La ved fasiten til eksamen – studentar må ta oppgåva på ny

1 month ago 39



– Det er veldig dumt at slike feil kan få så store konsekvensar, seier reiselivsstudent Ulrikke Storvik.

I går skulle ho ta sin aller siste eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Men ganske raskt oppdaga fleire av dei 14 studentane at noko skurra.

For vedlagt oppgåva i bedriftsøkonomi og rekneskap, låg nemleg fasiten.

Feilen blei varsla inn og halvanna time etter eksamensstart kom beskjeden: Eksamen måtte avlysast.

– Det blei jo litt panikk i klasserommet. Vi sat alle som nokre spørsmålsteikn, seier Storvik.

Ho skal flytte til Hemsedal og til ny jobb om to dagar og er avhengig av å ta eksamen og bli ferdig.

Det var TV 2 som først melde om saka.

Høgskulen: – Menneskeleg svikt

Høgskulen på Vestlandet (HVL) legg seg langflate etter hendinga.

– Det var ein uheldig glipp, og veldig beklageleg. Det er rett og slett ei menneskeleg misforståing, seier Gunhild Raunsgard, leiar for eksamenseininga ved HVL.

Ho forklarar at feil fil blei lasta opp for studentane, og at denne var svært lik den korrekte fila.

– Det er dessverre sånt som kan skje innimellom. Heldigvis skjer det ikkje veldig ofte, seier Raunsgård.

Ho legg til at dei no er inne i ei svært hektisk periode med mange eksamenar.

Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Reiselivsstudentane må ta eksamen på ny, men kor tid, er enno uvisst.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Skulen prøver å legge til rette for at studentane kan ta eksamen raskast råd, men det er uvisst om det blir før eller etter sommaren. Dette kjem an på kva som er råd å få til for studentane og for dei tilsette.

– Får denne hendinga konsekvensar for rutinane dykkar?

Folk blir endå meir merksame på at vi lastar opp rette filer neste gong. Vi vurderer det slik at vi har gode rutinar og gode system for eksamen, men så skjer det likevel at det kan skje feil.

Etterlyser betre eksamenssystem

Tone Merete Brekke, instituttleiar ved Handelshøgskulen HVL, seier ho ikkje kjenner til at liknande feil har skjedd hos dei tidlegare.

Dei fleste som tok eksamenen var førsteårsstudentar på bachelor-studiet, men det var også andre studentar som tok den.

Brekke viser til at det kan bli utfordringar i høve Lånekassen med stipend og lån, sidan ein her må følge ein progresjon i høve utbetalingar.

Student Ulrikke Storvik skulle gjerne pakka vekk eksamenspensumet, men slik blir det altså ikkje.

No veit ho ikkje kor tid ho får ta eksamenen.

– Det er trist og frustrerande. Det var jo ein eksamen eg hadde førebudd meg veldig godt og lenge til, seier ho.

Sjølv om Storvik har forståing for at feil kan skje, synest ho det burde vere endå betre system rundt eksamenen.

Publisert 28.05.2024, kl. 14.00

Read Entire Article