Leve lenge? Kastrering eller prevensjon kan vere svaret

2 hours ago 4



Mange prøver å finne svar på korleis vi kan leve lengst mogleg.

Det å trene, ete rett mat, og dessutan halde seg unna tobakk og alkohol, kan hjelpe.

Men nå har forskarar frå New Zealand gjort ei ny, og litt annleis oppdaging, innanfor feltet.

Dei har nemleg funne at det å bruke prevensjon eller å kastrere seg skal ha effekt på kor lenge ein lever.

Studien er publisert i det anerkjente tidsskriftet Nature.

En bavian med en babybavian i fanget. De sitter på bakken.

Desse bavianane var ein del av den nye studien.

Foto: Courtney L. Fitzpatrick / Courtney L. Fitzpatrick

Auka med 10 prosent eller meir

Kvifor lever nokre dyr lengre enn andre eigentleg?

Ein elefant kan leve i opptil 80 år. Dei får normalt berre nokre få kalvar i løpet av livet.

Ei mus, derimot, lever maksimalt nokre få år, men kan teoretisk sett føde meir enn hundre avkom.

I studien brukte forskarane data frå pattedyr i dyreparkar og akvarium. Dyra kom frå heile verda. Dei analyserte 117 ulike artar. I tillegg utførte forskarane ein metaanalyse av andre studiar som handla om sterilisering av ulike virveldyr.

Resultata viste at både bruk av hormonell prevensjon og permanent kirurgisk sterilisering, var assosiert med auka forventa levealder.

Funna viste at for mange av pattedyra, kunne effekten i forlengd levetid vere 10 prosent eller meir.

– Hos hankjønn er det berre kastrering som forlenger levetida, ikkje vasektomi. Dette kan bety at effekten kjem ved å fjerne kjønnshormon.

Det seier forskar Mike Garratt i ei pressemelding.

En smilende mann i blå skjorte. Han har lyst hår.

Mike Garratt er førsteamanuensis ved University of Otago på New Zealand.

Foto: Privat

Meiner det også gjeld folk

Hos hannane i studien såg ein at kastrering gjorde noko med oppførselen. Dyra blei mindre aggressive, som igjen reduserte risikoen for farleg åtferd og dødsfall.

I tilfellet til hoene såg ein at det var mindre sannsynleg at dei ville døy som følge av infeksjonar og smittsame sjukdommar. Dette antar forskarane kjem av at graviditet svekker immunforsvaret til mødrene.

Til NRK seier Garratt at forskinga også er relevant for deg og meg.

– Eg trur desse resultata også gjeld for menneske.

Han trur likevel at konsekvensane kan ha vore større blant forfedrane våre, som mangla tilgang til moderne helsetenester.

– I studien vår ser ein også at effekten hos dyr er sterkare når dyr lever i meir utfordrande miljø. Det same kan gjelde for menneske.

En babyelefant sammen med sin mor.

Elefantar var også blant dyra som var med i prosjektet.

Foto: Natalie O'Dell / Natalie O'Dell

– Dette er spennande

Hilde Loge Nilsen er forskar ved Oslo universitetssjukehus. Ho forskar blant anna på biologisk aldring.

Nilsen seier ein tidlegare har hatt mindre studiar på same område med liknande resultat.

– Denne studien bidrar til å systematisere data frå fleire virveldyr. Det er bra fordi viktige biologiske prosessar tenderer til å vere bevarte gjennom evolusjonen.

– Dette i seg sjølv aukar jo sjansen for at observasjonane er overførbare til menneske, seier ho.

Den norske forskaren synest nokre funn i studien er meir interessante enn andre. Det aller mest spennande meiner ho handlar om endringane i korleis dyra døyr. Og forskjellar mellom kjønna.

– Det at hodyr fekk redusert dødelegheit frå infeksjonssjukdommar er spennande. Ein forventar at risiko for utvikling av ei rekke vanlege sjukdommar vil bli reduserte om ein dempar mekanismar innan aldring.

Hilde Loge Nilsen på laboratoriet på A-hus

Hilde Loge Nilsen er professor ved Oslo universitetssjukehus.

Foto: Ketil Kern / NRK

Ulikt for kvinner og menn

For hannane såg forskarane at det hadde noko å seie for levetida om dei blei kastrerte mens dei var unge.

Dette var ikkje nødvendigvis like viktig for hoene.

Her såg ein at det å ikkje føde barn i vaksen alder kunne gi fordelar i overleving. Sjølv om ein hadde fått avkom tidlegare i livet.

Likevel finn ein negative konsekvensar av sterilisering, spesielt for kvinner, påpeikar forskar Mike Garratt.

For sjølv om levetida auka, såg ein at det å for eksempel fjerne eggstokkane, kunne prege delar av helsa til hodyra seinare i livet.

Garratt håpar studien kan føre med seg ny lærdom. Men han understrekar at det i dag, for folk, er givande å få barn.

Likevel er det viktig å forstå kva påkjenning dette kan vere for kroppen.

– Graviditet og amming kan ha stor innverknad på kvinner. Vi bør gi meir støtte både under og etter svangerskapet for å legge til rette for restitusjon. Slik kan ein minimere langsiktige konsekvensar for helsa.

Publisert 29.12.2025, kl. 15.24

Read Entire Article