– Langt utanfor fatteevne at VAR ikkje tar det

1 month ago 23



Tre minutt før pause skjedde det som kan ha sikra Bodø/Glimt eitt poeng – og avgjort Eliteserien 2024.

Molde fekk straffespark etter at Bodø/Glimts Brice Wembangomo serverte Moldes Mads Enggård ballen aleine med keeper – før han felte han.

Da Ola Brynhildsen brente straffa, var den same Wembangomo ein dryg meter inne i straffefeltet.

Ifølge regelboka skal det vere forbode, og bety nytt straffespark.

– Tatt om igjen

Kampdommar Ola Hobber Nilsen har komme seg heim etter ein hektisk ettermiddag i Molde:

– Det eg kan seie, basert på det stillbiletet, er at om det var sånn eg hadde opplevd det, så er det grunnlag for å ta det straffesparket om igjen, seier dommaren til NRK i dag.

Vidare fortel han at Uefa og Fifa har sagt det at i kvart eit straffespark vil vere ein spelar som kryssar lina når straffesparket blir tatt.

– Praktisk dømming handlar da ofte om fordelen ein oppnår når ein kryssar over lina, til dømes om det hadde vore retur frå keeper til ein spelar som har gått for tidleg inn.

Dommaren fortel at han – i motsetning til keeper Haikin – blei litt finta ut av Brynhildsens vesle stopp i tilløpet, og peiker på at det også er ein Molde-fot innafor streken i midten.

Hobber Nilsen understrekar likevel at regelen er tydeleg. I regel nummer 14 hos NFF står det:
«Andre spillere enn den som skal ta straffesparket skal: Ikke befinne seg på innsiden av straffesparkfeltet»

Likevel er dette altså ikkje mat for videodommarane, seier dommar Nilsen – utan at han kjenner grunngjevinga for det.

Molde mot VAR

Molde mot VAR med tydelege bodskap på tribunen.

Foto: Thomas Andersen / Scanpix

– Utafor fatteevne

Geir Kanestrøm er initiativtakar for «Molde mot VAR». Han snur ikkje i sitt syn på videodømming etter gårsdagens skjebnekamp.

– Vi veit at Haikin høgst truleg har forlate linja, men at det ikkje kan bevisast med absolutt sikkerheit, seier Kanestrøm.

Han peiker på at det er 40 millisekund mellom kvart TV-bilete i VAR-rommet, og at ballen difor «ser ut som ei halv meter lang pølse» når dei frys bildet.

– Difor kan VAR aldri kome fram til eit meir korrekt svar enn hovuddommar i dette tilfellet, seier VAR-motstandaren før han fyrer:

– At Wembangomo rekk å kome seg halvanna meter inn i feltet derimot, mens det sit ein handfull dommarar på Holbergs plass for å gjere fotballen meir rettferdig og presis, er langt utanfor fatteevna mi. VAR-sjef Svein Oddvar Moen meiner på si side at videodømming er ei klar utvikling og framgang.

Bør VAR bry seg om spelarar inne i feltet under straffe?

Ikkje svart

Dommarsjef Terje Hauge og VAR-sjef Svein Oddvar Moen har ikkje svart på forspørslane frå NRK i dag.

Andre Molde-supportarar NRK har snakka med seier at straffa til Brynhildsen var såpass svak at den ikkje fortente å bli tatt om att.

Med uavgjort for Bodø/Glimt i denne kampen er dei framleis i teten av ligaen, og kan avgjere seriegullet på eiga hand.

Molde er no sju poeng bak med tre kampar att, og har mest teoretiske sjansar på tittelen.

Publisert 04.11.2024, kl. 11.49 Oppdatert 04.11.2024, kl. 12.09

Read Entire Article