Kva slags nasjon er det Asle Toje meiner vi skal vere villige til å ofre livet for?

2 hours ago 2



Eg har takka ja til fleire podkastar som ønskjer ein open samtale. Asle Toje har så langt takka nei, skriver Hilde Sandvik. Foto: Paul S. Amundsen

I fleire år har eg etterlyst svar på dei spørsmåla han no seier han ikkje har fått høve til å ytre seg om i Noreg.

Publisert: 29.12.2025 18:32

Etter å ha skrive side opp og side ned i samtale med Asle Toje i Vagant, tenkte eg at det var nok Toje for min del. At fleire no nærles tekstane hans og spør kvar tankegodset kjem frå, er bra – og nødvendig.

Samtidig er det blitt stadig vanskelegare å halde fast i rolla som reint analyserande utanrikskommentator når motbøra kjem. For under Tojes velpolerte overflate ligg eit gjennomgåande mønster: å seie at ein ikkje kan vere open om kva ein meiner, å takke nei til debatt og deretter å hevde seg knebla av «eliten».

Har takka nei, ikkje svart

Eg har takka ja til fleire podkastar som ønskjer ein open samtale. Asle Toje har så langt takka nei, vore i USA – eller ikkje svart på henvendelse. Samstundes har eg i fleire år etterlyst svar på nettopp dei spørsmåla han no seier han ikkje har fått høve til å ytre seg om i Noreg. Allereie i 2023 skreiv han at han ikkje kunne seie kva han meinte om Ukraina på Facebook. Eg oppmoda han den gongen fleire gonger til å vere tydeleg, fordi openheit er heilt avgjerande i spørsmål som handlar om krig og fred. Vi treng det.

Dagen etter at han publiserte sin tekst om Nasjonen, gjekk eg rundt juletreet i garden som har vore i slekta sidan 1600-talet. Vi var menneske frå 19 til 85 år. Nær halvparten rundt treet har gjort militærteneste, fleire er kristne, nokre er liberale, nokre konservative, nokre skeive, nokre med bakgrunn frå heilt andre delar av verda. Alle høyrer til her. Alle ser på seg sjølve som del av Noreg. Og eg veit at fleire av dei ville vore villige til å forsvare retten til at nettopp dette fellesskapet finst.

Kva slags nasjon?

Det var då eg byrja å lure på kva slags nasjon det eigentleg er Toje meiner vi skal vere villige til å ofre livet for, og kven som er ein del av denne nasjonen. Bror min ville truleg ha passert etter dei fleste målestokkar. Kristen er han også. Men det avgjerande er dette: Eg veit at han ville ha gått i krigen for oss andres rett til å vere der i all vår ulikskap. I eit land med ei av verdas mest progressive grunnlover etter si tid, er det ikkje nettopp det vi i så fall skal slåss for?

Så: Her er spørsmåla eg gjerne vil stille Toje om han ein gong tør møte meg i samtale.

1. Meiner du at Ukrainas forsvarskrig mot Russland er legitim, og at norsk militær og økonomisk støtte er rett – ja eller nei?

2. Når du kallar krigen i Ukraina ein stadfortredarkrig: Kven meiner du krigar på vegner av kven, og med kva mål?

3. Kva fellesskap meiner du det er legitimt å be unge menneske ofre livet for – og kvifor inngår ikkje Ukraina i dette fellesskapet?

4. Du har sagt at du ikkje kunne seie kva du meinte om Ukraina. Kva konkret var det du ønskte å seie, som du meiner ikkje kunne seiast offentleg i Noreg?

5. Du seier at norske leiarar manglar legitimitet til å be om offervilje. Kva er i så fall ditt alternativ til dagens politiske og tryggingspolitiske avgjerdssystem?

6. Er ditt syn på krigen i Ukraina først og fremst normativt, strategisk eller sivilisatorisk grunngitt?

7. Meiner du at norsk støtte til Ukraina styrkjer eller svekkjer norsk og europeisk tryggleik på lang sikt?

8. Kva ansvar meiner du ligg hos Russland for krigen slik han faktisk blir ført i dag?

9. Dersom Europa ikkje bør bere kostnadene ved å støtte Ukraina militært, kva meiner du er det realistiske utfallet av ein russisk siger?

10. Kva meiner du konkret med at norske elitar «snakkar krig utan å ha soldatane» – er dette ein kritikk av demokratisk vedtatte avgjerder, av Forsvaret, eller av sjølve alliansesystemet?

Teksten er først publisert på Hilde Sandviks Facebook-side.

Read Entire Article