjennomgått av folk som kan kinesisk og kvalitetssikra, så vi ikkje gjekk ut med noko som var meir undertonane enn nyttig.
– Når det er så mange som ikkje er norsk så spelar vi naturleg nok på lag med lokalsamfunnet og gjer det vi kan for å hjelpe til med å få informasjonen breitt ut.
Når NRK snakkar med Fredly er den kinesiske saka den nest mest lesne saka, berre slått av turistbussen som køyrde ut på E10.
Publisert 18.02.2026, kl. 12.18 Oppdatert 18.02.2026, kl. 12.53










English (US)