Kvifor gjer ikkje regjeringa noko?

1 week ago 14



Kvifor gjer ikkje regjeringa, Senterpartiet og Arbeiderpartiet, noko med straumpriskrisa?

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Allereie i desember 2021 var prisen so gale at regjeringa til slutt vart pressa av opposisjonen til å innføre ei straumstøtte for oss borgarar. Statsminister Jonas Gard Støre skryt framleis av at me i Noreg har Europas beste prisstøtte på straum. Prisstøtta vart innført for å kompensere oss borgararar for ein totalt mislukka straumpolitikk. Energiminister Terje Åsland må nytte seg av bannord, men hjelper det. Ingvild Kjerkol, leiar av energikomiteen og leiar av programkomiteen i Arbeiderpartiet sitt svar på straumpriskrisa, er at ho ikkje vil gje konsesjon på fornying av straumkabel til Danmark. Korleis skal det gjere noko med straumpriskrisa i dag?

Straumpriskrisa er ikkje av ny dato, regjeringa har vald å ikkje gjere noko med dei grunnleggjande problema.

Lokalt på Agder er lokale orførarar, NHO og fevennen mest opptatt av at prisen er ulik i dei fem prisområda Noreg er delt inn i. Det kan verke som straumprisen er uvesentleg berre prisen er høg for alle. Mellom desse prisområda kan ikkje straumen flyte fritt, og me får ein flaskehals og flaskehalsinntektane tilfell Statnett. I staden for at regjeringa har bygd ut nettet mellom prisområda, har dei bygd utanlandsforbindelsane til Storbritannia og Tyskland.

I dag er det to hovudutfordringa og årsaka til straumpriskrisa. Kablane som gjeng til Tyskland og Storbritannia. Desse kablane er kun eksportkablar. Den andre utfordringa er at vasskrafta vår er knyt til den felles Europeiske marknaden for energi.

Det som er løysinga er å reforhandle avtalane som omfattar dei to store utanlandskablane til Storbritania og Tyskland. Dette er det rom for i avtalen.

Noreg må og nytte seg av den handlefriheten me ha som ikkje er medlem i EU. Til å frikople Norsk vasskraft frå den felles Europeiske kraftmarknaden.

I dag har verken Senterpartiet eller Arbeiderpartiet vilje (eller evne?) til å tak i straumpriskrisa og årsakene til straumpriskrisa. Høgre er heller ikkje eit alternativ. Må kanskje sette si lit til Fremskrittspartiet?

Read Entire Article