Språket er bra, men handlinga urealistisk i Lene Ask sin nye ungdomsroman.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Lene Ask: Ikke visne. Ungdomsroman. 122 sider. Gyldendal.
Maria er ei tilsynelatande heit vanleg tenåringsjente som bur på ein gard saman med foreldra og tvillingsystera Signe. Sundagane går med til å gå i kyrkja med familien, og dei andre dagane tar ho ferja til skulen og teiknar når ho kjem heim. Når boka startar, er det berre få dagar til mora til Maria har bursdag, og Maria har teikna eit bilete av mora som ho skal gi henne.
Det første eg tenker på når eg les denne delen, er Ari Behn si gravferd i januar 2020 og den nydelege teikninga som stod oppå kista som var teikna av dottera Maud Angelica Behn. Ho skulle gi teikninga til han til jul, men han døydde før han fekk sett teikninga.
Eg veit ikkje om Lene Ask har hatt dette i bakhovudet då ho skreiv boka, men historia gjentar seg: Maria får aldri gitt mora teikninga ho har laga, for rett før fødselsdagen døyr mora i ei tragisk ulukke.
«Ikke visne» er ein liten roman som rommar store spørsmål: Finst det ein Gud? Korleis er det mogleg å tru på ein Gud som ikkje grip inn for å hindra at forholdsvis unge, friske menneske døyr? Korleis lever ein livet etter at livet har blitt snudd opp ned, og kor mykje glede har ein rett til å søka når ein har opplevd det verste ein kan førestilla seg?
Ask er på sitt beste når ho tar oss med på ferjeturane kor den snille – men hjelp, ikkje kristne – guten Morten jobbar. Me får kjenna på forventningane når Maria blir invitert med på skuleball og skal få låna fin kjole og køyra limousin, og så får me kjenna på alt det såre og vonde når Maria endar opp med å føla seg utestengt. Eg blir kasta rett tilbake til ungdomstida, til alle kjenslene som oppstår og blir forsterka når ein prøver å finna ut kven ein er og kva ein vil.
Hadde alt vore like realistisk som når Ask skildrar relasjonane mellom ungdommane, hadde dette vore ei av årets beste bøker, men kvaliteten held seg ikkje gjennom heile romanen. Språket er godt, men handlinga har store hol som det er umogleg å oversjå.
Krisehandteringa etter at mora døyr er ikkje-eksisterande, og hadde Maria og Signe vore verkelege personar, hadde det blitt skrive lange rapportar om svikt frå det offentlege. At to barn skal oppleve ei ulukke som den mora blir utsett for i denne boka, utan at nokon følgjer opp, utan at det blir sett inn kriseteam og fagfolk, det er urealistisk. Ein kan lura på om handlinga like så godt kunne utspelt seg for femti år sidan.
Det andre som skurrar er karikeringa av kristne. Det er unikt at ein ungdomsroman i 2025 så tydeleg tar opp tru og tvil som tema, men måten kristne reagerer på tvilen som kjem fram hos ein tenåring som akkurat har mista mora si, er ikkje representativt for dei kristne samanhengane eg kjenner til.
«Ikke visne» er ein ungdomsroman, og ut frå kategoriseringa på Norli sine nettsider, er eg minst tretten år for gammal til å vera i målgruppa. Derfor er det utfordrande å seia kor godt denne romanen vil slå an blant ungdommar i 2025. Viss eg hadde lese denne då eg var ungdom, trur eg at eg hadde likt boka, men eg trur eg hadde ønska fleire tydelege svar på nokre av hinta som kjem undervegs. Til å vera ungdomsroman er det for mykje ein berre må tolka seg fram til.
Trass i ankepunkta, er «Ikke visne» ein sterk, sår og aktuell ungdomsroman. Illustrasjonane er heilt nydelege, og særleg snøklokkene heilt til slutt i boka. For finst det noko finare, når alt har vore mørkt og kaldt, enn snøklokker som skyt opp av jorda og gir håp om lysare tider?
Publisert:
Publisert: 6. januar 2026 12:23

1 week ago
20






English (US)