Livreddande førstehjelp i Alver
Naudetatar og luftambulanse rykka ut etter melding om ei traktorulykka i Alver i Vestland i ettermiddag. Ein person fekk hjarte- og lungeredning på staden.
Klokka 14:15 melder politiet at det mest truleg ikkje er snakk om ei ulukke knytt til traktoren.
– Personen vart funnen ved sida av traktoren, det kan difor framstå som ei helserelatert hending, seier Bjarte Rebnor i Vest politidistrikt.