Oppdatert:52 sekunder siden
For ikkje mange år sidan blei skulebiblioteka på Byremo lagde ned nettopp fordi vi skulle bli ein del av eit nytt kombinasjonsbibliotek. Skal vi plutseleg miste dette biblioteket, det rommet som knyt oss innbyggjarar saman på fleire vis, og på nasjonalt plan er eit satsingsområde?
Biblioteket er eit viktig rom der vi kan møtast med kvar vår kultur, og ein plass for alle generasjonar. Eit rom med rettleiing til å finne bøker som tek oss med på ein reise som du endå ikkje har oppdaga.
Mange har ytra seg etter at det blei gjort kjent om kutt i ulike tenester i kommunen. Her er fleire som meiner noko om dette. Ja, økonomien er utfordrande og det må prioriterast, men biblioteket kan vi ikkje miste! Det er ein kjend sak at leseferdigheitene til ungdom er blitt svakare og svakare med åra. Og vi høyrer ofte at elevane tykkjer det er kjedeleg å lese. MEN derfor er det desto viktigare enn noko gong å oppretthalde eit funksjonelt bibliotek med kvalifiserte bibliotekarar. Vi minner gjerne om at Regjeringa kom med ein plan for lesestrategiar, «Sammen om lesing – Leselyststrategien 2024-2030»
For ei skule er biblioteket hjarterommet. Der kan vi vere stille og fråkopla frå all anna tekniske «duppedittar». Der kan vi dra ut i ei anna verd og oppleve ny innsikt i liva våre. Der er det moglegheit for utvikling, ei spennande indre reise som du kanskje elles ikkje ville fått. Å få lesaropplevingar som kan hjelpe med livsmeistring og nye tankemønster, det er tilbod vi må kjempe for, behalde, og noko vi heile tida må utvikle!
Så igjen: La oss behalde biblioteket vårt!
Lærarar på Byremo ungdomsskole
Anne Marie Vasland
Eilef Refsnes
Oddfrid Øydna












English (US)