Har du også vore bekymra?
For at ein av dei store superstjernene våre skal døy altfor tidleg?
Eller kanskje har du allereie mista ein av favorittane dine?
Tupac?
Whitney Houston?
Michael Jackson?
Ny forsking tydar på at du kan ha rett i å vere bekymra.
Ifølgje ei tysk studie kan livet bokstavleg talt stå på spel når heile verda blir forelska i ein songar.
Samanstillast med røyking
Du har sikkert høyrd om personar som har døydd i ung alder.
For å finne ut om det er noko i det, samanlikna forskarar 648 songarar frå Nord-Amerika og Europa. Alle sto på scena mellom 1950 og 1990.
Så delte dei opp gruppa i dei som var berømte og dei som ikkje var blitt kjendisar.
Risikoen for død auka etter at songarane blei berømte.
Songaren Whitney Houston mottar prisen for tiårets kvinnelege artist under Soul Train Music Awards.
Foto: REUTERSStudien fann at desse kjendisane levde i gjennomsnitt 4,6 år kortare enn sine mindre kjende kollegaer.
Dei hadde også 33 prosent større risiko for å døy tidleg. Det er på linje med å røyke av og til.
Ifølgje studien slår risikoen inn tidleg.
Rapparen Tupac døydde berre 25 år gammal.
Foto: APDødelegheitskurvene begynner å skilje lag allereie når artistane er rundt 20 år gamle.
Resultata i studien er publisert i Journal of epidemiology and community health.
Åleine på scena
Michael Dufner er ein av forskarane bak studien. Han vart nysgjerrig på kva det å vere kjend gjer med songarar etter å ha forska på narsissisme hos skodespelarar.
– Eg tenkte det var interessant å studere konsekvensane av å vere kjend, seier Dufner.
Dei tyske forskarane kan ikkje slå fast kvifor det å vere berømt kan auke dødsrisikoen. Men dei har likevel ei mogleg forklaring på funna.
Årsaka kan liggje i stresset og presset som følgjer med å vere berømt.
Britney Spears var i skandaleåret 2007 eit ynda paparazzi-objekt.
Foto: APÅ vere så kjend kan for nokon vere som å leve i eit glasbur, der kvart steg og kvart ord blir vege på gullvekt av det offentlege.
Men dersom du drøymer om global dominans, så viser forskinga at vokalistar som er med i eit band lever tryggare enn soloartistane.
Heile 26 % lågare dødsrisiko hadde bandmedlemmar samanlikna med soloartistar i studien.
Forskarane trur at det kan ha noko å gjere med at dei som er i band har nokon å klamre seg fast til når vinden bles som verst, medan ein soloartist må takle livet på scenen i større grad aleine.
Epokens spor
Forskingsleiar ved Folkehelseinstituttet Vegard Skirbekk er veldig kritisk til den tyske studien.
Han meiner gruppa forskarane har valt å studere er for lita, og utvalet er for smalt til å kunne seie noko sikkert.
– At ein skulle få høgare dødelegheit av å vere meir berømte, trur eg er ein veldig skjør hypotese. Det kan definitivt gå begge vegar, seier Skirbekk.
Forskningsleder Vegard Skirbekk ved Folkehelseinstituttet.
Foto: SSB
Forskaren Michael Dufner er open for kritikken, men ikkje einig.
– Vi ville studere høgt berømte menneske og sjå om det stemmer at kjende menneske møter ein risiko for tidleg død, og då vil eg påstå at den beste måten er å plukke ut den bestemte gruppa menneske, seier Dufner.
Forsker Michael Dufner.
Foto: Volker Wiciok
Grunnen til at forskarane ikkje ønskte å samanlikne med den alminnelege befolkninga, sjølv om dette har blitt gjort tidlegare, er at dei meinte dei ikkje kunne samanlikne gruppene skikkeleg, fordi dei er ulike på så mange måtar
Når det gjeld kritikken retta mot at 648 songarar ikkje er nok for å kunne dra nokon slutningar, er tyskaren ueinig.
– Eg meiner at valet vårt av metode var riktig basert på spørsmålet vi ønskte å få svar på, seier Dufner og legg til:
– I tillegg hadde vi ei kontrollgruppe beståande av mindre suksessfulle songarar. Vi fann framleis effektar, så eg vil seie at det er sterke bevis for at det å vere berømt gjer ein forskjell likevel.
Blomsterhav utanfor bustaden til Amy Winehouse etter hennar død i 2011.
Foto: ApDen norske professoren peikar på at livsstilen til mange frå epoken studien undersøker, ikkje reflekterer dagens vanar.
– Eg trur tendensen til å bruke pengar på alkohol, narkotika og utsvevande livsstil har avtatt, seier Skirbekk.
Han etterlyser informasjon om faktorar som helse, inntekt og familieforhold – ting forskarane bak studien også innrømmer at dei manglar data på.
Dufner seier det ville vere interessant å studere helse og rikdom nærare. Han meiner desse faktorane sannsynlegvis er ein konsekvens av det å vere berømt, og difor lite sannsynlege til å endre det observerte mønsteret i studien.
Minnemerke etter Liam Payne (One Direction) der det er lagt ned blomster og brev.
Foto: AP– Studien viser også at berømte menneske er gjennomsnittleg rikare, men døyr tidlegare, noko som betyr at effekten av «fame» må vere sterkare enn effekten av rikdom. Difor treng vi ikkje fokusere på rikdom som ein variabel her.
Risikoen i Noreg
Skirbekk trur det ikkje er tydelege teikn til dette fenomenet blant norske kjende songarar, men at spesielt netthets og sosiale medium kan påverke dødelegheit i framtida.
– Dei fleste som er berømte i vårt samfunn får definitivt veldig mykje netthets, men korleis det påverkar dødelegheit veit eg ikkje heilt enda.
Hovudpoenget til Skirbekk er at det å vere berømt kan slå negativt ut for nokon, men positivt for andre.
– Dersom du er flink til å syngje, så er det mange andre faktorar som også skil deg frå andre menneske. Så det er ikkje sikkert at det er noko som helst med å vere berømt å gjere, seier Skirbekk.
Vidare forklarar han at det rett og slett kan handle om personlegdomen til berømte menneske.
– Dersom du vel å bli artist og tar store sjansar for å få ein hit, kan det også bety at du tar større risiko på andre område i livet.
Publisert 04.01.2026, kl. 12.06 Oppdatert 04.01.2026, kl. 12.11



















English (US)