Kvifor Pride i august?

1 month ago 18



Me gjer oss klare til å feire Skeive sørlandsdager no seinare i august, slik me har gjort lenge. Kvifor ikkje i juni, lurar mange.

Skeive sørlandsdager, som var den første Pride-markeringa i Agder, vart ei tid halde i juni, men har dei siste åra vore i august, skriver innsenderen. Foto: Jacob J. Buchard

Pride var i utgangspunktet markeringar av Stonewall-opprøret som fann stad i New York den 28. juni 1969. Difor har juni blitt Pride-månad, med regnbogeflagg, kulturarrangement og føredragsseriar både i Noreg og internasjonalt. Inngangen til sommaren byd på ei stor feiring av mangfald, fridom og kjærleik.

Kvifor kjem då Skeive sørlandsdager i august? Mange lurer, og spørsmålet er godt.

Grunnen er at denne store oppsluttinga omkring Pride og skeive sine rettar er relativt nytt. Det er ikkje så mange år sidan Pride var mykje mindre og meir marginalt enn det er no. Då det ikkje var regnbogeflagg i offentlege flaggstenger og Pride-paraden ein folkefest.

For ti-tjue år sidan var pridane meir lokale hendingar, knytt til den byen der dei fann stad. Der var ikkje store fjernsynssendingar på NRK eller nasjonale/internasjonale kampanjar frå organisasjonar eller næringsliv som fronta skeivt liv og skeiv kjærleik. I den grad der var større fellesarenaer var dette storbypridane, som Oslo og Bergen i Noreg, eller dei store europeiske i Berlin, Amsterdam eller London.

For å kunne samle flest mogleg og nå ut så breitt som råd, var det ikkje eit poeng å samle alt i juni, men heller å fordele (sommar)helgene seg imellom slik at pridane ikkje kom oppå kvarandre. I teorien kunne ein, og somme gjer det framleis, reise frå pride til pride heile sommaren gjennom.

Skeive sørlandsdager, som var den første Pride-markeringa i Agder, vart ei tid halde i juni, men har dei siste åra vore i august. Som Pride i både Amsterdam og København, til dømes. Det har vore ei fin tid for å runde av sommaren, når folk er tilbake frå ferie, og me har også ønska at Skeive sørlandsdager skal kunne vere ein fin velkomst til byen for nye, særleg skeive, studentar.

I Noreg startar pride-sesongen med Vinterpride i Lillehammer i februar og sluttar med Arctic Pride i Troms og Finnmark i november. Bergen og Oslo har begge helger i juni, men Stavanger og Trondheim, til dømes, har hatt sine pridar i september.

I Agder har dei lokale pridane gjerne vore i slutten av juli eller august, slik som Skeive sørlandsdager. Det har gitt oss skeive her høve til å delta i dei større samlingane i juni, samt då å ha våre eigne, lokale markeringar her. For liksom det er viktig med større arenaer ein kan reise til, som Oslo Pride, er det viktig å også ha markeringar i byane og lokalsamfunna der me bur til vanleg.

Difor er det utruleg stas med den store tilvoksteren av lokale pride-markeringar som er komne til i Agder dei siste par åra! Lokale eldsjeler samlar folk til feiring av mangfald og tryggleik for skeive der me bur, arbeider og veks opp. Oppsluttinga rundt dei syner at dette ikkje berre viktig for oss skeive, men også for lokalsamfunna sett stort.

Men så er det også her me kjem litt i skvis. For no som juni etter kvart har blitt ein tydeleg Pride-månad er det stadig fleire som ønskjer å også ha sin lokale pride i juni. Det gir også god meining. Men på den andre sida vil ein slik konsentrasjon gjere at mange markeringar kjem oppå kvarandre, og det kan vere vanskeleg å gjennomføre alle.

Difor inviterer me nok ein gong til Skeive sørlandsdager i Kristiansand no i august, og håpar folk framleis ønskjer å feire mangfald og kjærleiksaman med oss. Med parade, feiring, fest og protest, slik me har gjort før.

Read Entire Article