Kvinna i 40-åra må punge ut etter å ha vore for hard på gassen i heile vår.
Heile tolv gongar vart kvinna blinka ut av fotoboksane på Austlandet i vår.
Det kjem fram i ein dom frå Follo og Nordre Østfold tingrett.
Elleve av tolv fartsoverskridingar er gjort på ein vegstrekning der det er snittmåling, noko som tyder på for høg fart over tid.
– Tiltalte, som ikkje har budd eller hatt opphald i Norge lenge, har forklart at ho ikkje visste kva ein fotoboks var og at ho meiner bilen kan ha vist ca. fem km/t lågare fart enn ho eigentleg hadde, skriv tingretten om hennar forklaring.
– Lite respekt
Kvinna er dømd til å betale ei bot på 16.000 kroner, og dessutan 14 dagar fengsel på vilkår.
Det betyr at ho slepp å sone i fengsel om ho ikkje gjer noko anna ulovleg dei neste to åra.
Sjølv om kvinna ikkje visste kva ein fotoboks var, meiner retten at ho har hatt eit køyremønster som «vitnar om at ho i liten grad har hatt respekt for den norske vegtrafikklovgivinga».
Over 100 km/t i 80-sona
Alle dei tolv fotoboks-blinkingane er gjort i 80-soner i Oslo, Elverum og Alvdal. Fartsoverskridingane fordeler seg slik:
Eitt tilfelle i november 2024
Eitt tilfelle i mars 2025
To tilfelle i april 2025
Fem tilfelle i mai 2025
Tre tilfelle i juni 2025
På det meste er ho målt til 113 km/t i 80-sona. Totalt fem fartsoverskridingar er på over 100 km/t. Resten er på 90-talet, sett bort frå ein måling på 89 km/t.
– Etter rettens syn burde tiltalte uansett ha forstått at ho køyrde fortare enn lovleg, kommenterer retten.
Retten har i straffeutmålinga teke omsyn til kvinna sin personlege og økonomiske situasjon.













English (US)